Den andre verdskrigen i Noreg

Sjølv om det er lenge sidan andre verdenskrigen herja i Noreg, så har dei fleste eitt eller anna forhold til den krigen. Enten gjennom filmar, dokumentarseriar, bøker eller museumsbesøk. I denne artikkelen kan du lære litt om kvifor Noreg vart dratt med inn i krigen og om nokre av dei viktigaste hendingane gjennom fem krigsår.

Accessibility icon Den andre verdskrigen i Noreg

Den verdifulle norske kystlinja

Noreg erklærte seg nøytralt då den andre verdskrigen braut ut i 1939. Likevel vart nøytraliteten utfordra. Leiaren for det politiske partiet Nasjonal Samling (NS), Vidkun Quisling, var redd for at Storbritannia og Sovjetunionen skulle okkupere Noreg. Derfor ønskte han hjelp frå Tysklands diktator, Adolf Hitler, for å forhindre dette.

Hitler ønskte ikkje då å angripe Noreg, men såg verdien av den lange kystlinja mot Atlanterhavet. Då kunne han halde England unna Noreg og frakte krigsmateriell, soldatar og handelsvarer på ein tryggare måte.

Noko anna som Tyskland hadde behov for, var jernmalm. Malmen kom fra Kiruna i Sverige til Narvik i Nord-Noreg. Jernmalmen var svært viktig for produksjon av krigsmateriell, både for tyskarane og britane. For å hindre tyskarane i å frakte ut jernmalm frå Narvik, plasserte britane miner i norsk territorialfarvatn. Dermed vart tyskarane tvinga ut i internasjonalt farvatn der britane kunne stanse dei.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kystlandskap med høye fjell og grå skyer.
Kystlandskap med høye fjell og grå skyer.

Nøytraliteten vert krenkt

Vinteren 1940 segla det tyske forsyningsskipet «Altmark» langs kysten av Noreg med 300 britiske krigsfangar. Nord for Trondheimsfjorden vart det inspisert av norsk marine, men fangane vart ikkje oppdaga. Skipet ankra seinare opp i Jøssingfjord i Rogaland, og der vart «Altmark» angripe av britane. Dei kravde å få fangane frigitt. I aksjonen miste sju tyskarar livet.

Hitler meinte at britane krenkte Noregs nøytralitet ved å angripe det tyske skipet. Dermed hadde Hitler fått ein legitim grunn til å invadere Noreg. Landet måtte forsvarast mot britane. To dagar etter gav Hitler ordre om å planleggje eit angrep. Angrepet måtte skje før 15. april, for etter det blei nettene for lyse. Planen var nemleg å angripe om natta utan nasjonalt flagg og tente lanterner på skipa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Angrepet på Noreg

Natt til 9. april 1940 kom krigsskipet «Blücher» og andre mørklagde tyske skip inn i Oslofjorden. Hensikta var å ta Noreg på senga. Like før midnatt vart dei oppdaga av ein norsk patruljebåt, som  avfyrte varselskot.

«Blücher» hadde 2000 soldatar om bord. Dei skulle setjast i land i Oslo og hadde i oppdrag å ta kongen og regjeringa. Ved Oscarsborg festning utanfor Drøbak vart det skote på skipet. Skipet sokk, og mange hundre tyske soldatar døydde.

Senkinga av «Blücher» gjorde at kongen og regjeringa rakk å flykte. Dei reiste nordover til Hamar, Elverum, Åndalsnes og Molde før dei kom til Tromsø. Derifrå segla dei med eit engelsk krigsskip til England. Tyskarane kom i land med ei rekkje krav, men Noreg nekta å kapitulere utan kamp. Utanriksminister Halvdan Koht sa derfor nei til tyskarane. Dei gav seg ikkje med det og ønskte eit personleg møte med kongen. Han sa også nei til kravet frå tyskarane. Ved å seie nei til desse krava, hamna Noreg på alliert side i krigen.

Som ei følgje av dette sende Storbritannia mange tusen soldatar til Noreg for å hjelpe til. Dei var dårleg trente og dårleg utrusta, og dei tapte klart mot tyskarane. Etter fleire tap og lite tillit, vart den britiske statsministeren Neville Chamberlain avsett. Winston Churchill overtok ministerposten – og han vart heilt avgjerande for utfallet av den andre verdskrigen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Nederlag for tyskarane

Tyskarane møtte motstand fleire stader i Noreg, men størst motstand fekk dei i Nord-Noreg. Der var det kamphandlingar fram til Noreg kapitulerte 10. juni. Så langt nord hadde ikkje tyskarane rokke å få fram like mange soldatar og krigsutstyr. Dei vart hindra fleire stader på veg nordover, og avstandane var store. Nordmenn og allierte hadde derfor eit overtak. Tyskarane gjekk mot det første nederlaget sitt etter at krigen starta.

