Topp sju

Du har kanskje lagt merke til at folk er glade i å lage lister over favorittane sine. Kanskje har du sjølv laga ei slik toppliste over kva slags mat du synest er best, eller kva slags musikk du liker?

Dette har folk faktisk halde på med sidan oldtida. Ei av dei mest kjende listene er lista over verdas sju underverk. Dette er ei liste som gamle greske historikarar kom opp med for over 2000 år sidan. Denne tida kallar vi antikken. Lista inneheld sju byggverk som folk i antikken meinte var det mest imponerande menneske hadde fått til.

Dei sju underverka på lista er: 

  1. Den store pyramiden i Giza
  2. Mausoleet på Halikarnassos
  3. Zevs-statuen i Olympia
  4. Dei hengande hagane i Babylon 
  5. Fyrtårnet ved Alexandria
  6. Artemis-tempelet i Efesus
  7. Kolossen på Rhodos

… men berre eitt av desse underverka finst framleis i dag. Veit du kva for eit?

Dei gamle grekarane reiste stort sett i områda dei kjende godt, og langs handelsrutane som var viktige for dei. Derfor låg alle dei sju underverka omkring Middelhavet. Dei reiste jo ikkje til stader som England, Kina eller Sør-Amerika!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pyramide, Cairo, Egypt

Fleire lister 

Akkurat som med andre topplister har folk gjerne ulik smak. Derfor er det eigentleg mange versjonar av lista frå antikken, som alle har litt ulikt innhald. I seinare tid slo ein saman alle desse versjonane, for å få den lista vi snakkar om her.

Dei best kjende versjonane kjem frå Antipatros frå Sidon og Philo frå Bysants. Dei levde rundt 100 år før Kristus (f.Kr). Vi kan også nemne Kallimakhos frå Kyrene og den store historikaren Herodot. Kva som kom på listene deira, var avhengig av kvar dei reiste og av deira personlege meining. Fyrtårnet ved Alexandria er til dømes bytt ut med Istarporten i Babylon i nokre av listene.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Statue av Herodot
Statue av Herodot

Kvifor sju? 

For grekarar i antikken var sju eit viktig tal. Dei hadde oppdaga fem planetar, og saman med sola og månen vart det sju viktige himmellekamar. Derfor meinte dei at det skulle vere sju underverk på lista.

Gamle egyptere som bygger en pyramide
Gamle egyptere som bygger en pyramide

#1 Den store pyramiden i Giza

Sjølv om alle dei andre underverka har blitt øydelagde, står pyramiden i Giza framleis. Du kan dra og sjå han nord i Egypt. Han vart bygd omtrent 2500 år f.Kr. for at faraoen Kufu skulle bli gravlagd der. Ein trur at det tok rundt 14 år å byggje pyramiden.

Verdas høgaste 

Då pyramiden var ferdig, var han 146,5 meter høg. Ingen bygningar i verda var så høge før på 1300-talet, då Lincoln-katedralen i England tok rekorden.

Pyramiden er også veldig stor. Sokkelen er på 55 000 kvadratmeter, og heile pyramiden består av 2,3 millionar steinblokker.

I dag er pyramiden litt lågare enn han var, fordi sand og vind har slite bort dei øvste steinane. Likevel er han eit utruleg imponerande syn.

Det egyptiske samfunnet 

Vi veit framleis ikkje heilt sikkert korleis pyramidane blei bygde, men dei fortel oss at egyptarane var dyktige arkitektar og ingeniørar. Pyramidane er fulle av mysterium og spor etter dei som brukte dei. Ved å studere dei kan vi lære om korleis livet var i det gamle egyptiske samfunnet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pyramide fra Giza
Pyramide fra Giza

#2 Mausoleet i Halikarnassos

I Midtausten låg det ein gong eit stort rike som heitte Persia. Her heldt Mausolos til. Han var ein rik guvernør som bygde ein heil hovudstad til seg og kona Artemisia. Byen låg omtrent der Tyrkia er i dag, og han vart kalt Halikarnassos.

Mausolos var glad i luksus og fylte byen med vakre statuar og tempel. Han ville også ha den same luksusen når han var død, derfor bygde han ei storslegen grav til seg sjølv. Grava vart kalt Mausoleum. Mausolos døydde i 353 f.Kr.

41 meter 

Mausoleet var teikna av to greske arkitektar, Pytheos og Satyros. Det var bygd opp litt som ei kake, med tre nivå i ulike stilar. Rundt kanten var det 36 søyler, og trapper som leidde opp til nivåa over.

