Våpenbasert vitskap
Heilt sidan 1917 har forskarar og militæret brukt vitskapen til å byggje våpen. Det har ført til nokre av dei farlegaste angrepa i menneskets historie.
Atomkappløpet startar
1945 vart to amerikanske atombomber sleppte over to japanske byar, Hiroshima og Nagasaki. Det vart slutten på andre verdskrigen. USA hadde på denne måten vist den militære makta si for verda. Etter dette starta eit våpenkappløp mellom USA og Sovjetunionen, landet som i dag heiter Russland.
Eit våpenkappløp er når to grupper eller land skaffar seg eller lagar fleire våpen og førebur militæret sitt på krig. Det kallar vi eit kappløp fordi det er to land som prøver å vere sterkast og ha mest våpen.
⬅ Atombombekuppelen i Hiroshima var den einaste bygningen som ikkje vart heilt øydelagd av bombenedslaget i 1945. I dag fungerer han som eit minnesmerke for alle som døydde.
Atombombekuppelen A-Bomb Dome i Hiroshima var den eneste bygningen i hjertet av bombenedslaget som ikke ble jevnet med jorden. I dag fungerer den som et minnesmerke for alle som omkom under angrepet den 6. august 1945
Nuclear Bomb Explosion, Baker Day Test, Bikini, 25th July 1946
Bygging av A-bomba
Etter at tyske vitskapsmenn oppdaga kjernefysisk fisjon i 1938, vart USA redd for at Tyskland skulle klare å lage den første atombomba. For å stoppe dette, samla USAs president ei gruppe med vitskapsfolk og militærekspertar. Tre år seinare hadde dei skapt atombomba. Kjernefysisk aktivitet betyr at ein frigjer energi gjennom deling (fisjon) eller samansmelting (fusjon) av atom.
⬅ Utstyret tyskarane brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon, står utstilt på eit museum i Tyskland.
Utstyret Hahn og Strassmann brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon står utstilt på Deutsches Museum i München
Storbritannia testar i Australia
Mellom 1952 og 1963 testa Storbritannia 12 store atombomber i Australia, med løyve frå styresmaktene. Britane brukte mange år på å rydde opp i alt som hadde vorte øydelagt på grunn av desse testane.
Trass i denne jobben er landskapet framleis ikkje heilt friskt 60 år seinare. Dyrelivet har enno ikkje komme tilbake til desse forureina områda.
⬅ Nokre av Storbritannias atomprøvesprengingar vart gjort på Montebello-øyane utanfor vestkysten av Australia.
Monte Bello utenfor Australias vestkyst ble brukt som område for atomprøvesprengninger av Storbritannia
Et skilt som beskriver radioaktiv stråling
Kjelder:
- Historie og vitenskap (2020)
Orage Forlag AS
- Wikipedia (25.06.2020): Våpenkappløp
https://no.wikipedia.org/wiki/Våpenkappløp
- Wikipedia (25.06.2020): Atombombekuppelen
https://no.wikipedia.org/wiki/Atombombekuppelen
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
brewbooks – Flickr
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-