Narvik var viktig for alle partar på grunn av jernmalm frå Sverige. Narvik vart også symbolsk viktig; dei allierte viste at tyskarane ikkje var uslåelege, og tyskarane viste at dei makta å halde ut mot ein talmessig større motstandar.

I løpet av kampane innsåg tyskarane at jernmalmen i Narvik ikkje var avgjerande for dei. Dei hadde nemleg erobra rike jernmalmgruver i Frankrike. Likevel ønskte ikkje dei tyske offiserane å overgje seg. I juni trekte britiske og franske troppar seg ut for å fortsetje kampane andre stader i Europa, og slaget om Narvik var tapt.

📷  Henrik Mestad spelar rolla som den oppdikta Major Omberg i filmen «Kampen om Narvik» frå 2022.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kongen i eksil

Den 7. juni reiste kong Haakon, kronprins Olav og regjeringa frå Noreg til England. Der arbeidde dei som ei eksilregjering, det vil seie ei regjering utanfor Noreg. Frå England kunne dei leie motstandskampen i Noreg i samarbeid med andre land. Det var viktig at den norske kongen og regjeringa ikke vart styrte av dei tyske okkupantane. Heime i Noreg bestemte det tyskvennlege Nasjonal Samling (NS) at alle andre politiske parti skulle vere forbodne. Det vart også forbode å vise støtte til kongen og regjeringa.

Leier for NS, Vidkun Quisling, meinte at kongen og regjeringa var feige. Dei rømte jo landet midt oppi ei stor krise. Quisling prøvde å ta over landet i eit statskupp, men mange nordmenn og tyskarar mislikte trongen hans til å styre landet.

Kongefamilien – og særleg kong Haakon – vart eit viktig symbol for motstandskampen. Mange høyrde på radiotalane til kongen, og det heldt motet oppe hos mange nordmenn. Det var ulovleg å høyre på radio, men mange gjorde det i det skjulte.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Lærarar gjer motstand

De tyske okkupantane og NS ønskte å styre samfunnet og skulane etter eige politisk syn. Mange lærarar sa klart og tydeleg nei til dette. I løpet av 1941 slutta mange som lærarar og jobba aktivt i motstandskampen. Mange av desse vart arresterte og sette i fangenskap.

Motstanden til lærarane betydde mykje i kampen mot NS og tyskarane. Dei stod opp mot okkupantane med fare for eige liv. Lærarstriden bidrog til at Quislings plan om nazifisering av skulen ikkje vart noko av. Fridomskampen til Noreg fekk også mykje sympati blant dei allierte landa.

📷  Desse elleve lærarane vart arresterte og straffa med tvangsarbeid.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Dei norske jødane

I 1940 levde det rundt 2100 jødar i Noreg. Nazistane såg ikkje på jødane som menneske, og dei hadde ein plan om å utrydde dei. I nazistane sine auge var jødane ein uønskt rase. Derfor vart jødane plaga og trakasserte.

For at tyskarane og Nasjonal Samling skulle vite kven som var jødar, måtte jødane i 1942 få ein raud «J» stempla inn i pass og legitimasjonskort. Stemplinga skulle gjelde for alle som hadde minst tre jødiske besteforeldre. Dei måtte også fylle ut eit skjema med personopplysningar. Slik fekk tyskarane oversikt over jødane i Noreg. Planen var at alle jødane skulle arresterast og sendast ut av landet.

Den 26. oktober 1942 vart alle jødiske menn over 15 år arresterte. Det var berre nordmenn som deltok i arrestasjonane. Mange av jødane vart sette i fangenskap på Berg utanfor Tønsberg. Det var den einaste leiren i Noreg der alle tilsette var norske, og dei tilsette trakasserte jødane på det grovaste.

Jødiske kvinner og barn vart arresterte 25. og 26. november. 529 jødar vart førte ombord på det tyske frakteskipet D/S «Donau» og tekne med ut av landet. Totalt vart 773 jødar sende bort frå Noreg. Berre 35 av dei overlevde.

