Våpenbasert vitskap
Heilt sidan 1917 har forskarar og militæret jobba med å byggje våpen med vitskapen. Det har ført til nokre av dei mest øydeleggjande angrepa i menneskets historie.
Atomkappløpet startar
I 1945 vart to amerikanske atombomber, kalla «Little Boy» og «Fat Man», sleppte over to japanske byar, Hiroshima og Nagasaki. Desse bombene førte til at andre verdskrig tok slutt. USA vart sett på som ei mektig atommakt på den tida, og dei hadde vist den militære makta si for verda. Etter dette starta våpenkappløpet mellom USA og Sovjetunionen, landet som i dag heiter Russland.
⬅ Atombombekuppelen A-Bomb Dome i Hiroshima var den einaste bygningen som ikkje vart heilt øydelagd av bombenedslaget den 6. august 1945. I dag fungerer han som eit minnesmerke for alle som omkom.
Atombombekuppelen A-Bomb Dome i Hiroshima var den eneste bygningen i hjertet av bombenedslaget som ikke ble jevnet med jorden. I dag fungerer den som et minnesmerke for alle som omkom under angrepet den 6. august 1945
Nuclear Bomb Explosion, Baker Day Test, Bikini, 25th July 1946
Bygging av A-bomba
Etter at dei tyske vitskapsmennene Otto Hahn og Fritz Strassmann oppdaga kjernefysisk fisjon i 1938, var USA redd for at Tyskland skulle klare å utvikle den første atombomba.
For å stoppe dette, samla USAs president saman ei gruppe med vitskapsfolk og militærekspertar, kalla Urankomiteen. Tre år seinare hadde dei skapt atombomba.
Kjernefysisk aktivitet oppstår når atom blir skilde (fisjon), og smelta saman (fusjon), i ein prosess som frigjer energi.
⬅ Utstyret Hahn og Strassmann brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon, står utstilt på Deutsches Museum i München, Tyskland.
Utstyret Hahn og Strassmann brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon står utstilt på Deutsches Museum i München
Storbritannia testar i Australia
Mellom 1952 og 1963 gjorde Storbritannia ei rekkje kjernefysiske testar i Australia, med løyve frå styresmaktene.
12 store atombomber vart testa. Britane brukte mange år på å rydde opp i alt som hadde vorte øydelagt på grunn av desse testane. I 1967 fjerna og gravla dei avfall og restar.
Trass i denne jobben er landskapet framleis ikkje heilt friskt 60 år seinare. Dyrelivet har framleis ikkje kome tilbake til desse forureina områda.
⬅ Nokre av Storbritannias atomprøvesprengingar vart utførte på Montebello-øyane utanfor vestkysten av Australia.
Monte Bello utenfor Australias vestkyst ble brukt som område for atomprøvesprengninger av Storbritannia
Et skilt som beskriver radioaktiv stråling
Trusselen i dag
Russland og USA har rundt ti gongar fleire atombomber enn resten av verda til saman.
Russland: 6490
USA: 5800
Frankrike: 300
Kina: 290
Storbritannia: 215
Pakistan: 150
India: 130
Israel: 80
Nord-Korea: 20
Stridshoder
Kjelder:
- Historie og vitenskap (2020)
Orage Forlag AS
- Wikipedia (25.06.2020): Våpenkappløp
https://no.wikipedia.org/wiki/Våpenkappløp
- Wikipedia (25.06.2020): Atombombekuppelen
https://no.wikipedia.org/wiki/Atombombekuppelen
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
brewbooks – Flickr
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-