Regnskogen er heim for meir enn halvparten av alle dyreartane i verda.

Forskarane veit at det finst tusenvis av artar vi ennå ikkje har oppdaga. Insekt er den største dyregruppa i regnskogen. Dyra konkurrerer om mat og ly, og mange artar er trua eller allereie døydde ut.

Pattedyr

Det er mange ulike pattedyr som likar seg i den varme, fuktige vegetasjonen eller i dei kjølige elvene i regnskogen. Her bur det alt frå små trespissmus og villsvin til enorme nashorn og elefantar. Det finst også apar og lemurar. Dei er nokre av dei smartaste dyra på kloden.

Nokre regnskogdyr er sjenerte og løyndomsfulle. Andre regnskogdyr, som tiger og puma, er skumle rovdyr.

Visste du at … 

… seks regnskogpattedyr, som brillebjørn og fleire lemurar, kan døy ut i løpet av 5–10 år.

… kapusinarapar har eit spesielt forhold til blomstrande tre. Når apen slikkar i seg nektar frå blomsteren, får han pollen i andletet. Så tek han med seg pollenet til neste blomster han besøkjer, og bestøvar blomsteren.

… eit 10 kvadratkilometer stort område med regnskog husar 150 ulike artar pattedyr.

… den rosa amazondelfinen har ein bøyeleg hals som gjer at han kan snu på hovudet for å finna fram i skogslettene som er fløymde over.

… jaguaren lever og jaktar åleine, utanom i paringstida. Han jaktar mest på bakken, men klatrar også opp i tre for å sjå etter byttedyr. Han kan bita heilt inn til beinet. Namnet tyder «han som drep med eitt sprang».

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Fugleliv

Regnskogen husar fleire fugleartar enn nokon annan stad på jorda. Tusenvis av fuglar skrik og flaksar rundt i tretaket. Her finn ein blant anna fargerike papegøyar, hornfuglar og tukanar. Det finst også rovfuglar som ørner, våkar og gribbar. Nokre fugleartar trekkjer til regnskogen om vinteren og reiser tilbake til kjøligare strøk om våren og sommaren.

Visste du at  

… araer samlar seg i flokkar på leireklippane i Amazonas. Dei et leira fordi han inneheld stoff som bryt ned gifta i frøa som dei også et.

… ein kolibri må eta halvparten av si eiga kroppsvekt kvar dag. Han et blomsternektar.

… det finst 1500 fugleartar i Amazonas.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Småkryp

Dei fleste av dyra i regnskogen er virvellause dyr. Virvellause dyr manglar ryggrad. Døme på desse er insekt (som sommarfuglar, maur og biller), edderkoppdyr (som edderkoppar, tusenbein og skorpionar), sniglar og mark.

Ein trur at det finst 2,5 millionar insektartar i regnskogen. Nokre er svære, som nashornbilla, medan andre er så små at dei nesten er usynlege.

Øyestikker fra Costa Rica sitter på et blad

Visste du at …

… fire kvadratkilometer med regnskog kan husa over 50 000 insektartar.

… fugleedderkoppen bit med 2,5 cm lange giftklør. I tillegg skyt han ut irriterande hår for å skremma vekk fiendar.

… bladskjerarmaur klatrar opp 30 m høge tre og ber 50 gonger si eiga vekt til bolet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Den unike regnskogen

Regnskogar er veldig spesielle stadar kor det lever enormt mange ulike plantar og dyr. Dette er det eldste og frodigaste økosystemet i verda.

Kjelder

  • Junior vitenskap (2018)
    Orage Forlag AS
  • Hjermann, Dag Øysteintemperert regnskog i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/temperert_regnskog