Dei ortodokse kyrkjene

Berre den romersk-katolske kyrkja er større enn dei ortodokse kyrkjene. Den mest utbreidde av dei ortodokse kyrkjene i dag, er den russisk-ortodokse kyrkje.

Den kristne kyrkja vart splitta i år 1054, under det som blir kalla “det store skismaet”. Paven i Roma og patriarken i Konstantinopel skilde lag.

Patriark – er namnet på overhovudet i den ortodokse kyrkja. Sidan den ortodokse kyrkja består av fleire sjølvstendige kyrkjer, er det òg fleire patriarkar. I den katolske kyrkja er det berre éin pave.

Konstantinopel –  er byen Istanbul i dagens Tyrkia.

Skisma – er eit gresk ord som betyr kløft/deling/uesemje.

Historisk er dei ortodokse kyrkjene knytte til patriarkane i Konstantinopel (Tyrkia), Alexandria (Egypt), Antiokia (Syria), Jerusalem og Roma. Desse fem dannar oldkyrkja /strong>, som kanskje vart oppretta av disiplane til Jesus.

Ordet ortodoks betyr rett tilbeding. Dei ortodokse kristne meiner dei trur på den rette måten, slik dei første kristne gjorde. Det same gjeld gudstenestene. I ei ortodoks gudsteneste er det alltid nattverd, skriftlesing, bøn, song og røykjelse. Røykjelsen blir brukt som eit offer til Gud.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Sakramenta

Dei ortodokse kyrkjene har dei same sju sakramenta som den katolske kyrkja: nattverd, dåp, vigsel, konfirmasjon, skriftemål, salving av sjuke og ordinasjon. Sakrament betyr heilag handling.

Nattverd og dåp blir sett på som dei to viktigaste sakramenta.

Nattverd

Nattverden blir gjennomført i alle ortodokse gudstenester. Under nattverden – kommunion – blir det delt ut vin og syra (gjæra) brød. Ifølge ortodoks tru blir vin og brød til Jesu blod og lekam (kropp).

Dåp

I dåpen blir ein Guds barn. Gjennom dåpen blir òg arvesynda vaska bort.

Måten ein døyper barn på varierer i ulike kyrkjesamfunn. Nokon tek berre litt vatn på hovudet til barnet, medan andre praktiserer full neddukking. Det siste er mest vanleg i ortodokse kyrkjer. Ved full neddukking i vatn vil heile kroppen bli reinsa for synd. Alle barn blir dukka tre gongar, som eit symbol på treeininga.

Vigsel

Å gifte seg er ei storhending for ortodokse kristne. Ifølgje Gud er ikkje mennesket skapt til å vere åleine, men til å leve saman med familien sin. Dette tolkar dei ut frå forteljinga om då Gud skapte dei første menneska på jorda, Adam og Eva.

Konfirmasjon

Dei ortodokse kristne gjennomfører som oftast konfirmasjonen – krismeringa – samtidig med dåpen. Presten salvar dåpsbarnet med korsteiknet på panna til barnet, auge, øyre, nasebor, brystkasse, rygg, hender og føter.

I nokre ortodokse samfunn blir det gjennomført ei “ungdomsvelsigning” når barna er 14-15 år gamle. Dette er berre bøn for den enkelte, og ikkje ei konfirmasjonshandling.

Skriftemål

Under skriftemål erkjenner den kristne syndene sine. Dei ortodokse blir oppfordra til å skrifte med jamne mellomrom.

Sjukesalving

Presten salvar den sjuke med heilag olje, og ber for at den sjuke skal bli frisk igjen.

Ordinasjon

Ordinasjon er innsetjing av ein prest. Det er berre menn som kan bli ordinerte. Dersom dei er ordinerte før dei giftar seg, må dei leve ugifte. Menn som allereie er gifte, kan bli ordinerte.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Ortodoks dåp
Ortodoks dåp

Faste og fest

Ortodokse høgtider blir førebudde gjennom faste. Stort sett betyr faste at ein ikkje et produkt frå dyr, men nokre gongar kan ein ete fisk. Før påske er reglane for faste spesielt strenge.