På toppen av det spisse taket var det ein statue av ei vogn med fire hestar. Viss vi tek med statuen, var heile bygget cirka 41 meter høgt. Det var også andre skulpturar og dekorasjonar rundt grava på alle sider.

Lever vidare 

Grava vart truleg øydelagd av eit jordskjelv ein gong i middelalderen. Ein ting som lever vidare, er ordet «mausoleum». I dag bruker vi det om alle store og fine byggverk som er laga for å vere graver.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mausoleum, Halicarnassus
Mausoleum, Halicarnassus

#3 Zevsstatuen i Olympia

Olympia var ein heilag stad i antikken i Hellas. Grekarane trudde det var der guden Zevs slo seg ned, herskaren over alle dei andre gudane. Her heldt ein dei første olympiske leikane, og eitt av dei sju underverka vart reist til ære for Zevs – ein enorm statue som stod inne i tempelet til Zevs.

Statuen vart laga av skulptøren Phidias cirka 435 år f.Kr.

Bygd av tre 

Statuen viste Zevs på ei trone av sedertre. I den eine handa heldt han eit septer med ei ørn på. I den andre var det ein liten statue av sigersgudinna Nike. Heile statuen og trona var dekorerte med gull, elfenbein og edelsteinar. Prestane i tempelet var nøydde til å olje statuen mest heile tida for å beskytte han mot klimaet i Hellas.

Statuen var nesten 12 meter høg, og han fekk nesten ikkje plass i tempelet. Det vart sagt at viss Zevs reiste seg, ville han rive sundt taket.

Brann opp 

Folk reiste til Olympia for å sjå statuen i 800 år. Den galne romerske keisaren Caligula ville frakte han til Roma og byte ut hovudet med sitt eige. Det blei det aldri noko av.

Vi veit ikkje heilt kvar det vart av statuen til slutt. Det kan vere han vart frakta til Konstantinopel, og at han brann opp der. Tempelet vart øydelagt i år 426 etter Kristus (e.Kr.), så det er mogleg at statuen gjekk tapt då.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrasjon av Zeus
Illustrasjon av Zeus

#4 Dei hengande hagane i Babylon

Ingen av dei andre underverka er så mystiske som dette. Hagane blir skildra i mange antikke tekstar frå Hellas og Roma, men vi er ikkje sikre på om dei har eksistert. Viss dei i det heile fanst, må babylonarane ha vore dyktige ingeniørar, flinkare enn alle andre folk på den tida. Å halde ein stor hage grøn og frodig midt i ein ørken er vanskeleg nok, men korleis fekk dei vatn heilt opp på taket?

Ei kone med heimlengt

Ei av historiene om hagen var at kong Nebukadnesar II fekk bygd han til kona si, fordi ho lengta heim. Ho var frå det frodige landet Media, som låg der Iran er i dag. Tekstane fortel at bygget var ein serie av hagar i fleire etasjar, så det såg ut som eit fjell av blomstrar, plantar og urter.

Avansert vatning 

For å frakte vatn til ein opphøgd hage må ein få vatnet til å renne oppover. Det er ikkje lett. Ein teori er at dei brukte ein slags skrue som dytta vatnet oppover i eit rør. Oppfinnaren Arkimedes skreiv om ein slik skrue, men han levde lenge etter at hagane skal ha blitt bygde.

Ein annan stad 

Det kan ha vore at historikarane har teke feil, og at hagen ikkje låg i Babylon. Det står nemleg ingenting om hagen i babylonske tekstar, noko som er litt rart.

Forskarar ved Oxford-universitetet har funne tekstar om ein annan hage som vart bygd av kong Sankerib av Assyria. Kan det vere denne kongen grekarane snakka om? I så fall har ein leita på feil stad etter ruinane frå hagen.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Babylons hengende hager
Babylons hengende hager

#5 Fyrtårnet ved Alexandria

Ved nordkysten av Egypt var det grunt og mange skjer i sjøen. Derfor var det vanskeleg for båtar å navigere inn til hamna i Alexandria. Løysinga vart å byggje eit enormt fyrtårn på øya Faros, rett utanfor hamna.

Synleg på 49 kilometers avstand 

Den greske arkitekten Sostrados fekk jobben, og over ti år seinare stod det ferdig. Ein trur at tårnet var 140 meter høgt – det nest høgaste bygget i verda på den tida.

Tårnet var firkanta på botnen, åttekanta på midten og rundt på toppen. Det var rampar så ein kunne komme seg heilt til topps for å tenne elden. Når han brann, kunne ein sjå lyset 49 kilometer unna.

