Eg trur ikkje mine eigne auge!

Hjernen oppfattar verda rundt oss gjennom mange sansar. Vi ser, høyrer, føler, smaker, luktar - men kan vi stole på sansane? Kan vi tru på alt vi ser, eller lèt vi oss lure?

Accessibility icon Eg trur ikkje mine eigne auge!

Eg trur ikkje mine eigne auge!

Vi oppfattar verda gjennom sansane våre. Vi føler, luktar, smaker, høyrer og ser. Men kan vi alltid stole på sansane?

Hjernen tek imot veldig mykje informasjon. Den vel derfor ofte det mest sannsynlege. Derfor lèt hjernen seg lure nokre gongar. Vi lèt oss lure av optiske illusjonar. Vi blir òg lurte av manipulerte bilde.

Mann sitter på huk foran i bildet. Kvinne står langt unna. Det ser ut som hun er mye mindre enn mannen.
Mann sitter på huk foran i bildet. Kvinne står langt unna. Det ser ut som hun er mye mindre enn mannen.

Synet

Vi bruker auga for å sjå verda slik ho er her og no. Auget er som eit kamera som slepper inn lys gjennom ei linse. Det rare er at det vi ser, blir opp ned inne i auget. Hjernen må derfor snu bildet.

Kvifor er det kvitt rundt iris?

Regnbogehinna (iris) er den delen av auget som har farge. I midten av iris finst den svarte pupillen. Det er der lyset blir sleppt inn.

Men kvifor er det så mykje kvitt rundt irisen? Det gjer det lettare for andre å sjå der du rettar blikket.

Tappar og stavar

I auget  er det nokre celler som blir kalla  tappar og stavar. Når lyset treffer desse, blir det sendt signal til hjernen.

Stavane lèt oss sjå noko sjølv om det er mørkt ute. Stavane oppfattar òg rørsle.

Tappane lèt oss sjå fargar og detaljar når det er lyst.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et kvinnelig øye med grønn farge sett fra siden.
Et kvinnelig øye med grønn farge sett fra siden.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!