📷  Norske jødar vert førte om bord i det tyske skipet D/S «Donau» som låg ved kai i Oslo hausten 1942. Dette bildet er frå filmen «Den største forbrytelsen» frå 2020.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Tungtvassaksjonen

Tungtvassaksjonen var fleire ulike sabotasjeaksjonar mot Norsk Hydros fabrikk, Vemork, på Rjukan. Aksjonane vart utførte av både britiske og norske sabotørar, og målet var å hindre at Tyskland fekk tilgang til tungtvatn. Dei trong tungtvatn for å produsere ei atombombe. Norsk Hydro var den einaste fabrikken i Europa som produserte tungtvatn. Den mest berømte aksjonen i 1943 fekk kodenamnet «Gunnerside». Planen var å sprengje anlegget frå innsida framfor å bruke bombefly. Det siste ville sannsynlegvis kosta mange sivile menneskeliv.

Seks norske soldatar vart plukka ut, og alle brukte britisk uniform for å lure tyskarane. Tyskarane straffa ofte lokalbefolkninga viss det var norske sabotørar som aksjonerte. «Gunnerside» vart gjennomført på berre 30 minutt. Ingen skot vart løyste, og sabotørane kom seg unna.

Nokre måneder etter var produksjonen i full gang igjen på Vemork, og dei allierte bestemte seg for å bombe fabrikken. I november 1943 kom 161 amerikanske fly inn over Rjukan og sleppte 711 bomber. Dei fleste bomma på fabrikken, og 21 sivile vart drepne.

Då tyskarane skulle sende heim fleire tønner med tungtvatn, brukte dei ferje over Tinnsjø. På grunn av dårleg vakthald klarte norske sabotørar å plassere bomber under ferjedekket. Sabotasjen førte til at ferja eksploderte på veg over sjøen. Eksplosjonen tok livet av 14 sivile nordmenn, og tyskarane miste mykje verdifullt tungtvatn. Som ei følgje av dette flytta tyskarane heile tungtvassproduksjonen til Tyskland.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Frigjering av Finnmark

I løpet av krigen kom det mange tyske soldatar til Nord-Noreg. Så langt nord hadde Noreg grense mot Sovjetunionen (Russland), og det var den største fienden til tyskarane. Det store målet til Hitler var å okkupere Sovjetunionen og overta ressursane i det enorme landet. Ikkje minst olje som dei trong til drivstoff. Og ein av vegane til Sovjetunionen gjekk over grensa frå Noreg.

Etter fleire år med kampar mot russarane valde tyskarane å trekkje seg ut i 1944. På veg sørover tvangsflytta dei befolkninga og brann ned store delar av Finnmark og Nord-Troms. Dette gjorde dei for at russarane ikkje skulle finne noko av verdi når dei kom over grensa.

Eit par veker seinare kom dei første russarane over grensa til Noreg og tok opp jakta på tyskarane. Den 25. oktober kom russarane til Bjørnevatn i Finnmark, og dei ga beskjed til nordmenn som var der, at dei no var frie.

Den raude arméen frå Sovjetunionen forlet Nord-Noreg etter at freden kom den 8. mai 1945.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Freden kom 8. mai 1945

«Vår kamp er kronet med seier. Norge er atter fritt.» Dette var orda som vart brukte då freden endeleg kom 8. mai 1945. Men det var framleis 350 000 tyske soldatar i Noreg. Dei overgav seg utan mykje dramatikk og vart transporterte som krigsfangar tilbake til Tyskland.

Etter frigjeringa var folk ute og vifta med norske flagg og feira fridomen. Den 7. juni 1945 kom kong Haakon heim til Noreg. Det var ein fest utan like, og kongen køyrde i open bil gjennom gatene i Oslo. Endeleg var folk og konge saman igjen.

📷  Heile kongefamilien på Honnørbrygga i Oslo 7. juni 1945.

Stor innsats frå mange

Det var ikkje i Noreg dei avgjerande slaga stod. Tysklands kapitulasjon vart tvungen fram andre stader. Likevel hadde mange nordmenn bidratt under krigen. Ikkje minst på tallause skip som frakta livsviktige varer til sjøs. På norsk jord bidrog titusenvis av kvinner og menn i motstandsarbeidet. Til saman miste nesten 12 000 nordmenn livet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Kraglund, Ivar; Kjølås, Harald; Allkunne: tungtvannsaksjonen i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 16. desember 2021 fra https://snl.no/tungtvannsaksjonen
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Forsvarets museer
    3. Forsvarets museer
    4. Eirik Linder Aspelund / Nordisk Film
    5. Forsvarets museer
    6. Riksarkivet
    7. Karl Erik Brøndbo / Fantefilm
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Forsvarets museer