Ny epoke for jorda
Planeten vi bur på, har eksistert i 4,6 milliardar år, og mykje har forandra seg på den tida. Verdsdelane har flytta på seg, klimaet har forandra seg, artar har kome og gått – og mennesket har oppstått. Spor etter alt dette ser vi i fossil og ulike stoff som finst i jorda. Geologar, som er ekspertar på jordas utvikling, kan på den måten dele planeten si historie inn i tidsepokar.
Flyfoto av Hengifoss i Fljótsdalshreppur, Øst-Island
Holocen – «heilt nyleg»
Tidsepokane trias, jura og krit – då dinosaurane levde – har mange høyrt om. I dag lever vi i det som blir kalla holocen. Det betyr «heilt nyleg». Denne perioden begynte for 11 700 år sidan, etter den siste store istida. Klimaet har for det meste vore det same i denne perioden. Det har gjort det mogleg for oss å planleggje framtida og forbetre liva våre ved å dyrke jorda, skaffe energi på nye måtar og byggje byar.
⬅ Mammuten døydde ut omtrent midt i holocen.
To mammuter som slåss med hverandre i en vinterlandskap
Et gammel damplokomotiv
3D illustrasjon av plast som flytter i åpent hav
Raske endringar
Uansett om vi kan finne ei bestemt grense eller ikkje, kan vi ikkje nekte for at mennesket har påverka miljøet. Vi har berre eksistert på jorda i kort tid, men på den tida har vi greidd å forandre planeten mykje raskare enn endringane som har skjedd tidlegare. Det har skjedd større forandringar dei siste 100 åra enn det har dei 250 000 åra før det. Det er ingen teikn til at vi bremsar ned.
Bilde av en forsker som analyserer og bruker en dråpeteller med andre vitenskapelige elementer
Større forskjellar
Men sjølv om liva våre stort sett er i ferd med å bli betre, har forskjellane mellom menneske vorte større. Mange menneske i fattige land er tvinga til å ta dårleg betalte jobbar der dei lagar ting til rike land. Viss alle skulle hatt det like trygt og godt som oss, ville det berre ha vore plass til 2–3 milliardar menneske på kloden. Befolkninga i verda har stige frå 1 milliard til over 7 milliardar sidan 1800-talet.
Slummen i Nairobi, Kenya.
Overfolking
Den raske auken i talet på menneske har veldig stor innverknad på miljøet. Vi har endra over halvparten av landjorda ved å rydde skog, byggje byar og demme opp elvar. Talet på ulike dyr og plantar har derfor vorte mykje mindre over heile jorda.
⬅ I Hong Kong bur innbyggjarane veldig tett.
Eksempel på hvor tett innbyggere bor i Hong Kong med følge av overbefolkning
Isfjell, Antarktis
Forureining av vatn
Dagens jordbruk fører òg til at vatn, elvar og hav blir forureina av overflødig gjødsel. Gjødsla renn ut i vatnet og gjer at det veks fram giftig plankton, som kan drepe fisk, skaldyr og andre dyr som lever i sjøen.
Hva vil fremtidens geologer bruke som kjennetegn på antropocen
Dame som holder en globus med et munnbind med et hjerte tegnet i midten
Kjelder:
- Historien om mennesket – Junior (2020)
Orage Forlag AS
- Aftenposten (23.06.2020): Derfor ble mammuten utryddet
https://www.aftenposten.no/verden/i/9mgKr/derfor-ble-mammuten-utryddet?
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Howard Hughes Medical Institute
-
Getty Images
-