Bli ein økokrigar
Miljøforkjemparar over heile verda prøver å redde jorda vår. Tanken på å miste gorillaer, havskilpadder og nashorn gjer oss triste. Å redde jorda er ikkje berre ein jobb for dei med mykje makt. Små økokrigarar som eg og du kan også gjere ein forskjell!
Rotete hagar er attraktive heimar
Du kan hjelpe planeten ved å rydde mindre i hagen. Litt ugras, ei blomsterpotte opp ned eller litt nedfallsfrukt lokkar til seg eit yrande dyreliv.
Unngå gift
I staden for å bruke gift er det andre metodar for å fjerne uønskte gjestar i hagen. Unngår du å bruke gift, reduserer du utslepp av karbondioksid.
⬅ Graslauk, basilikum og kvitlauk held skadedyra unna og kan brukast til matlaging også, så ingenting går til spille, og jorda blir ikkje forureina.
Hvitløk
Lat det blomstre
Ta ein titt på blomstrane i hagen. Er dei dekte av bier og sommerfuglar? Viss svaret er nei, då har du ikkje plantar som lokkar insekta til seg. Insekt og sommerfuglar elskar høgt gras og blomsterenger. Så lat noko stå igjen når du klipper graset.
Bygg eit insekthotell
Bygg eit insekthotell av brukte materialar. Du kan bruke øydelagde blomsterpotter, treverk, furukongler og gamle røyr. Berre sørg for at det er hol i ulike storleikar der gjestane dine kan krype inn. Før du veit ordet av det, hjelper du planeten.
Kjelder:
- Historie & vitenskap (nr. 2/2020)
Orage Forlag AS
- NAOB (16.06.2020): erosjon
https://naob.no/ordbok/erosjon
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
NRK Unormal – YouTube
-
Peter Scott / The Art Agency
-
Getty Images
-