Den andre verdskrigen i Noreg

Sjølv om det er lenge sidan den andre verdskrigen herja i Noreg, så har dei fleste eit eller anna forhold til den krigen. Anten gjennom filmar, dokumentarseriar, bøker eller museumsbesøk. I denne artikkelen kan du lære litt om kvifor Noreg vart drege med inn i krigen og om nokre av dei viktigaste hendingane gjennom fem krigsår.

Accessibility icon Den andre verdskrigen i Noreg

Den verdifulle norske kystlinja

Då den andre verdskrigen braut ut i 1939,  ønskte Noreg å vere nøytralt. Landet skulle ikkje delta i krigen. Likevel var Vidkun Quisling redd for at England skulle okkupere Noreg. Han var leiar av det politiske partiet Nasjonal Samling (NS). Dei ønskte hjelp frå Tyskland og Adolf Hitler i kampen mot England.

Hitler ønskte ikkje eigentlig å angripe Noreg. Likevel såg han verdien av den lange kystlinja. Derfrå kunne han lettare halde England unna Noreg. Samtidig kunne han forsvare sine eigne skip som frakta krigsmateriell og soldatar.

Tyskland trengte jern for å produsere våpen. For å lage jern treng ein jernmalm. Denne vart sprengd ut av fjellet i Kiruna i Sverige og frakta til Narvik i Noreg. Både Tyskland og England kjøpte jernmalm frå Noreg. Etter at krigen starta, ønskte England å stanse handelen for tyskarane. Dermed plasserte dei miner i havet som gjorde det vanskeleg for tyske skip å segle inn til Noreg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kystlandskap med høye fjell og grå skyer.
Kystlandskap med høye fjell og grå skyer.

Nøytraliteten blir krenkt

Vinteren 1940 segla det tyske skipet «Altmark» langs kysten av Noreg. Dei hadde 300 britiske krigsfangar om bord. Norsk marine sjekka skipet ved Trondheimsfjorden, men fangane vart ikkje oppdaga. Skipet ankra seinare opp i Jøssingfjord i Rogaland. Der vart «Altmark» angripe av britane. Dei kravde å få fangane frigjevne. I aksjonen mista sju tyskarar livet.

Hitler meinte at britane krenkte nøytraliteten som Noreg ønskte. Ved å angripe det tyske skipet, hadde England drege Noreg med i krigen. Hitler bestemte seg for å innta Noreg for å forsvare landet mot britane. Angrepet måtte skje før 15. april, for etter det vart nettene for lyse. Planen var nemleg å angripe om natta.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Angrepet på Noreg

Natt til 9. april 1940 kom krigsskipet «Blücher» og andre tyske skip inn i Oslofjorden. Yttarst i fjorden vart skipa oppdaga av ein norsk patruljebåt.

«Blücher» hadde 2000 soldatar om bord. Dei skulle setjast i land i Oslo for å ta kongen og regjeringa. Ved Oscarsborg festning utanfor Drøbak vart skipet skote på. Skipet sokk, og mange hundre tyske soldatar døydde.

Senkinga av «Blücher» gjorde at kongen og regjeringa rakk å flykte. Dei reiste nordover til Hamar, Elverum og Molde før dei kom til Tromsø. Derfrå segla dei med eit engelsk krigsskip til England. Tyskarane kom med mange krav, men Noreg nekta å gje seg utan kamp. Utenriksminister Halvdan Koht sa derfor nei til tyskarane. Dette godtok ikkje tyskarane og ønskte eit møte med kongen, men han sa òg nei. Dermed vart Noreg sett på som fiende av Tyskland.

England sendte mange tusen soldatar til Noreg for å hjelpe til. Dei var så dårleg trente at tyskarane knuste dei. Den britiske statsministeren, Neville Chamberlain, fekk mykje av skulda. Winston Churchill vart vald til ny statsminister. Han vart heilt avgjerande for utfallet av 2. verdskrigen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Nederlaget til tyskarane

Tyskarane møtte motstand fleire stader i Noreg, men aller mest i Nord-Noreg. Der var det kamphandlingar fram til Noreg overgav seg 10. juni. Så langt nord hadde ikkje tyskarane like mange soldatar. Dei vart hindra fleire stader på veg nordover, og avstandane var store. Nordmenn fekk hjelp av fleire allierte land og hadde eit overtak. Tyskarane gjekk mot sitt første nederlag etter at krigen starta.

