Det sårbare demokratiet

Mange tek demokratiet for gitt, men demokratiet er ganske sårbart. Fleire land i verda opplever at ein går bort frå folkestyre til meir autoritære og diktatoriske styresett. Men finst det andre måtar å skape folkestyre på enn dagens demokrati?

Accessibility icon Det sårbare demokratiet

Står demokratiet for fall?

Fleire demokrati har vorte skaka det siste tiåret på grunn av misnøye med den politiske styringa. Det har vore økonomiske kriser, og vi har sett politiske leiarar som ønskjer å gå tilbake til autokrati. Autokrati er ei styreform der mesteparten av den politiske makta er samla i hendene på ein enkeltperson eller ei lita gruppe.

Lita støtte

Støtta til demokratiet er på sitt lågaste sidan andre verdskrigen, spesielt i den vestlege verda. Det gjer at mange ikkje engasjerer seg i politiske val, og ikkje bruker stemmeretten sin. Held det fram slik, vil berre halvparten av innbyggjarane i Vesten stemme i val om fem år.

Kva vil styre oss?

Forsvinn demokratiet – og kva vil i så fall erstatte det? Blir det diktatur som dei vi kjenner frå begynnelsen av førre hundreår, eller er det kunstig intelligens som kjem til å styre oss i framtida?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En mann styrer mange mennesker med tråder.
En mann styrer mange mennesker med tråder.

Lærer vi noko av historia?

Mykje av det som skjer i verda, har skjedd før, men lærer vi eigentleg noko av historia? Folk flest ønskjer nok å leve trygt og godt og vere med og bestemme over sitt eige liv. Kvifor er det då så mange som opplever det stikk motsette?

Ulike styreformer

Demokrati skil seg frå andre styreformer som diktatur, anarki og meritokrati. Demokrati har vore meir unntaket enn regelen. Land og område har ofte vorte styrte av oligarkar, despotar og diktatorar.

Diktatorar og oligarkar

Eit diktatur blir ofte styrt av éin person, slik som diktatoren Adolf Hitler i Tyskland under 2. verdskrigen. Her fekk ikkje folk flest nokon medråderett. Eit diktatur kan òg styrast av oligarkar, og då er det ei gruppe personar som sit med makta. Mange av desse statsleiarane var og er despotar – brutale og valdelege leiarar.

Anarki og meritokrati

Anarki er ei styringsform der ingen sit med noka overordna makt. Samfunnet blir styrt gjennom samarbeid og eit ønske om fri vilje. I eit meritokrati er det dei med spesielle evner og ferdigheiter som blir sette til å styre. Ei slik styringsform er svært sjeldan.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En overdimensjonert rød mann ser ned på en stor folkemengde.
En overdimensjonert rød mann ser ned på en stor folkemengde.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!