KROPP OG SEX MED FRODE:

Det er kleint!

Jada, jada! Det er kleint å snakke om. I alle fall på skulen! Sex, sex, sex, sex. Vi les ordet overalt. Det er på framsida av aviser og i blad. Og over heile internett. Allikevel kan vi begynne å fnise når vi snakkar om det. Kanskje til og med kaldsveitte litt. Kvifor er det sånn?

Det kjennest kleint

Det er ikkje så rart at det kan kjennast kleint. Foreldre som fortel kor viktig det er å bruke kondom. Eller læraren din som står og snakkar om kropp?

Kvifor kjennest det så annleis å snakke om seksuell helse enn om vikinghistorie eller geografi, trur du?

En illustrert banan med en rosa kondom trukket over seg.
En illustrert banan med en rosa kondom trukket over seg.

Så, kvifor er det kleint?

Når vi snakkar om sex, går vi inn på det private i livet. Vi har ulike grenser og bakgrunnar. Somme snakkar fritt og opent om seksualitet og relasjonar. Andre held det helst for seg sjølv. Ofte lar vi vere å snakke ordentleg om ting. Det kan vere fordi vi er redde for at det skal bli kleint. Vi veit heller ikkje korleis vi blir møtte. Det gjer det berre kleinare når ein først snakkar.

Tenk deg at du sit i ein time om seksuell helse på skulen. Kanskje bryt du opp den kleine stemninga med å vitse? Det kan vere du gjer det for å tøffe deg, eller kanskje du synest det er vanskeleg å snakke om sex? Tenk på at det kan påverke andre.

Sex treng ikkje å vere så alvorleg. Humor kan lette stemninga. Men hugs at du kan såre nokon. Det kan hende andre trekkjer seg tilbake. Samtalen kan stoppe opp. Le gjerne med kvarandre. Ikkje av kvarandre! Prøv å vere tøff nok til å takle klein stemning. Pust roleg inn når du tenkjer å slenge med leppa. Jobb med dine eigne kjensler. Ikkje gjer eit nummer ut av andre sine.

Vi er forskjellige! Derfor er det viktig at vi er rause med kvarandre. Kanskje er det litt bra at det er kleint? Vi skal ta omsyn og vise respekt for kvarandre når intimitet er tema.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Fem illustrerte figurer som sitter rundt et bord. Den ene figuren rekker opp hånden.
Fem illustrerte figurer som sitter rundt et bord. Den ene figuren rekker opp hånden.

Kvifor skal vi ha seksualundervisning?

I seksualundervisninga lærer du å forstå meir av din eigen og andre sin seksualitet. Sex er mykje meir enn å liggje med nokon. Du skal bli kjend med eigne og andre sine grenser og val. Med det å ha eit positivt syn på eigen og andre sin kropp. Ein kan oppdage at flaue ting med sex ikkje var det. At enkelte rare tankar ikkje er så rare likevel. Ein kan sjå forskjellen på sunne og usunne fantasiar. Forstå forskjellen på porno og sex. Kva som er med manus og ikkje. Ein kan få verktøy til å handtere ein ubehageleg situasjon. Anten nokon har gjort noko mot deg. Eller viss du har gjort noko mot andre.

Kunnskap gir tryggleik

Tenk deg forskjellen på å liggje med ein som forstår kroppen din og ein som ikkje gjer det. Tenk korleis det er å liggje med ein som ikkje vil snakke med deg. Berre vil gjere seg ferdig. Sjå forskjellen då på ein som kan halde hender. Sjå deg i auga. De snakkar og smiler trygt til kvarandre. Veit at de gjer dette saman.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En illustrasjon av en PC. På skjermen ser vi første side av artikkelen Det er kleint.
En illustrasjon av en PC. På skjermen ser vi første side av artikkelen Det er kleint.

Ta deg god tid

Som ung kan ein kjenne at det hastar å ha sex. Mange skryter av ting dei har gjort. Kva dei har opplevd. Kanskje dei berre ikkje klarer å slutte å snakke om sex? Sjølv når dei ikkje aner kva dei snakkar om.

Følg magekjensla

Det fine med å vere ung er nettopp at ein har best tid av alle! Lytt til magekjensla, og respekter dine eigne grensar. Då kan du vere sikker på at den sexen du vel å ha, blir mykje betre enn den andre skryter av.

Alle er ikkje opptatt av sex

Du er ikkje nøydd til å vere nysgjerrig på desse tinga. Det er naturleg å ha andre ting du er meir opptatt av. Hobbyar og venner. Kanskje kjenner du ikkje noko som dreg deg mot alle desse sex-greiene. Kanskje du blir interessert i det om eit par år.

Ver nysgjerrig!

Do meir ein veit, dess meir forstår ein at ein ikkje veit. Sånn er det òg med sex. Kanskje du har fleire spørsmål etter seksualundervisninga enn før? Spørsmål og opne tankar er nøkkelen til å forstå seg på seksualitet. Hald fram med å vere nysgjerrig og leite etter svar!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
To illustrerte figurer som er nakne nedentil. En mann og en kvinne.
To illustrerte figurer som er nakne nedentil. En mann og en kvinne.

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?

Snakk gjerne med helsesjukepleiar på skulen din eller på helsestasjonen. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester du kan kontakte. Du kan vere anonym. Det kostar ingenting.

 

Skrive av Frode Gjerløw.

Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Frode Gjerløw?

Frode har skrive fleire artikler for Skolerom og er ein fast skribent på plattforma.