Narvik var ein viktig by på grunn av jernmalm frå Sverige. Byen vart òg eit symbol på at tyskarane ikkje var heilt uslåelege. Likevel vann dei mot ein talmessig større motstandar.

I løpet av kampane mista tyskarane interessa for jernmalmen i Narvik. Dei hadde nemleg erobra rike jernmalmgruver i Frankrike. Likevel ønskte ikkje tyskarane å overgje seg. I juni trekte britiske og franske troppar seg ut for å halde fram kampane andre stader i Europa. Då tok tyskarane over byen, og slaget om Narvik var tapt.

📷  Henrik Mestad spelar rolla som den oppdikta Major Omberg i filmen «Kampen om Narvik» frå 2022.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kongen i eksil

Den 7. juni reiste kong Haakon, kronprins Olav og regjeringa frå Noreg til England. Langt vekk frå tyskarane kunne dei arbeide i fred. Vi kallar det å jobbe i eksil – utanfor Noreg. Frå England kunne dei leie den norske motstanden som skjedde i Noreg. Heime i Noreg vart alle politiske parti forbodne, unntatt det tyskvennlege partiet Nasjonal Samling (NS). Det vart forbode å vise støtte til kongen og regjeringa.

Leiar for NS, Vidkun Quisling, meinte at kongen og regjeringa var feige. Dei svikta landet ved å flykte. For å ordne opp forsøkte Quisling å ta styringa av landet. Mange nordmenn og tyskarar mislikte at Quisling ville styre landet.

Kong Haakon vart eit viktig symbol for motstanden i Noreg. Han heldt talar på radio for å halde motet oppe hos nordmenn. Det var ulovleg å høyre på radio, men mange gjorde det i løyndom.

📷  Kong Haakon besøkte flyplassen North Weald utanfor London i 1942.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Lærarar gjer motstand

Tyskarane og NS ønskte å bestemme alt i samfunnet. På skulane skulle det berre jobbe lærarar som støtta tyskarane. Derfor var det mange lærarar som slutta i skulen. Dei vart heller med i motstandskampen. Mange av desse lærarane vart arresterte og sette i fangenskap.

Lærarane stod opp mot NS og tyskarane. Ofte med fare for sitt eige liv. Quisling klarte derfor ikkje å styre skulane slik han ønskte. Fridomskampen i Noreg fekk mykje sympati frå andre land.

📷  Desse elleve lærarane vart arresterte og straffa med tvangsarbeid.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Dei norske jødane

I 1940 levde det meir enn 2000 jødar i Noreg. Nazistane hata jødane og gjorde liva deira vanskelege. Dei såg ikkje på jødane som menneske. Allereie i mai 1940 vart mange jødar plaga og arresterte.

I 1942 måtte norske jødar få ein raud «J» stempla inn i passet og på legitimasjonskort. Stemplinga gjaldt for alle som hadde minst tre jødiske besteforeldre. Dei måtte òg oppgje alle personopplysningar. Slik fekk tyskarane oversikt over jødane i Noreg. Planen var nemleg å arrestere dei og sende dei ut av landet.

Den 26. oktober 1942 vart alle jødiske menn over 15 år arresterte. Det var norsk politi som arresterte dei. Mange av jødane vart sette i fangenskap på Berg utanfor Tønsberg. Her jobba det berre norske fangevaktarar, og dei trakasserte jødane på det grovaste.

Jødiske kvinner og barn vart arresterte 25. og 26. november. Med det tyske frakteskipet D/S «Donau» vart 529 jødar førte ut av landet. Totalt vart 773 jødar sende bort frå Noreg. Berre 35 av dei overlevde.

