Det magiske nordlyset

Før trodde folk at nordlyset var ein slags portal mellom vår verd og Åsgard, som var gudane sitt rike. Men kva er det eigentleg?

Accessibility icon Det magiske nordlyset

Lyden av nordlyset

Det er vinter og midt på natta. Over himmelen fer eit lys. Lyset er gult, grønt og kvitt. Det rører på seg. Kan du høyre at det knitrar? Kva er eigentleg nordlyset?

Den mytiske forklaringa

Ei mytisk forklaring er ein teori som fortel kvifor ting er som dei er. Men ein kan ikkje bevise teorien.

Ein ting er sikkert: Menneska har alltid vore opptekne av nordlyset.

Sør i Frankrike finst det teikningar av nordlyset inne i ei hole. Teikningane er 30 000 år gamle. Dei eldste forteljingane om nordlyset er frå Kina. Historiene er 4 000 år gamle. I antikken (700 f.Kr.-500 e.Kr.) trudde ein at nordlyset var eit teikn frå gudinna Aurora. Namnet tyder soloppgang.

Lyset likna ei vogn. Ein trudde vindane dytta vogna framover. Det greske ordet for vind er “borea”. Nordlyset fekk derfor namnet aurora borealis.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bilde av nordlys i Lofoten
Bilde av nordlys i Lofoten

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!