Kart over Det britiske imperiets
Det australske flaget heist opp i en flaggstang
Canada
Då Storbritannia vann over franskmennene i sjuårskrigen frå 1756 til 1763, underskreiv dei Parisavtalen. Frankrike måtte gi frå seg New France, som Canada var ein del av, til det britiske imperiet. Det er framleis ein del av Samveldet av nasjonar.
Mid-Victorian map of Canadian Eastern Provinces
Vestindia
Etter Christofer Columbus’ oppdagingar på det amerikanske kontinentet, starta eit kappløp mellom Europas stormakter om å kolonisere dei karibiske øyane. I 1912 vart dei britiske territoria delt inn i åtte koloniar: Bahamas, Barbados, Britisk Guyana, Britisk Honduras, Jamaica, Trinidad og Tobago, Windward Islands og Leeward Islands. Dei fleste fekk sjølvstendet tilbake mellom 1960 og 1980.
Bilde fra en sukkerplantasje på Jamaica der slaver gjør jobben.
Amerika
Englands første varige busetjing i Amerika vart etablert i Jamestown i 1607. Men i 1783 mista Storbritannia dei tretten koloniane sine, etter over åtte år med usemje om skatteordning og styresett.
Jamestown, Saint Helena, British Overseas Territories
Sør-Afrika
I 1820 gjekk rundt 5000 britiske nybyggjarar i land i Cape Town i Sør-Afrika, som er ei viktig hamn i handelsruta til India. Dei neste åtti åra kjempa dei mot boarane om kontrollen av regionen. Sør-Afrika fekk full lausriving frå England i 1931.
Oversiktsbilde av Cape Town and the 12 Apostels
Australia
Dei første britane koloniserte Australia i 1788. Det blir sagt at 90 prosent av urbefolkninga vart utsletta dei første to åra under britisk makt. Urbefolkning vil seie det opphavlege folket i området.
Karikatur av britisk bosetting i Australia i 1850 tegnet av illustratøren John Leech
Samveldet
I 1949 vart Samveldet av nasjoner stifta på frivillig basis. Det bestod først av åtte uavhengige statar der dei fleste var tidlegare britiske kolonistatar. I dag er 2,4 milliardar menneske i 54 land medlemmar av Samveldet. Medlemskap i Samveldet er frivillig.
Alle landa godtek den britiske dronninga som Samveldets overhovud. Nokre av landa har òg den britiske monarken som statsoverhovud. Deltaking i Samveldet er frivillig.
Kjelder:
- Vitenskap & historie (nr. 2/2020)
Orage Forlag AS
- Iddeng, Jon Wikene: imperium i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. juni 2020 frå https://snl.no/imperium
- Knudsen, Olav Fagelund; Lundbo, Sten: Samveldet av nasjoner i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. juni 2020 frå https://snl.no/Samveldet_av_nasjoner
- Wikipedia (15.07.2020): Koloni
https://no.wikipedia.org/wiki/Koloni
- NAOB (15.07.2020): selvstyre
https://naob.no/ordbok/selvstyre
Bilet- og videorettar:
-
-
Alamy
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
WatchMojo.com – Youtube
-