Begynnelsen til det britiske imperiet

Frå 1500-talet til 1900-talet 

Det britiske imperiet blir ofte delt inn i to delar: det første imperiet og det andre imperiet.

Eit imperium er eit rike som blir styrt av ei sentralmakt.

Det første imperiet starta då Storbritannia byrja å forme rike på 1500-talet. I 1783 hadde imperiet koloniar (land eller område utanfor moderlandet) i Amerika og Vestindia. Den første britiske busetjinga i Afrika var på James Island i Gambiaelva i 1661. Ein meiner at det første imperiet tok slutt då britane mista dei amerikanske koloniane i 1783.

Under andre del av det britiske imperiet voks imperiet veldig. Britane tok over meir land enn nokon gong før. Ved slutten av 1800-talet bestod det britiske imperiet av nesten ein firedel av alle landområda i verda, og over 25 prosent av befolkninga i verda. 30 prosent av Afrikas befolkning var òg under Storbritannia.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kart over Det britiske imperiets
Kart over Det britiske imperiets

Slutten på det britiske imperiet 

Frå 1945 fram til i dag  

Etter andre verdskrigen gjekk det sakte mot slutten for det britiske imperiet. Storbritannias økonomi var kraftig svekt etter krigane. India starta endringa då landet erklærte seg fritt i 1947. 

I 1950-åra tillét den britiske regjeringa sjølvstende til Sudan, Gullkysten og Malaysia. Mange britiske koloniar hadde allereie fått sjølvstyre (retten til å bestemme over seg sjølv) då imperiet begynte å falle saman.

I 1867 var Canada den første kolonien til å få sjølvstyre. Australia og New Zealand følgde etter på begynnelsen av 1900-talet. Landa var framleis knytte til den britiske staten, men dei hadde òg ein eigen råderett. Dei neste 20 åra fekk store delar av dei karibiske landa òg fridommen sin.

Den endelege slutten på imperiet vil mange seie var i 1997. Då vart Hongkong ein del av Kina igjen. Likevel fekk området behalde noko av råderetten sin.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Det australske flaget heist opp i en flaggstang
Det australske flaget heist opp i en flaggstang

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!