Jordskjelv 

Ei rekkje jordskjelv tok knekken på dette underverket. Ein trudde det var fullstendig borte på 1400-talet, men i 1994 fann ein steinar i sjøen rundt Faros, som kan ha tilhøyrt fyrtårnet. Egyptiske myndigheiter har sagt at dei har lyst til å byggje opp tårnet igjen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fyrtårn, Alexandria, Egypt
Fyrtårn, Alexandria, Egypt

#6 Artemistempelet i Efesos

Diktaren Antipatros frå Sidon meinte Artemistempelet var det flottaste av alle dei sju underverka. Dette skreiv han om i eit dikt 140 år f.Kr.

Måtte byggast opp fleire gongar 

Tempelet hadde eit turbulent liv. Det vart nemlig øydelagt og bygd opp igjen fleire gongar. På 600-talet f.Kr. vart det teke av ein flaum. I år 356 f.Kr. brann det ned – ein mann som heitte Herostratos sette fyr på det for å bli kjendis. På 200-talet f.Kr. vart det plyndra av gotarane. Til slutt vart det heilt øydelagt i år 401 e.Kr., og berre éi søyle står igjen i dag.

Vakkert 

Den versjonen av tempelet som Antipatros dikta om, var nok den mest imponerande. Då var det 110 x 55 meter stort. Langsida var pynta med utskjeringar, statuar og 127 søyler. Inne stod ein statue av Artemis, gudinna for jakt og jomfrudom. Mange grekarar drog til Efesos for å ofre til henne.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tempel i Ephesus, Turkey, 1933-1934.
Tempel i Ephesus, Turkey, 1933-1934.

#7 Kolossen på Rhodos

Denne statuen vart bygd i år 282 f.Kr., og var derfor det yngste av alle underverka. Han vart også øydelagd først, berre 60 år seinare.

Solguden 

Statuen var av solguden Helios, og han var bygd av jern og bronse. Skulptøren Khares frå Lindos fekk i oppgåve å designe statuen, for å feire ein militær siger. Ei legende fortel at statuen vart laga av våpna og utstyret til fienden dei hadde slått.

32 meter 

Statuen hadde utsyn over hamna og var cirka 32 meter høg. Kanskje heldt han også ei lykt eller eit spyd. Ein teiknar han ofte med eitt bein på kvar side av hamna, men det ville ikkje vore mogleg å støype noko slikt på den tida. Same kva vart han knust av eit jordskjelv i 226 f.Kr.

Seld som skrap 

Etter jordskjelvet låg statuen i bitar på bakken. I over 800 år kom folk for å sjå på bitane. Det blir sagt at få menneske klarte å få armane rundt tommelen til statuen, så han var nok ganske stor. Til slutt vart Kolossen seld som skrapmetall på 600-talet e.Kr. 900 kamelar måtte til for å frakte alle bitane.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av Kolossen på Rhodos
Illustrasjon av Kolossen på Rhodos

Underverk vi kan sjå i dag

Det finst mange gamle meisterverk i dag, som ikkje stod på lista til grekarane. Kanskje du har vore så heldig å oppleve nokre av dei?

Cristo Redentor 

Den 30 meter høge Kristus-statuen ser ut over Rio de Janeiro i Brasil.

Den kinesiske muren

Kinesarane bygde ein mur som er 8850 kilometer lang  for å beskytte Kina mot inntrengjarar.

Machu Picchu 

Høgt oppe i fjella i Peru ligg ruinane av ein by som Inka-folket bygde. Vi oppdaga han ikkje før i 1911.

Colosseum 

På det enorme stadionet i Roma  kunne romarane sjå på gladiatorkamp. Colosseum hadde plass til titusenvis av tilskodarar.

Chichen Itza 

Maya-folket i Mexico lagde også ein imponerande by. Der står det blant anna ein 30 meter høg pyramide som heiter El Castillo.

Taj Mahal 

Dette indiske byggverket er eit av dei vakraste i verda.

Eiffeltårnet 

Millionar av menneske drar til Paris kvart år for å sjå dette tårnet. Mange av dei går dei 1710 trinna til toppen.

La Sagrada Familia 

Denne katedralen er enno ikkje ferdig, sjølv om ein har halde på med å bygge han i over hundre år. Han står i Barcelona.

Hagia Sofia 

Katedralen til Istanbul frå 500-talet er den viktigaste bygningen frå den bysantiske perioden.

Kjelder: 

  • Aarli, Gunn: Sagrada Familia i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/Sagrada_Familia

  • Historiens største mysterier, Orage AS 

 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Alamy
    7. Ukjent
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Ukjent
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images
    16. Getty Images
    17. Ukjent
    18. Ukjent
    19. Ukjent
    20. Ukjent