Bli ein økokrigar

Tru det eller ei, men du kan vere med på å redde planeten utan å dra heimanfrå.

Accessibility icon Bli ein økokrigar

Bli ein økokrigar 

Miljøforkjemparar over heile verda prøver å redde jorda vår. Tanken på å miste gorillaer, havskilpadder og nashorn gjer oss triste. Å redde jorda er ikkje berre ein jobb for dei med mykje makt. Små økokrigarar som eg og du kan også gjere ein forskjell!

Verdifulle insekt

Dei små insekta treng også hjelp. Mange av insekta pollinerer plantane våre, slik at det kan vekse frukt og grønsaker. Mange av desse artane er trua av utrydding. Det er på høg tid at vi reagerer!

Start i eigen hage

Sjølv om du ikkje har eigen regnskog, eller eit korallrev, har du kanskje tilgang på ein hage. Med enkle grep kan du gjere dette til ein god heim for dyrelivet. Å bli ein økøkrigar i hagen krev at du gjer smarte val!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Rotete hagar er attraktive heimar 

Du kan hjelpe planeten ved å rydde mindre i hagen. Litt ugras, ei blomsterpotte opp ned eller litt nedfallsfrukt lokkar til seg eit yrande dyreliv.

Unngå gift

I staden for å bruke gift er det andre metodar for å fjerne uønskte gjestar i hagen. Unngår du å bruke gift, reduserer du utslepp av karbondioksid.

⬅   Graslauk, basilikum og kvitlauk held skadedyra unna og kan brukast til matlaging også, så ingenting går til spille, og jorda blir ikkje forureina.  

Hvitløk
Hvitløk

Lat det blomstre

Ta ein titt på blomstrane i hagen. Er dei dekte av bier og sommerfuglar? Viss svaret er nei, då har du ikkje plantar som lokkar insekta til seg. Insekt og sommerfuglar elskar høgt gras og blomsterenger. Så lat noko stå igjen når du klipper graset.

Bygg eit insekthotell

Bygg eit insekthotell av brukte materialar. Du kan bruke øydelagde blomsterpotter, treverk, furukongler og gamle røyr. Berre sørg for at det er hol i ulike storleikar der gjestane dine kan krype inn. Før du veit ordet av det, hjelper du planeten.

Safarihage 

Å lage sin eigen insektsvennlege hage treng ikkje å vere dyrt eller vanskeleg.

1. Fuglehotell
Heng opp fuglekassar på stader der det er trygt for fuglane.

2. Hemmelege inngangar
Små opningar under gjerdet gjer at små dyr kan gå ut og inn, til dømes pinnsvin.

3. Klatreplantar
Kaprifolen lokkar til seg pollinatorar.

4. Ein dam
Ein liten dam lokkar til seg fuglar og insekt. Dammen gjer også at det blir mindre karbondioksid i lufta.

5. Insektholer
Små holrom blant steinane gir insekta ein stad å bu. Småkryp kan bruke steinane for å komme seg ned til vatnet.

6. Tre
Tre gjer luftkvaliteten betre og gir skygge og ly.

7. Eit uryddig uthus
Eit falleferdig skur er perfekt for edderkoppar, mus og saksedyr som søkjer ly for regnet.

8. Ein litt rufsete plen
Ugras i plenen som kløver og løvetann sørgjer for viktig pollen til humler og bier. Unngå å klippe plenen for kort.

9. Katt med bjølle
Pass på at katten din har på seg bjølle, slik at dyra i hagen veit når han kjem.

10. Ein uryddig hellegang
Mellom hellene i hagen kan det vekse villblomstrar, og skrukketroll trivst i mørke holrom.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Det svarte gullet i hagen

Kompost (jord) består av kvistar, hageavfall og matrestar som rotnar.  Mykje av det vi kastar i søpla, kunne ha vore brukt til miljøvennleg kompost.

Kompost kan brukast som gjødsel slik at plantar og tre får tilført viktige næringsstoff. Kompost kan også brukast for at jorda ikkje skal tørke ut.

Det er enkelt og billig å lage sin eigen kompost. Set ein behaldar utan botn rett på jorda. Legg små kvistar i botnen, så eit lag med gras. Deretter eit lag med visne blad. Vatne viss det blir for tørt, og grav i haugen for å få inn luft.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Historie & vitenskap (nr. 2/2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK
    7. NRK Unormal YouTube
    8. Peter Scott / The Art Agency
    9. Getty Images