Det magiske nordlyset

Før trudde folk at nordlyset var ein slags portal mellom verda vår og Åsgard, som er gudane sitt rike. Men kva er det eigentleg?

Accessibility icon Det magiske nordlyset

Lyden av nordlyset

Det er ei mørk, gnistrande kald vinternatt. Plutseleg fer ein boge av gult, grønt og kvitt lys over hovudet ditt. Lyset rører på seg, dansar lett og endrar seg i aggressive kast. Høyrer du ikkje òg ein knitrande lyd? Kva er eigentleg nordlyset?

Den mytiske forklaringa

Ei mytisk forklaring er ein teori som mange menneske har trudd på utan vitskaplege bevis. Derfor kan det finnast mange ulike forklaringar på eit fenomen.

Eitt er sikkert: Nordlyset har oppteke menneska så lenge vi har eksistert på jorda.

I Sør-Frankrike finst holemåleri av nordlyset som er 30 000 år gamle. Dei eldste legendene vi kjenner om dette lysfenomenet, er heile 4 000 år gamle og stammar frå Kina. I antikken (700 f.Kr.-500 e.Kr.) knytte vitskapsmenn nordlyset til gudinna av morgonlyset. Henne kalla dei Aurora, som tyder soloppgang.

Lyset vart samanlikna med ei vogn driven av vinden. Vind heiter på gresk “borea”. Derfor fekk nordlyset namnet aurora borealis, og fenomenet var brukt som forklaring på at natta snart var på veg mot dag.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bilde av nordlys i Lofoten
Bilde av nordlys i Lofoten

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!