Bier og geometri

Biene produserer honning som vi menneske har stor nytte og glede av. Mange liker til dømes honning i teen når dei er forkjølte. Honningen blir laga i bikubar, og det er ikkje heilt tilfeldig korleis dei blir bygde.

Bier har nemleg forstått at den perfekte måten å byggje bikubar på er med hjelp av den geometriske forma heksagon. Den sekskanta figuren utnyttar plassen svært godt når ein skal byggje noko.

Heksagon

I geometri er heksagon ein figur med seks hjørne og seks kantar. Med denne figuren kan biene utnytte plassen inne i bikuben heilt perfekt.

Her ser du korleis du kan konstruere ein heksagon som er symmetrisk.

Konstruksjon av heksagon
Bikuber
Bikuber

Naturen elskar heksagonar

I denne videoen kan du lære meir om heksagon. Videoen er teksta på engelsk,  men du kan gå på innstillingar (tannhjulet) for å velje norsk undertekst. Vel teksting – oversett automatisk – norsk.

Kjelder:

  • Dahle, Bjørn: bikube i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. februar 2022 frå https://snl.no/bikube

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. YouTube