Det store energi-dilemmaet
Auka levestandard kan føre til høgare energiforbruk. Kva gjer vi då når vi ønskjer at alle skal ha god livskvalitet, samtidig som vi ønskjer å ta vare på kloden vår?

Kva vil du ofre?
Vi treng energi for å produsere mat og for å leve trygt og godt.
Ville du byte ut mobilen din, eller varme i huset, for at nokon andre i verda kunne fått eit betre liv?

Lite fornøyd kvinne under dyna med lue på.
Energi er viktig for alle
Alle menneske treng energi, anten det er for å varme opp huset sitt eller lage mat.
Di høgare levestandard vi har, dess meir energi brukar vi. Viss fleire i verda skal få betre levestandard, treng vi meir energi.
Men me bør bruka energi frå vatn, vind og sol, ikkje olje, kol og gass. Dei blir kalla ikkje-fornybare energikjelder og dei kan bli brukte opp.

Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.
Kva blir energien brukt til?
I industriland blir det meste av energien brukt til fabrikkar, matproduksjon, transport og private heimar.
I utviklingsland blir det meste av energien brukt til matproduksjon.
Mange kjelder til energi
Energi er meir enn elektrisitet.
Energi er «evna til å utføra arbeid». Det betyr at det er mange kjelder til energi. Desse er delte i to hovudgrupper: fornybare energikjelder og ikkje-fornybare energikjelder.

Høyspentkabler som går gjennom et landskap.
Utviklingsland
Dei mest vanlege energikjeldene i verda er olje, kol og gass. Alle desse energikjeldene slepp ut farlege gassar som øydelegg klimaet.
I utviklingsland blir det brukt mykje kol. Det er den billigaste og enklaste kjelda til energi.
Industriland
I industriland brukar vi stadig meir solkraft, vindkraft og vasskraft.
Dette er fornybare energikjelder, og dei slepper ikkje ut farlege gassar. I Noreg kjem over 60 prosent av energien frå slike energikjelder.
Til samanlikning produserer Russland berre 3 prosent fornybar energi. USA ligg på berre 10 prosent.

Vannkraftverket i Gudbrandsdalen
Energibruk og klima
Energiforbruket til menneske er med på å øydeleggje klimaet. Mange land har derfor skrive under Paris-avtalen. Denne avtalen vart vedteken i 2015 og set krav til alle land. Alle skal jobbe for eit betre klima, og vi skal hjelpe utviklingsland til å bruke energien meir effektivt.
Kan me ikkje berre bruka fleire fornybare energikjelder for å nå måla i Paris-avtalen?
📷 Canadas statsminister Justin Trudeau var ein av dei mange statsleiarane som signerte Paris-avtalen i 2016.

Canadas statsminister Justin Trudeau signerer Paris-avtalen i 2016

Mobiltelefonen med bakdelen tatt av
Kjelder:
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
UN Photo / Amanda Voisard
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-