Den norske teknologireisa
I dag er Noreg eit rikt og teknologisk land, men slik har det ikkje alltid vore. Mange har lært at Noreg var eit av Europas fattigaste land for 150 år sidan, men stod det verkeleg så dårleg til i Noreg som vi har trudd?
Oljeplattform i Nordsjøen
Metallringen som endra verda
Teknologi er nyttige ting som hjelper oss i kvardagen.
Stigbøylen er døme på gammal teknologi. Vi veit ikkje når han vart oppfunnen, men det vart mykje enklare å ri. Ikkje minst for soldatar som måtte ha kontroll på hest og våpen.
Kongen med dei beste ryttarane vann mange krigar. Og krig har forandra verda på godt og ondt.
Foten til en ridder i rustning som er stukket inn i en stigbøyle.
Vikingskip på vannet i et mystisk slør av tåke.
Noreg før 1800-talet
På 1600-talet var det mange som jobba i gruver. Der tok dei ut jern og kopar. Dette vart mellom anna brukt til å lage reiskapar, myntar og våpen.
Mykje av teknologien dei trong for å sprengje seg inn i fjellet, kom frå Tyskland. Dei fleste som jobba i Noreg, var bønder og fiskarar. Det var store forskjellar på rik og fattig.
Gammel gruve med tømmerstokker som støtter opp taket.
Kvinner jobber på fabrikk
Norges første jernbane
Noreg – ein industrinasjon
På slutten av 1800-talet hadde Noreg få dampskip. Det var ein av grunnane til at færre kjøpte norsk tømmer, jern og fisk. Det gjekk for tregt med robåtar og seglskuter.
I jordbruket hadde arbeidsdagen vorte noko lettare på grunn av maskinar. Likevel var det mykje fysisk tungt arbeid. Sjølv om mykje framleis var tungvint, hadde Noreg vorte ein industrinasjon.
Tegning av en innhøstingsmaskin fra tidlig 1900-tall.
Kvalfangst
Menneske har jakta på kval i over 10 000 år. På slutten av 1800-talet vart det funne opp ein ny måte å drepe kval på.
Tønsberg-mannen Svend Foyn fann opp ein granatharpun. Denne eksploderte når han trefte kvalen. Dermed fekk Foyn ein teknologisk fordel og vart veldig rik. No låg Noreg langt føre alle andre innan kvalfangst.
Sort hvitt tegning av hvalfangere som skyter med granatharpun på hval i urolig sjø.
Sjokolade, fiskekrokar og hermetikk
Folk fekk behov for fleire og fleire ting. Kjeks frå Sætre, sjokolade frå Freia, spikar og fiskekrokar frå Mustad og hermetikk frå Stavanger. Det var òg stort behov for harpuner til kvalfangst og gevær til jakt. Det var ny teknologi som gjorde alt dette mogleg.
Seks biter med sjokolade fra Freia der bitene har bilde av Freia-storken.
Norges første trikk på utsiden av Stortinget i 1894.
Gammel demning på Notoden fra Norsk hydro sin første fabrikk fra 1905.
Noreg blir ein oljenasjon
Før og under 2. verdskrigen vart det laga masse våpen. Mange fabrikkeigarar tente mykje pengar. Samtidig var mange arbeidsledige, og det var mangel på heilt vanlege ting.
Etter krigen var Noreg eit ganske fattig land. Då vi fann olje i Nordsjøen i 1969, vart Noreg eit av dei rikaste landa i verda.
To gamle datamaskiner fra 1980-tallet stående på et skrivebord på et kontor.
Tre skoleelever sitter ved tre PC-er med blå frakker og VR-briller.
Kjelder:
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Yngvar Nielsen
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Shyamal
-
Ukjent / Norsk folkemuseum (CC BY-SA 3.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-