Då Noreg fekk ny arbeidskraft

På 1960-talet flytta det mange nye menneske til Noreg. Dei flykta ikkje frå krig, men kom for å jobbe. Kven var dei eigentleg, og kvifor kom dei til kalde Noreg?

En øde veistrekning i et snødekt landskap
En øde veistrekning i et snødekt landskap

Gullalderen

Etter 2. verdskrigen vart det betre tider for folk flest i Noreg. Mange såg positivt på framtida.

Etter mange år med krig måtte ein byggje landet opp igjen. Det tok litt tid, men på 1950- og 1960-talet var Noreg i gang med lønnsam industri. Det vart produsert og selt jern og lasteskip. Norske handelsskip frakta varer over heile verda. Mange land kjøpte òg mykje fisk.

På slutten av 1960-talet vart det funne olje i Nordsjøen. Verda hadde behov for olje, og Noreg vart et rikt land. Derfor blir 1960-åra kalla industriens gullalder.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nærbilde av en gullklump
Nærbilde av en gullklump

Stort behov for arbeidskraft

Alle som ville, kunne komme til Noreg for å jobbe. Det var behov for mange arbeidarar. Fram til 1960 kom det nesten berre menneske frå nordiske land som Sverige og Danmark.

Etter kvart kom det òg menneske frå Aust-Europa. Fleire land undertrykte befolkninga, og det var farleg å bu der. Likevel var det få menneske som kom til Noreg for å jobbe.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mann med arbeidsklær og hjelm på en byggeplass
Mann med arbeidsklær og hjelm på en byggeplass

Framandarbeidarane kjem

På slutten av 1960-talet kom det arbeidssøkjarar frå land lenger unna. Populære land som Danmark og Vest-Tyskland stengde grensene for innvandring. Då vart Noreg meir attraktivt.

I oktober 1968 kom dei første pakistanarane til Noreg. Det var starten på ei større innvandring frå fattige land i Asia og Afrika.

Det var først og framst unge menn som kom for å søkje arbeid. Mange håpa å få eit betre liv her. Det kom fleire tusen til Noreg for å finne arbeid.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pakistaner foran et telt på Ekeberg Camping
Pakistaner foran et telt på Ekeberg Camping

Kva slags arbeid tok dei?

Mange framandarbeidarar tok jobbane nordmenn ikkje ville ha. Spesielt på fabrikkar, i restaurantar og på hotell. På Grand Hotel i Oslo i 1967 jobba det folk frå 21 nasjonar.

Dei fleste framandarbeidarane hadde inga utdanning. Dei var ufaglærte. Dermed fekk dei jobbar med låg lønn. Ofte som sjåførar, vaskehjelp eller tilsette i butikkar. Nokre starta sin eigen matbutikk eller restaurant.

På grunn av språkvanskar kunne det vere vanskeleg å få seg jobb. Sjølv med god utdanning frå heimlandet. Samtidig var det mange som mangla bevis på at dei hadde ei utdanning.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fremmedarbeider i arbeid på Elkem-Spigerverket AS, 5. februar 1976.
Fremmedarbeider i arbeid på Elkem-Spigerverket AS, 5. februar 1976.

Vanskelege arbeidsforhold

Sjølv med jobb møtte framandarbeidarane mange vanskar. Ein ting var språket. Noko anna var låge lønningar og dårlege buforhold. Nokre jobba meir enn dei fekk betalt for.

Arbeidsgivaren hadde ikkje noko ansvar for å hjelpe den tilsette utanfor arbeidstida. Arbeidarane måtte dermed klare seg så godt dei kunne. Nokre endte opp med å sove under open himmel i parken. Nokre stader fekk dei ikkje lov til å ete saman med dei andre tilsette. Dermed var det heller ikkje lett å bli kjend med nokon. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
📸  Dei første pakistanske framandarbeidarane budde på Majorstua skule. Dei arbeidslause og heimlause pakistanarane var redde for å komme i avisa eller på TV.
Pakistanere i 1971 som sover på skole
Pakistanere i 1971 som sover på skole

Fagforeiningar tar grep

Fagforeiningar skal hjelpe dei som jobbar, men framandarbeidarane fekk lite hjelp. Hotell- og restaurantforbundet var dei første til å hjelpe. Noko av det viktigaste var å omsetje viktig informasjon til fleire språk. Då kunne arbeidarane forstå lovene og kva for rettar dei hadde. Ikkje minst når det galdt lønn og arbeidstid.

