Dei høgaste bygningane i verda
Det krevst mykje ingeniørkunnskap for å bygga ufatteleg høge bygningar. Kor høgt kan ein eigentleg bygga?
Verdas høgaste
Den høgaste bygningen i verda er for tida skyskraparen Burj Khalifa i Dubai. Han er 828 meter høg. Men Jeddah Tower, som er under bygging i byen Jeddah i Saudi-Arabia, vil vera over 1000 meter høg når han er ferdig. Det blir den første bygningen som ragar meir enn ein kilometer over bakken.
Kva er mogleg?
Kor høge skyskraparar er det eigentleg mogleg å bygga? Det vil vera vanskeleg, men kanskje ikkje umogleg, å bygga eit tårn som er over 2000 meter høgt – like høgt som ti vanlege skyskraparar oppå kvarandre. Det er likevel mykje som er vanskeleg viss ein vil bygga slike megahøge bygningar.
Veldig langt opp
Ei anna stor utfordring er å komma seg til toppen av bygningen. Ein skyskrapar på over ein kilometer treng over 3000 trappetrinn. Heisane må gå superfort. Viss ikkje tar det veldig lang tid å komma seg opp og ned. Nokre heisar går i 69 kilometer i timen. I den farten fyk ein heispassasjer opp eller ned i ein fart på fem etasjar i sekundet.
Topp 10
Sjå kva ti skyskraparar som akkurat no er dei høgaste i verda. Kor mange av dei har du høyrt om?
Kjelder:
- Spennende vitenskap – Junior (2020)
Orage Forlag AS
- Financial Times (23.09.2020): The secret life of a skyscraper
https://ig.ft.com/sites/shard-skyscraper-secret-life/
Bilet- og videorettar
-
Shutterstock
-
Getty Images
-
Shutterstock
-
Getty Images
-
Getty Images
-
The B1M – Youtube