I fastetidene skal ein la seg underhalde minst mogleg. Ein skal bruke tida til å konsentrere seg om si eiga tru. Askese er viktig for dei ortodokse kyrkjene, og fasta er ein del av askesen. Askese betyr at ein skal frigjere seg frå nyting og frå behovet for materielle ting.

Etter fasta blir høgtidene feira med festmåltid, og då kan ein ete kva ein vil.

Onsdag og fredag er normalt fastedagar. I tillegg har kvar årstid ein fasteperiode. Dei fastar i adventstida og før påske. I tillegg fastar dei før persok 29. juni og før Marimesse 15. august. Persok er til minne om Paulus og Peter i Bibelen, og Marimesse viser til den dagen jomfru Maria fôr opp til himmelen.

Også i dei ortodokse kyrkjene blir det feira jul, men julaftan er 13 dagar seinare enn hos oss. Det kjem av at størstedelen av dei ortodokse kyrkjene følger den julianske kalenderen som ligg 13 dagar etter kalenderen vår, og derfor hamnar julaftanen deira på 6. januar.

Den julianske kalenderen vart innført av Julius Cæsar i år 46 f.Kr.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Glass med vann
Glass med vann

Ikon

Ikon er bilde av viktige personar i ortodoks tru. Ofte er bilda måla på treplater med gullfarga bakgrunn. Gullfargen blir sett på som Guds farge, og er eit symbol på guddom, makt og ære.

Ikon er vanlege i ortodokse heimar. Dei heng ofte på ein vegg som vender mot aust. Det er her sola står opp.

Bilda blir brukte som påminning om å gjere gode gjerningar.

📷  Ortodoks ikon frå 1500-talet med motiv av blant anna jomfru Maria og Jesusbarnet.
Ortodoks ikon

Dei ortodokse kyrkjene i Noreg

I Noreg har dei ortodokse kyrkjene vakse på grunn av innvandring. Men den ortodokse kyrkja har vore lenge i Noreg. Skoltesamane i Noreg vart kristna på 1500-talet. Ifølge ortodoks tradisjon vart dei kristna av Heilage Trifon av Petsjenga, og det finst framleis eit lite kapell i Neiden i Aust-Finnmark som vitnar om dette.

Det finst ortodokse forsamlingar i Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og på Svalbard.

Den ortodokse Sankt Georgs kapell i Neiden, bygget i 1565
Den ortodokse Sankt Georgs kapell i Neiden, bygget i 1565

Dei ortodokse kyrkjene og den katolske kyrkja

Å vere ortodoks vil seie å ha den rette opphavlege trua. Katolikkane meiner dei er den sanne verdsomspennande kyrkja, og at dei har den rette trua. Den katolske kyrkja har forsamlingar over heile verda, men sentrum er i Vatikanstaten i Roma. Den katolske kyrkja blir leia av paven. Den ortodokse kyrkja er organisert som sjølvstendige kyrkjer med sjølvstendige leiarar – patriarkar.

Begge kyrkjene meiner at den andre kyrkja tek feil. Likevel er dei samde om noko. Dei trur på Jesus og det han lærte disiplane sine. Dei meiner at verda er skapt av Gud.

Begge kyrkjene har nattverd. I dei ortodokse kyrkjene bruker ein syra brød, og i den katolske kyrkja bruker ein usyra brød. At brødet er syra, vil seie at det er gjær i brødet. Kyrkjene er usamde om kva som er rett eller gale.

I den ortodokse trua kan ein ikkje forstå absolutt alt. Ting kan berre forståast som ein del av trua. Den ortodokse kyrkja har derfor eit sterkt fokus på det mystiske. Altså på det ein ikkje kan forklare.

Både ortodokse og katolske kristne har mange helgenar. Dette er personar som har gjort seg fortente til å bli kalla heilage.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ortodokse prester
Ortodokse prester

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Michael Riessler (CC BY-SA 3.0)
    6. Getty Images