Det sårbare demokratiet

Mange tek demokratiet for gitt, men demokratiet er ganske sårbart. Fleire land i verda opplever at ein går bort frå folkestyre til meir autoritære og diktatoriske styresett. Men finst det andre måtar å skape folkestyre på enn dagens demokrati?

Accessibility icon Det sårbare demokratiet

Står demokratiet for fall?

Det siste tiåret har det vore økonomiske kriser og misnøye med den politiske leiinga i fleire demokrati. Fleire stader er det enkeltpersonar eller små grupper som har den politiske styringa. Dette blir kalla autokrati. Folka mister moglegheita til å delta som i eit demokrati.

Lita  støtte

Stadig fleire sluttar å bruke stemmeretten sin og engasjerer seg ikkje politisk. Støtta til demokratiet er på sitt lågaste sidan andre verdskrigen.

Kva vil styre oss?

Blir demokratiet borte? Kva vil det då blir erstatta av? Vil det kanskje bli erstatta av diktatur som i førre hundreåret? Då var det nokre få som bestemte det aller meste.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En mann styrer mange mennesker med tråder.
En mann styrer mange mennesker med tråder.

Lærer vi noko av historia?

Dei fleste ønskjer seg eit trygt liv der dei bestemmer sjølve. Likevel er det mange som ikkje har det slik. Ting som skjer i verda i dag, har hendt før. Har vi eigentleg lært noko av historia?

Ulike styreformer

Det finst meir vanlege styreformer enn demokratiet vårt. Mange land og område blir styrte som diktatur, anarki og meritokrati. Dei som styrer, blir kalla oligarkar, despotar og diktatorar. Felles for dei er at dei har makta ganske åleine.

Diktatorar og oligarkar

Eit diktatur blir oftast styrt av éin person. Under 2. verdskrigen styrte Adolf Hitler åleine. I eit diktatur har ikkje folket noko dei skulle ha sagt. Ein diktator er ofte ein brutal og valdeleg leiar. Oligarkar er ei gruppe menneske som styrer diktaturet saman.

Anarki og meritokrati

Nokre land blir styrte som eit anarki. Då blir samfunnet styrt av folk i samarbeid, og ikkje av nokre få utvalde personar. Er du ein av dei med spesielle evner og ferdigheiter? Då kunne du ha styrt i den sjeldne styreforma, meritokrati.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En overdimensjonert rød mann ser ned på en stor folkemengde.
En overdimensjonert rød mann ser ned på en stor folkemengde.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!