📷  Norske jødar blir førte om bord i det tyske skipet D/S «Donau» som låg ved kai i Oslo hausten 1942. Dette bildet er frå filmen «Den største forbrytelsen» frå 2020.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Tungtvassaksjonen

Norsk Hydro på Rjukan var den einaste fabrikken i Europa som produserte tungtvatn. Tyskarane kunne bruke tungtvatn til å lage ei atombombe – det mest øydeleggjande våpenet i verda. Derfor måtte norske og britiske sabotørar øydeleggje fabrikken. Sabotørane var ekspertar på sprengstoff. Dei var også trente til å øydeleggje for tyskarane. Det vart gjort fleire forsøk, men i 1943 klarte dei å sprengje anlegget. Operasjonen vart kalla «Gunnerside».

Seks norske soldatar vart plukka ut til å gjennomføre «Gunnerside». For å lure tyskarane brukte dei britiske uniformar. Tyskarane straffa ofte lokalbefolkninga viss det var norske sabotørar som aksjonerte. Aksjonen vart gjennomført på berre 30 minutt. Ingen skot vart løyste, og sabotørane kom seg unna.

Nokre månadar etter var produksjonen i full gang igjen på Vemork. Dei allierte bestemte seg for å bombe fabrikken. I november 1943 kom 161 amerikanske fly inn over Rjukan og sleppte 711 bomber. Dei fleste bomma på fabrikken, og 21 sivile vart drepne.

Då tyskarane skulle sende heim tønner med tungtvatn, brukte dei ferje over Tinnsjø. Før avgang klarte norske motstandsfolk å plassere bomber på ferja. Ferja eksploderte på veg over sjøen, og 14 sivile nordmenn vart drepne. Tyskarane mista mykje tungtvatn og valde no å flytte heile produksjonen av tungtvatn til Tyskland.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Frigjeringa av Finnmark

I løpet av krigen kom det mange tyske soldatar til Nord-Noreg. Så langt nord hadde Noreg grense mot Sovjetunionen (Russland). Det var den største fienden til tyskarane. Hitler trong mykje olje til drivstoff, og Sovjetunionen hadde mykje av dette. Ein av vegane for å få tak i dette, gjekk over grensa frå Noreg.

Etter fleire år med kampar mot russarane, valde tyskarane å trekkje seg ut i 1944. På veg sørover tvinga dei befolkninga til å flytte og brann ned store delar av Finnmark og Nord-Troms. Dette gjorde dei for at russarane ikkje skulle finne noko av verdi når dei kom over grensa.

Eit par veker seinare kom dei første russarane over grensa til Noreg og tok opp jakta på tyskarane. Den 25. oktober kom russarane til Bjørnevatn sør for Narvik. Endeleg var nordmennene i nord fri frå tyskarane.

Sovjetunionen forlet Nord-Noreg etter at freden kom den 8. mai 1945.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Freden kom 8. mai 1945

«Vår kamp er kronet med seier. Norge er atter fritt.» Dette var orda som vart brukte då freden endeleg kom den 8. mai 1945. Men det var framleis 350 000 tyske soldatar i Noreg. Dei overgav seg og vart transporterte tilbake til Tyskland.

Etter frigjeringa var folk ute og vifta med norske flagg og feira fridomen. Den 7. juni 1945 kom kong Haakon heim til Noreg. Kongen kjørte i open bil gjennom gatene i  Oslo. Endeleg var folk og konge saman igjen.

📷  Heile kongefamilien på Honnørbrygga i Oslo 7. juni 1945.

Stor innsats frå mange

Det var ikkje Noreg som gjorde at tyskarane tapte krigen. Dei avgjerande slaga stod andre stader. Likevel hadde mange nordmenn bidrege til å slå Tyskland. Ikkje minst på tallause skip som frakta drivstoff og krigsmateriell til sjøs. På norsk jord bidrog titusenvis av kvinner og menn i motstandsarbeidet. Til saman mista nesten 12 000 nordmenn livet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Kraglund, Ivar; Kjølås, Harald; Allkunne: tungtvannsaksjonen i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. desember 2021 frå https://snl.no/tungtvannsaksjonen
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Forsvarets museer
    3. Forsvarets museer
    4. Eirik Linder Aspelund / Nordisk Film
    5. Forsvarets museer
    6. Riksarkivet
    7. Karl Erik Brøndbo / Fantefilm
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Forsvarets museer