Den indre klokka di
Er det vanskeleg å sovne om kvelden, synes du? Eller kome seg opp om morgonen? Kva er det som skjer med kroppen vår frå vi legg oss til vi står opp, eigentlig?
Kontrollsenter for døgnrytme
Kroppen blir styrt etter ei slags innebygd klokke. Denne klokka er eit kontrollsenter som ligg djupt inni hjernen. Dette kontrollsenteret i hjernen heiter hypothalamus. Rytmen for å sova, for å vera vaken og for å eta blir styrt herifrå.
Hormon og lys speler inn
Kontrollsenteret for døgnrytmen heiter SCN. Dette kontrollsenteret får informasjon direkte frå netthinna bak auget om lys og mørke. Det får òg informasjon om «søvnhormonet» melatonin. Dette hormonet blir skilt ut i kroppen i store mengder om natta og lite om dagen.
Dame som sover
Du er godt i gang
Kroppstemperaturen din held fram med å auka etter at du har vakna. Dei fleste tenkjer best etter klokka 10 på formiddagen. Du kan bli søvnig tidleg på ettermiddagen etter lunsj. Mellom klokka 12 og 15 skal vera den beste tida for trening og fysisk aktivitet.
Du held fram med å vera aktiv
Blodtrykket stig jamt og trutt heile dagen. Det nærmar seg toppunktet. Når klokka blir rundt 18, så fell blodtrykket igjen. Det same skjer med kroppstemperaturen. Han har òg auka gjennom dagen.
Snart på tide å leggja seg
Etter klokka 21 byrjar kroppen å skilja ut søvnhormonet melatonin. Det er fordi det blir mørkt ute. Du blir trøytt og vil leggja deg. Hormona blir produserte gjennom heile natta. Så byrjar den indre klokka di på nytt igjen neste morgon.
Ytre og indre påverknader
I puberteten skjer det store endringar i produksjonen av hormon. Det kan påverka døgnrytmen hos tenåringar. Mobiltelefonar og andre elektroniske skjermar lagar eit blått lys. Dette blå lyset forstyrrar signalsystemet til kroppen. Dette signalsystemet passar på at vi får den viktige nattesøvnen.
Kjelder:
- Kropp & Helse (2020)
Orage Forlag AS
Bilde- og videorettar:
-
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Thinkstock / OxfordSparks – YouTube
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Thinkstock
-