Det magiske nordlyset

Før trodde folk at nordlyset var ein slags portal mellom vår verd og Åsgard, som var gudane sitt rike. Men kva er det eigentleg?

Accessibility icon Det magiske nordlyset

Lyden av nordlyset

Det er ei mørk, kald vinternatt. Over himmelen fer det ein boge av gult, grønt og kvitt lys. Lyset rører på seg. Det dansar, men gjer òg aggressive kast. Kan du høyre at det knitrar? Kva er eigentleg nordlyset?

Den mytiske forklaringa

Når ei forklaring er mytisk, finst det ikkje ei vitskapleg forklaring på teorien. Likevel er det mange som trur på at denne forklaringa er sann.

Ein ting er sikkert: Menneska har alltid vore opptekne av nordlyset.

I Sør-Frankrike finst holemåleri av nordlyset. Måleria er 30 000 år gamle. Dei eldste forteljingane om nordlyset er frå Kina. Historiene er 4 000 år gamle. I antikken (700 f.Kr.-500 e.Kr.) trudde ein at nordlyset var eit teikn frå gudinna av morgonlyset. Gudinna heitte Aurora. Det betyr soloppgang.

Lyset likna ei vogn. Ein trudde at vogna fekk fart med hjelp frå vinden. Det greske ordet for vind er “borea”. Derfor fekk nordlyset namnet aurora borealis. Når det var nordlys på himmelen, trudde ein det var fordi natta snart skulle bli dag.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bilde av nordlys i Lofoten
Bilde av nordlys i Lofoten

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!