Eg trur ikkje mine eigne auge!

Hjernen oppfattar verda rundt oss gjennom mange sansar. Vi ser, høyrer, føler, smaker, luktar - men kan vi stole på sansane? Kan vi tru på alt vi ser, eller lèt vi oss lure?

Accessibility icon Eg trur ikkje mine eigne auge!

Eg trur ikkje mine eigne auge!

Hjernen oppfattar verda rundt oss gjennom sansane, men kan vi alltid stole på dei?

Hjernen får store mengder informasjon. Derfor tek den nokon snarvegar iblant. Den vel ofte det som er mest sannsynleg. Derfor lèt hjernen seg lure til tider. Vi lèt oss lure av optiske illusjonar. Vi blir òg lurte av manipulerte bilde.

Mann sitter på huk foran i bildet. Kvinne står langt unna. Det ser ut som hun er mye mindre enn mannen.
Mann sitter på huk foran i bildet. Kvinne står langt unna. Det ser ut som hun er mye mindre enn mannen.

Synet

Vi bruker auga for å sjå verda slik ho er her og no. Auget er som eit kamera som slepper inn lys gjennom ei linse. Det rare er at bilde vi får på netthinna er opp ned. Hjernen snur bilde slik at vi oppfattar det rett veg.

Kvifor har vi kvitt rundt iris?

Regnbogehinna (iris) er den farga delen av auget. I midten av iris finst den svarte pupillen. Det er der lyset blir sleppt inn.

Men kvifor har vi så mykje kvitt rundt irisen? Det blir lettare for andre å sjå der du rettar blikket. Menneske er sosiale og vil skape kontakt. Derfor ønskjer vi ofte å oppnå augekontakt.

Tappar og stavar

På netthinna er det lysfølsame celler som blir kalla tappar og stavar. Når lyset treffer cellene, blir det sendt elektriske signal til hjernen.

Stavane lèt oss sjå sjølv når det er dårleg lys. Du har sikkert merka at det er mogleg å sjå uansett kor mørkt det er ute. Stavane er òg laga for å oppfatte rørsle.

Tappane lèt oss sjå fargar og detaljar når det er lyst.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et kvinnelig øye med grønn farge sett fra siden.
Et kvinnelig øye med grønn farge sett fra siden.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!