1.maitog 1973 arbeidere går i tog
1.maitog 1973 arbeidere går i tog

Sesongarbeid eller
permanent opphald?

Dei fleste trudde at framandarbeidarane ville reise heim igjen. Men mange ønskte å bli i Noreg. Dei fekk venner, følte seg tryggare og fekk utdanning. Andre jobba nokre sesongar før dei reiste heim med oppsparte pengar.

Utlendingar kunne komme fritt til Noreg for å finne ein jobb. Frå hausten 1971 måtte dei søkje om løyve før dei kom til landet for å jobbe. Alt måtte bli ordna med ein arbeidsgivar før søknaden vart send frå  heimlandet til framandarbeidarane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
📸  Farhat A. Chaudhry på norskopplæring på slutten av 1970-talet. Farhat tok teknisk fagskule og jobba i luftforsvaret i 24 år. I tillegg har han fullført politihøgskulen og jobbar i dag med eige firma.
Pakistaner sitter ved et bord og studerer
Pakistaner sitter ved et bord og studerer

Innvandringsstopp

1. februar 1975 vart grensene førebels stengde for innvandring. Det var ikkje like stort behov for ufaglærte arbeidarar. No var det større behov for spesialistar i oljebransjen.

Innvandringa kunne bli ganske uoversiktleg for staten. Dei trong tid og pengar for å finne gode løysingar. Ikkje minst for dei som ønskte å ta med heile familien til Noreg. Det vi kallar familiegjenforeining.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Plattform i stille vær - Statfjord B
Plattform i stille vær - Statfjord B

Eit kulturelt mangfald

Framandarbeidarane viste oss kunst og kultur som var annleis enn den norske. Nordmenn vart kjende med eit mangfald av nye matrettar. Kva for mat frå Asia eller Aust-Europa et du?

Dei fleste ufaglærte framandarbeidarane busatte seg i Oslo. Barna begynte på norske skular. I oljebyen Stavanger busette det seg spesialistar frå USA og Frankrike. Her vart det oppretta eigne amerikanske og franske skular.

Mange arbeidsinnvandrarar vart ein naturleg del av den norske kvardagen. Dei fekk norsk statsborgarskap og stifta familie. Slik vart Noreg eit  fleirkulturelt land i løpet av kort tid.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bilde fra den franske skolen på Kampen i Stavanger
Bilde fra den franske skolen på Kampen i Stavanger

Den viktige arbeidskrafta

Då Noreg hadde ekstra stort behov for arbeidskraft, kom hjelpa frå andre land. Nokre hadde kunnskap som vi mangla. Andre tok jobbar som nordmenn ikkje ville ha. Spesielt innan hotell- og restaurantbransjen. Ein tredjedel av framandarbeidarane jobba der.

Korleis er det i dag? Er det vesle landet vårt framleis avhengig av arbeidskraft frå utlandet?

Arbeidere i oppvasken på en restaurant, juli 1971.
Arbeidere i oppvasken på en restaurant, juli 1971.

Kjelder:

  • Korbøl, Aud; Midtbøen, Arnfinn H.:
    Den kritiske fase: Innvandring til Norge fra Pakistan 1970-1973 (2018)
    Oslo. Universitetsforlaget.

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Terje Akerhaug / Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
    5. NTB Scanpix
    6. Ole A. Christiansen / Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
    7. Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
    8. Norsk oljemuseum
    9. Elf Aquitaine Norge AS / Norsk Oljemuseum
    10. Terje Akerhaug / Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek