Det store energi-dilemmaet

Auka levestandard kan føre til høgare energiforbruk. Kva gjer vi då når vi ønskjer at alle skal ha god livskvalitet, samtidig som vi ønskjer å ta vare på kloden vår?

Accessibility icon Det store energi-dilemmaet

Kva vil du ofre?

Me treng energi for å produsera mat og for å leva trygt og godt.

Ville du bytt ut mobilen din, eller varme i huset, for at nokon andre i verda kunne fått eit betre liv?

Lite fornøyd kvinne under dyna med lue på.
Lite fornøyd kvinne under dyna med lue på.

Energi er viktig for alle

Alle menneske treng noko som kan laga energi. Anten det er for å varma opp huset sitt eller laga mat.

Jo høgare levestandard me har, desto meir energi bruker me. Viss fleire i verda skal få betre levestandard, må me bruka meir energi.

Det beste er å bruka fornybare energikjelder som vatn, vind og sol. Ikkje bruka opp olje, kol og gass. Dette er ikkje-fornybare energikjelder.

Kven brukar mest energi?

I Kina, USA og India blir det brukt mest energi. I desse landa bur det nemleg flest menneske.

I forhold til innbyggartal bruker Noreg og Island mest energi.

Energiforbruket i verda er veldig ulik. I dei rike landa me kallar industriland, blir mykje energi brukt for å produsera varer og tenester.

Døme på slike land er Noreg, USA og Sør-Korea.

I fattigare land som blir kalla utviklingsland, er det mindre energiforbruk.

Folk som bur her, har ikkje økonomi til å eiga eller produsera like mange ting.

Dette er land som Afghanistan, Haiti og Somalia

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.
Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.

Kva blir energien brukt til?

I industriland blir det meste av energien brukt til fabrikkar, matproduksjon, transport og private heimar.

I utviklingsland blir det meste av energien brukt til matproduksjon.

Mange kjelder til energi

Mange tenkjer kanskje på elektrisitet når vi snakkar om energi, men definisjonen på energi er «evna til å utføre arbeid».

Det betyr at det er mange kjelder til energi. Desse er delt i to hovudgrupper: fornybare energikjelder og ikkje-fornybare energikjelder.

Høyspentkabler som går gjennom et landskap.
Høyspentkabler som går gjennom et landskap.

Utviklingsland

Dei mest vanlege energikjeldene i verda er olje, kol og gass. Alle desse energikjeldene slepper ut farlege gassar som øydelegg klimaet.

 I utviklingsland er spesielt kol ei viktig energikjelde. Kol er den billigaste og enklaste kjelda til energi.

Industriland

I industriland brukar vi stadig meir energikjelder som er fornybare. Solkraft, vindkraft og vasskraft er alle kjelder til energi som ikkje slepper ut klimagassar.

I Noreg kjem heile 62 prosent av energien frå fornybare energikjelder. Til samanlikning produserer Russland berre 3 prosent fornybar energi, og USA berre 10 prosent.

Vannkraftverket i Gudbrandsdalen
Vannkraftverket i Gudbrandsdalen

Energi og levestandard

I Noreg har dei fleste høg levestandard. Det betyr at me har mange ting som gjer livet godt å leva.

Dei fleste har økonomi til å kjøpa hus eller leilegheit, bil og datautstyr.

Med betre levestandard får vi ofte høgare forbruk av energi.

Likevel kan ein sjå at i land som Noreg har det skjedd ei effektivisering av energibruken.

Moderne utstyr brukar energien på ein mykje meir effektiv måte enn tidlegare.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Har alle tilgang på moderne teknologi?

Mange utviklingsland får høgare og høgare levestandard. Då aukar også behovet for energi.

Spesielt til bustader med oppvarming, utstyr til matlaging og bil.

Tilgangen på moderne og energieffektiv teknologi er mindre i utviklingsland enn i industriland.

I mange utviklingsland blir energien frakta ofte gjennom gamle og utdaterte gassrøyr, kablar og leidningar. Dette gjer at mykje energi blir sløst bort til ingenting.

Derfor kan energiforbruket i utviklingsland vere større enn i industriland.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Energibruk og klima

Menneskes energiforbruk er med på å øydeleggja klimaet. Spesielt bruken av ikkje-fornybare energikjelder.

Mange land har skrive under Paris-avtalen. Med denne avtalen har ein blitt einige om å jobbe for eit betre klima.

Er det ikkje berre å bruke fleire fornybare energikjelder, då, for å nå desse måla?

📷  Canadas statsminister Justin Trudeau var ein av dei mange statsleiarane som signerte Paris-avtalen i 2016.
Canadas statsminister Justin Trudeau signerer Paris-avtalen i 2016
Canadas statsminister Justin Trudeau signerer Paris-avtalen i 2016

Vanskeleg opptur

I India har ei stor gruppe fattige fått betre levestandard. Det vil seie at mange har eit anna energibehov enn tidlegare.

Den billigaste og mest tilgjengelege energikjelda i India er kol. India har nemleg tilgang på over 100 milliardar tonn kol.

Landet nektar å begrense bruken av kolkraft trass i stor luftforureining. Ein av konsekvensane blir at barn må haldast  heime frå skulen.

Det kostar mykje å slutte med kol. Grønare energikjelder er for dyrt. Dette er pengar som mange utviklingsland ikkje har.

Dei er heilt avhengige av økonomisk støtte frå rikare land.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Alt har ein pris

Nesten all teknologi inneheld delar som treng mineral eller metall.

Desse finst inne i fjell og på havbotnen. I ein mobiltelefon kan det vere opptil 40 ulike metall.

Dette gjeld òg utstyret vi treng for å hente ut den fornybare energien, slik som vindmøller og solceller.

For å byggje ei stor vindmølle trengst det 30 tonn kopar, over 2 tonn bly og 1 tonn aluminium. Pluss nokre hundre kilo kvar av fleire sjeldne metall.

Alt dette må bli utvunne frå fjell eller havbotn.

Dette forureinar mykje, og det kan øydeleggja store område på land eller i havet.

Alt har sin pris

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mobiltelefonen med bakdelen tatt av
Mobiltelefonen med bakdelen tatt av

Korleis kan energi-dilemmaet bli løyst?

Verda står overfor ei dobbel utfordring: Vi må kunne tilby energi til dei som treng det, samtidig som vi må forureine mindre.

Dette kan vi kalle eit energi-dilemma.

Me må finna ut  av korleis dette kan løysast.

Kan me halda fram med å leva som me gjer?

Kan jordkloden gi alle den energien dei treng?

Bør me støtta utviklingsland med pengar til å bruka meir grøn energi?

Ifølgje FNs verdserklæring om menneskerettar skal vi sikre god helse og fremje livskvalitet for alle.

Korleis kan vi fordele goda samtidig som vi bevarer eit godt klima?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Stoltz, Gerhard; Sterri, Aksel Braanen: levestandard i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 27. juni 2022 frå https://snl.no/levestandard
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. UN Photo / Amanda Voisard
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images