Tillaget gammelt kart over norden.
Sparebøsser på rad over nordiske flagg
Mange fellestrekk
Dei nordiske landa er stabile og sterke demokrati. Folket er med og bestemmer. Dei har òg mange rettar når det gjeld tryggleik, helse og eigedom. Dei som styrer, blir møtte med stor tillit.
Ung kvinne med hevet knyttneve i gatene under en streik, eller protest.
Trygge og gode arbeidsvilkår
Veldig mange i arbeidslivet er fagorganiserte. Då får dei god hjelp viss dei til dømes mister jobben. I dei nordiske landa er det vanleg at arbeidsgivar, fagforeiningane og staten samarbeider. Dette blir kalla «trepartssamarbeidet».
Storstreik i Oslo 28. januar 2015
Mor med barn i møte med en sosialarbeider.
Stabil økonomi
Eit anna kjenneteikn er at dei nordiske landa har god styring på økonomien. Sjølv om prisane på mat og straum kan stige, klarer dei fleste seg ganske bra økonomisk. Staten kan òg bidra økonomisk for å hjelpe til i vanskelege tider.
Sparegris som skyter opp som en rakett.
Figurer av ulike mennesker står oppå ulike hauger med mynter.
En far ser ned i barnevognen på en blid, nyfødt baby.
Eldre mennesker går tur langs en strand.
Produktivitet
Arbeidarar i Norden er flinke til å jobbe. Vi ligg heilt i verdstoppen når det gjeld å produsere varer og tenester.
Kva trur du er grunnen til dette?
En vegg med lastecontainere
Konkurransedyktige
Firma i Norden kan konkurrere over heile verda. Vi har varer og tenester som mange ønskjer å kjøpe. Teknologi og høg kompetanse gjer dette mogleg.
Mykje teknologi
Før i tida var fabrikkane heilt avhengige av mange arbeidarar. Med moderne teknologi kan maskiner og robotar overta mange arbeidsoppgåver. Det er ofte billigare enn å ha mange arbeidarar med høge lønningar. Fabrikkane blir òg meir effektive og kan produsere varer billigare.
🎥 Komplett.no i Sandefjord var tidleg ute med å bruke robotar på lageret sitt.
Mørk blå bakgrunn med prikker.
Tillit til staten
Innbyggjarar i dei nordiske landa har høg tillit til styresmaktene, samanlikna med mange andre land i verda. Vi stoler på at styresmaktene vil det beste for innbyggjarane no og i framtida.
Kvifor har vi så høg tillit til styresmaktene i Noreg, trur du?
Oversiktsbilde av stortingssalen.
Penger faller ned i en sparegris
Knust sparegris i vann.
Bestefar og barnabarn vanner planter i hagen.
Et barn stabler steiner på stranden.
Vil modellen bestå?
Den nordiske modellen fungerer godt for dei fleste. Likevel må han bli passa på. Klarer vi å behalde modellen i møte med dei mange utfordringane i framtida? Det blir i så fall opp til dei generasjonane som skal ta over. Dei må finne gode løysingar for å løyse utfordringane som dukkar opp.
Barn som holder på med kjemi i et klasserom iført vernebriller.
Vil du vite meir om den nordiske modellen? Sjå videoen under for meir informasjon.