Ein himmel full av stjerner og planetar

Har du sett opp på nattehimmelen og tenkt på kor stort universet faktisk er? Med ein stjernekikkert kan du sjå nærmare på månen og andre planetar, men kva planetar og stjerner finst der oppe?

Accessibility icon Ein himmel full av stjerner og planetar

Big bang

Verdsrommet er ufatteleg stort. Ein veit ikkje heilt sikkert korleis det oppstod.

Mange forskarar har komme fram til at verdsrommet og solsystemet vårt vart til etter ein kraftig eksplosjon. Dette blir kalla for «Big bang», og det skjedde for 14 milliardar år sidan. Etter kvart samla støv og gass seg til planetar, månar og stjerner.

Big bang
Big bang

Jorda oppstår

I begynnelsen var jorda ei glødande kule. Etter kvart vart jorda kaldare, og overflata storkna. Då fekk vi ei jordskorpe, og vassdampen vart til hav.

Stjerner og planetar

I verdsrommet er det mange stjerner og planetar. Jorda er ein planet, og sola er ei stjerne. Sola står stille, men jorda bevegar seg i bane rundt sola.

Solsystem

Det er fleire planetar som går i bane rundt sola. Til saman kallar vi dette for solsystemet. Det er gravitasjon (tyngdekraft) som gjer at planetane går i bane rundt sola. Den same krafta gjer at vi held oss på jorda og ikkje flyg ut i verdsrommet. Gravitasjon er ei usynleg kraft som påverkar alt i solsystemet og på jorda.

Galaksar

Ei samling av stjerner og planetar blir kalla ein galakse. Det finst mange galaksar i verdsrommet. Galaksen vår blir kalla Mjølkevegen.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Planetane i solsystemet

Jorda er ein av åtte planetar i solsystemet. Nærmast sola finn vi steinplanetane Merkur og Venus. Jorda er den tredje planeten rekna frå sola, og ho blir kalla «den blå planeten». Namnet har ho fått fordi jorda består av mykje hav.

Den fjerde steinplaneten er Mars, og han blir kalla for «den raude planeten». Utanfor Mars finn vi gassplanetane Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun. Ein gassplanet består av gass og har derfor ikkje fast overflate.
Saturn kjenner ein lett igjen på ringane rundt planeten, og Jupiter er den aller største av planetane.

Tidlegare vart Pluto rekna som den ytste planeten, men i 2006 miste han statusen som planet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Solsystemet
Solsystemet

Sola er ei stjerne

Sola er ei stjerne, og ho er ufatteleg varm. Ho er heile 150 millionar kilometer frå jorda. Sola gir oss lys og varme, og sørgjer for at vi har flytande vatn på jorda.

Jorda roterer rundt seg sjølv, samtidig som ho går i bane rundt sola. Dette gjer at vi får natt og dag. Viss jorda ikkje hadde rotert, ville vi hatt éin dag og éi natt i året. Begge ville vore på eit halvt år.

Dei gongene vi er nærmast sola, får vi sommar. Andre gonger er vi lenger frå, og då får vi vinter.

Månen

Månen er ei stor steinkule. Han går i bane rundt jorda, men vi ser alltid den same sida av månen. Det kan sjå ut som om månen lyser, men det er sola som skin på han. Kor mykje vi ser av månen, avheng av kva vinkel sollyset treffer overflata med. Dette kallar vi for månefasar.

Det er ingen som kan bu på månen, men månen er den einaste staden i verdsrommet, utanom jorda, der eit menneske har sett foten sin.

Amerikanarane og russarane konkurrerte om kven som kom til månen først. Det vart kalla for romkappløpet. Til slutt var det amerikanaren Neil Armstrong som vart førstemann, og det skjedde i 1969.

Då han sette foten på månen, sa han dei berømte orda: «That’s one small step for a man, one giant leap for mankind.» («Det er eit lite steg for eit menneske, eit stort sprang for menneska.»)

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Jorda

Jorda går i bane rundt sola, og det tek omtrent eitt år. Fordi jorda står litt på skrå, vil nokre stader på jordkloden vere nærmare sola enn andre. Dette gir oss årstider.

Dei som bur ved ekvator, har omtrent same avstand til sola heile året. Dei har derfor ikkje årstider på same måten som Noreg.

Jorda roterer òg rundt seg sjølv, og det tek omtrent 24 timar. Dette gir oss natt og dag. Når det er dag på den eine sida av jorda, er det natt på den andre sida.

Når du reiser, må du ofte stille klokka fram eller tilbake. Det er fordi jorda er delt inn i 24 tidssoner. Tidssona vi kallar 0 ligg i Greenwich utanfor London. Noreg ligg éi tidssone bak Greenwich. Reiser du til Storbritannia, må du derfor stille klokka éin time tilbake.

Viss du reiser rett nord- eller sørover, treng du ikkje stille klokka.

Både månen og sola påverkar havområda på jorda. Vi får det vi kallar flo og fjære. Ved flo sjø er vasstanden høg, og ved fjære er vasstanden låg.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
globus
globus

Kjelder:

  • Grøn, Øyvind; Elgarøy, Øystein: big bang i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/big_bang
  • Ringnes, Truls; Hammerstrøm, Maria; Aksnes, Kaare: solsystemet i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/solsystemet
  • Engvold, Oddbjørn: Sola i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/Sola
  • Aksnes, Kaare; Hammerstrøm, Maria: Månen i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/Månen

Bilde- og videorettar:

  1. Getty images
  2. Getty images
  3. Getty images
  4. Getty images
  5. Getty images
  6. Getty images