Dei aller første busetjarane
Ville du budd i eit hus laga av gjørme tørka i sola? Sannsynlegvis ikkje. Men dei første busetjarane måtte ta til takke med det. Frå å vere nomadar, alltid på jakt etter mat, byrja dei første menneska å busetje seg permanent for meir enn 10 000 år sidan.
Yngre steinalder
Dei første menneska var nomadar som vandra frå stad til stad på jakt etter mat og vatn. Små grupper laga seg primitive tilhaldsstadar i holer i ly for regnet, og dei drog vidare i takt med årstidene eller for å følgja etter dyreflokkane dei jakta på. Slik levde menneska i tusenvis av år, heilt til dei byrja å dyrka jorda for rundt 12 000 år sidan. Då byrja ei ny tid – yngre steinalder, også kalla neolittisk tid.
Dei første husa
Då folk oppdaga at dei kunne dyrka mat og halda husdyr, byrja dei å byggja hus og busetja seg fast. Husa blei bygde av alle slags tilgjengelege naturmaterialar, men oftast leire. Ei blanding av leire, halm og kumøkk blei klint på eit flettverk av kvistar – det gav sterke og tette veggar som heldt bebuarane varme og tørre. Der det ikkje fanst tre, til dømes på Orknøyene, blei både hus og møbel bygde av stein.
Neolithic house
Dei første byane
Çatalhöyük i Tyrkia er bygd av murstein laga av gjørme som fekk tørka i sola. Dette er ei av dei største busetjingane som er oppdaga. Her har det truleg budd 8000 menneske. Husa låg nær myrområde der folk henta vatn og byggjematerialar. Å bu så mange saman gav vern mot fiendar, og folk kunne dela på arbeidet og delta i felles ritual.
⬅ Çatalhöyük er på verdsarvlista til UNESCO og er i dag eit område med høg arkeologisk aktivitet.
Çatalhöyük er på UNESCOs verdensarvliste, og er i dag et område med høy arkeologisk aktivitet
Illustrasjon av Çatalhöyük
Grunnlaget for sivilisasjonen
Livet var framleis ganske enkelt i steinalderbyane, men folk likte å leva på denne måten, og det skulle leggja grunnlaget for samfunnet vårt slik me kjenner det.
Skara Brae er en forhistorisk bosetning i Bay of Skaill på vestkysten av øya Mainland på Orknøyene, Skottland
Papirbakgrunn 8
Kjelder:
- Historien om mennesket – Junior (2020)
Orage Forlag AS
- Çatalhöyük Research Project (17.07.2020)
http://www.catalhoyuk.com/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-