Dei aller første busetjarane

Ville du budd i eit hus laga av gjørme tørka i sola? Sannsynlegvis ikkje. Men dei første busetjarane måtte ta til takke med det. Frå å vere nomadar, alltid på jakt etter mat, byrja dei første menneska å busetje seg permanent for meir enn 10 000 år sidan.

Accessibility icon Dei aller første busetjarane

Yngre steinalder

Dei første menneska vandra frå stad til stad på jakt etter mat og vatn. Små grupper laga seg enkle bustadar i holer eller under fjellhyller, og dei drog vidare i takt med årstidene eller for å følgja etter dyreflokkane dei jakta på. Slik levde menneska i mange tusen år, heilt til dei byrja å dyrka jorda for rundt 12 000 år sidan. Då byrja ei ny tid som me kallar den yngre steinalderen.

Mesolithic man, gathering around fire in family groups and building dwellings

Dei første husa

Då folk oppdaga at dei kunne dyrka mat og halda husdyr, byrja dei å byggja hus og bu fast på ein stad. Husa blei bygde av alle slags ting frå naturen, men oftast leire. Ei blanding av leire, halm og kumøkk blei klint på eit flettverk av kvistar – det gav sterke og tette veggar som heldt dei som budde der varme og tørre. Der det ikkje fanst tre, til dømes på Orknøyene, blei både hus og møbel bygde av stein.

Neolithic house
Neolithic house

Dei første byane

Çatalhöyük i Tyrkia er bygd av murstein laga av gjørme som fekk tørka i sola. Dette er ei av dei største busetjingane som er oppdaga. Her har det truleg budd 8000 menneske. Husa låg nær myrområde der folk henta vatn og byggjematerialar. Å bu så mange saman verna dei mot fiendar, og folk kunne dela på arbeidet.

⬅  Çatalhöyük er på verdsarvlista til UNESCO og er i dag eit område kor mange arkeologar driv med utgravingar. 

Çatalhöyük er på UNESCOs verdensarvliste, og er i dag et område med høy arkeologisk aktivitet
Çatalhöyük er på UNESCOs verdensarvliste, og er i dag et område med høy arkeologisk aktivitet

Hardt byliv i Çatalhöyük

Çatalhöyük var ein av dei første byane i verda, men innbyggjarane oppførte seg ikkje spesielt bra. Byen blei overfolka, og det førte til vald. På hovudskallar har ein funne slagskadar og brot som har grodd. Mange av offera var kvinner. Leirkuler som er funne på staden ser ut til å passa til skadane, og dei kan ha blitt brukte som kuler i ein sprettert. Det at folk og dyr budde så tett, kan også ha gjeve ein auke i fare for sjukdommar.

Illustrasjon av Çatalhöyük
Illustrasjon av Çatalhöyük

Grunnlaget for sivilisasjonen

Livet var framleis ganske enkelt i steinalderbyane, men folk likte å leva på denne måten, og det skulle leggja grunnlaget for samfunnet vårt slik me kjenner det.

Skara Brae er en forhistorisk bosetning i Bay of Skaill på vestkysten av øya Mainland på Orknøyene, Skottland
Skara Brae er en forhistorisk bosetning i Bay of Skaill på vestkysten av øya Mainland på Orknøyene, Skottland

Dagleglivet

Handarbeid: Stoff til klede og teppe blei vovne på golvvev. Matter blei vovne av siv.

Gravferder heime: Folk gravla dei daude under golvet i huset sitt.

Dei første bøndene: Dei brukte det meste av tida på å dyrka jorda, men sanka også frukt.

Byggjematerialar: Husa blei bygde av leire som tørka og hardna i sola. Veggane var 50 centimeter tjukke og over 2 meter høge.

Matlaging: Bålet låg ved inngangen i taket, så røyken kunne siva ut. Dette «skitne» området var åtskilt frå den reine sona i huset.

Kjøt: Sauar, geiter og etter kvart også kveg blei temde og gav både kjøt, ull og mjølk.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Kjelder:

  • Historien om mennesket – Junior (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images