Den nordiske modellen

I mange år har dei nordiske landa hamna på toppen av listene over dei beste landa å leve i. Dei skårar høgt på levestandard, inntekt og utdanning. Måten desse tre landa styrer samfunnet på, blir kalla «den nordiske modellen». Er denne modellen ein av nøklane til suksess?

Dei nordiske landa – Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island – har felles historikk og ein ganske lik måte å organisere samfunnet på. Likevel er det slik at når ein snakkar om «den nordiske modellen», så gjeld det landa Noreg, Sverige og Danmark. Desse landa blir òg kalla Skandinavia.

«Den nordiske modellen» eller «Den skandinaviske modellen» er namnet som blir brukt for å beskrive kjenneteikn ved økonomi, organisering i arbeidslivet og politisk system i Noreg, Sverige og Danmark. Fleire av desse trekka kan vi òg sjå hos Finland og Island.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tillaget gammelt kart over norden.
Tillaget gammelt kart over norden.

Norden skil seg ut

I eit globalt perspektiv kan ein seie at dei nordiske landa klarer seg veldig bra. Kva er det desse landa gjer som skil dei frå andre land?

«Den nordiske modellen» er ikkje ein fastlåst modell, men han endrar seg heile tida for å tilpasse seg nye utfordringar. Likevel kan vi seie at modellen har tre grunnpilarer: trepartssamarbeid, ein sterk velferdsstat og god økonomisk styring.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sparebøsser på rad over nordiske flagg
Sparebøsser på rad over nordiske flagg

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!