Den nordiske modellen

Det nordiske landa blir rekna som nokre av dei beste landa å bu og leve i. Det er fordi dei skårar høgt på levestandard, inntekt og utdanning. Måten desse landa styrer samfunnet på, blir kalla «den nordiske modellen». Er det ei av årsakene til at det går så bra?

Dei nordiske landa består av Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island. Desse landa organiserer samfunnet ganske likt. Likevel viser “den nordiske modellen” til Noreg, Sverige og Danmark. Desse tre landa blir òg kalla Skandinavia.

I Noreg, Sverige og Danmark har dei fleste god økonomi og ein trygg arbeidsplass. Det er demokrati som bestemmer kven som skal styre landet. Det betyr at folket er med og bestemmer.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tillaget gammelt kart over norden.
Tillaget gammelt kart over norden.

Norden skil seg ut

Kva er det som gjer at Noreg, Sverige og Danmark skil seg ut frå andre land?

«Den nordiske modellen» fungerer ganske bra. Likevel skjer det forandringar stadig vekk. Eit samfunn kan ikkje bli styrt heilt likt heile tida. Likevel kan vi seie at modellen er avhengig av følgande:

  • Trepartssamarbeid – arbeidsgivar og arbeidstakar samarbeider med staten.
  • Sterk velferdsstat – alle innbyggjarar har rett til å bli passa på i alle livets fasar.
  • Økonomisk styring – politikarar passar på at dei felles pengane vi har, blir brukte fornuftig og til glede for flest mogleg.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sparebøsser på rad over nordiske flagg
Sparebøsser på rad over nordiske flagg

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!