Mayflower

Dei første europearane som busette seg i Amerika kom med båten Mayflower i år 1620. Dei håpa på eit betre liv i Amerika. Spesielt ønskte dei å kunne leva med religionen sin. Dei første utvandrarane var pilegrimar.

Den første vinteren

Mayflower nådde den amerikanske austkysten i november 1620. Det var kaldt, og pilegrimane valde å halde seg i båten. Nesten halvparten av passasjerane døydde denne vinteren. Urbefolkninga hjelpte passasjerane på båten med mat.

Dei 13 koloniane

Nye landområde som europearane busette seg på, blir kalla koloniar. Koloniane i Amerika blei styrde av England og den britiske kongen. I koloniane i sør blei det dyrka tobakk og bomull. Det kravde mykje arbeidskraft – difor henta dei slavar  frå Afrika. I nord, i det opphavlege New England, var dei fleste bønder, fiskarar og dyktige handverkarar. Mange dreiv òg med handel. Koloniane voks i storleik og i rikdom.

Kolonikrigane

Også Frankrike la under seg område i Amerika. Britiske og franske koloniar kjempa om områda, særleg Ohiodalen. Britar og franskmenn fekk støtte av ulike stammer i urbefolkninga. Britane vann kolonikrigen og tok over dei franske områda. Mange stammer blei utrydda.

Kongen treng pengar

Den britiske kongen trong pengar. Derfor auka han skattane for innbyggarane i dei britiske koloniane. Dei første kolonistane kjende seg britiske og støtta kongen. Men dei neste generasjonane som voks opp i Amerika, såg ikkje på Storbritannia som heimlandet sitt. Kvifor skulle dei betale skatt til den britiske kongen? Dei fekk jo likevel ikkje vera med på å ta avgjersler i Storbritannia.

⬅  Kong Georg III regjerte over Storbritannia og koloniane under den amerikanske revolusjonen.

Teselskapet i Boston

Te var ein populær drikk både i Storbritannia og i Amerika. Då den britiske kongen auka skattane på te, protesterte innbyggarane i koloniane. Den 16. desember 1773 låg tre skip lasta med te i hamna i Boston. Nokre britar kledde seg ut som mohawkar, som er ei stamme i urbefolkninga. Dei kasta all teen over bord. Forholdet mellom koloniane og Storbritannia blei endå verre.

Sjølvstendekrigen

I april 1775 braut det ut krig mellom kolonistane og britiske soldatar. Det gjekk ikkje særleg bra med hæren som kolonistane danna. Dei var både dårleg utstyrte og dårleg trena. Etter mange nederlag tok George Washington over som leiar av kolonihæren. Dei 13 koloniane hadde fått ein felles fiende i den britiske kongen og hæren han hadde sendt til Amerika.

⬅  Illustrasjon av George Washington og mennene hans som kryssar elva Delaware under sjølvstendekrigen.

Sjølvstendeerklæringa

Dei 13 koloniane bestemte seg for å stå saman. Tida var inne for å riva seg laus frå Storbritannia. Det blei skrive eit dokument kalla sjølvstendeerklæringa. Dette skulle gjere koloniane sjølvstendige frå Storbritannia. Frå då av skulle koloniane sjølve bestemma lover og reglar og behalda sine eigne skattepengar. Den 4. juli 1776 blei erklæringa godkjend av kongressen. Difor er 4. juli nasjonaldagen til amerikanarane.

Krigen held fram

Britane godtok ikkje erklæringa til kolonistane, og sjølvstendekrigen heldt fram. Frå 1778 fekk innbyggarane i dei britiske koloniane uventa hjelp. Franske kolonistar kjempa på same side som dei britiske kolonistane. I oktober 1781 innsåg den britiske kongen og hæren hans at dei hadde tapt.

Overgivinga i Yorktown i 1781 markerte slutten på sjølvstendekrigen.  ⮕

Ei erklæring for alle?

Den amerikanske sjølvstendeerklæringa startar slik: «Vi ser på dette som sjølvsagde sanningar: At alle menneske er fødde like, og at dei har fått av sin skapar visse rettar som ingen kan ta frå dei. Blant desse er retten til liv, til fridom og til å søka etter lykke».

Men kvinner hadde ingen rettar. Slavar hadde ingen rettar. Urbefolkninga hadde ingen rettar.

Urbefolkninga får lida

Urbefolkninga hadde levd i Amerika lenge før europearane kom. Gradvis blei dei pressa vestover fordi pilegrimane tok over større landområde. Mange gamle stammer i urbefolkninga blei utsletta. Andre stammer blei lukka inn i reservat. Kolonistane hadde gløymt den viktige hjelpa dei fekk av urbefolkninga den gongen dei første pilegrimane kom i 1620.

Sjølvstendeerklæringa blir viktig utanfor USA

Den amerikanske revolusjonen og sjølvstendeerklæringa frå 1776 påverka også Europa. Både den franske revolusjonen og den norske grunnlova har ideane sine frå den amerikanske sjølvstendeerklæringa.

Teselskap 

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. jimkaiser1 – YouTube