Ein million artar i fare!

Visste du at over ein million artar står i fare for å bli utrydda på jorda? Berre i Noreg blir over 2700 artar trua. Kvifor forsvinn dyr og plantar, og kva betyr det for det biologiske mangfaldet?

📷  Papegøyerørsoppen  er ein kritisk trua art i Noreg.

Papegøyerørsopp
Papegøyerørsopp

Biologisk mangfald

Jordas biologiske mangfald er alle dyr og plantar som finst. Det er små insekt, store dyr og grøne plantar.

Men det er eit problem. Mange av dyra og plantane forsvinn raskare enn før. Dei døyr rett og slett ut på grunn av korleis menneska lever.

Forrige avsnitt

1 / 1

Neste avsnitt
Insekthus i en hage bygd av naturlige materialer fra naturen
Insekthus i en hage bygd av naturlige materialer fra naturen

Rapport frå FN

I FN jobbar mange ekspertar med å løyse klimaproblema. Dei blir kalla FNs naturpanel.

Oppgåva deira er å følgje med på naturen – og seie ifrå viss noko er gale.

No har FNs naturpanel sagt frå at det hastar å forandra måten me bruker jorda på.

Heile jordkloden blir påverka

Forskarane ser at dyr og plantar forsvinn over heile kloden. Berre sidan 1970 har talet vorte meir enn halvert.

Av dei 8 millionar artane vi har i dag, står fleire hundre tusen i fare for å døy ut. Heile kloden blir påverka når så mange artar døyr ut.

Alt heng saman med alt i naturen!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sjøku svømmer i Crystal river, Florida
Sjøku svømmer i Crystal river, Florida

Dei viktige insekta

Insekt er superviktige! Dei er mat for mange andre dyr.

Samtidig treng vi dei for at vi menneske skal ha nok mat. Dei spreier nemleg pollen som gjer at blomstrar, bær og frukter kan vekse.

Utan insekt hadde vi fått ei skikkeleg matkrise.

Livet i jorda

Det finst mange småkryp og sopp i jorda.

Desse småkrypa og soppane kallar me nedbrytarar. Dei lever av blad, plantarestar og døde dyr.

På denne måten lagar dei ny, næringsrik jord som plantar og tre kan veksa i. Det er derfor me treng alle desse småkrypa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Termitter bygger et rede under et tre
Termitter bygger et rede under et tre

Plantelivet

Plantar og tre gjer om karbondioksid og vatn til oksygen og næring. Dette blir kalla fotosyntese.

Derfor er vi heilt avhengige av plantar og tre.

Jord- og leirskred

Plantane lagar ikkje berre oksygen. Røtene held òg jorda på plass.

Utan røter kan matjorda vår bli skylt bort når det regnar. Utan røter aukar òg sjansen for jord- og leirskred.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Villgress på fjellet i solnedgang
Villgress på fjellet i solnedgang

Framande artar

Me har mange artar som eigentleg ikkje høyrer heime i naturen vår. Eit døme er brunsnigelen. Den et blomstrane i hagen og utkonkurrerer andre sniglar.

Stillehavsøsters

Eit anna døme er stillehavsøsters. Den har flytta inn langs kysten vår.

Der «jagar» han vekk andre artar. Østersen har skarpe skjel som er vonde å trakka på for dei som badar!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brunsnegler i en brun plastikboks i en hage
Brunsnegler i en brun plastikboks i en hage

Utrydding er naturleg

Det er ikkje noko nytt at plantar og dyr forsvinn. Sånn har det alltid vore. Det nye er at artane forsvinn raskare enn før. Tidlegare kunne det ta millionar av år. No skjer det i løpet av nokre hundre år. 

Sidan 1500-talet har det forsvunne nesten 600 planteartar og rundt 700 dyreartar frå jorda.

📷 Av det nordlege stumpnashornet finst det berre to av igjen på planeten. Ei mor med dottera si. Tidlegare fanst dei i tusentals i Sentral-Afrika.

Stumpnesehornmamma og kalv på den afrikanske savannen
Stumpnesehornmamma og kalv på den afrikanske savannen

Fleire pandemiar

Vi menneske brukar meir og meir av naturen. Ikkje minst for å dyrke mat. Dermed kjem vi nærmare dyra.

Dette kan gi oss farlege virus og sjukdommar frå dyra. Slike sjukdommar kan føra til pandemiar slik som Covid-19.

Forrige avsnitt

1 / 1

Neste avsnitt
Flaggermus hengende i et tre
Flaggermus hengende i et tre

Korleis påverkar menneske det biologiske mangfaldet?

FNs rapport viser at mennesket har mykje av skulda for at plantar og dyr forsvinn. Dette er fem av årsakene:

• Vi brukar større delar av naturen
• Vi utnyttar plantar og dyr
• Vi forandrar klimaet
• Vi forureinar
• Vi spreier framande, skadelege plantar og dyr

London skyline dekket med trær
London skyline dekket med trær

Brukar meir av naturen

Dyr og plantar treng mykje plass for å overleve. Likevel tek vi menneske meir og meir plass. Dette er naturens aller største problem.

Me byggjer hus, vegar, oljeplattformer og oppdrettsanlegg. I tillegg endar både kunstgjødsel og plast i naturen og i havet. Det blir mindre og mindre plass til dyr og plantar.

Menneske overtek naturen

Menneske har forandra 75 prosent av den delen av jorda som ikkje er dekt av is. Er ikkje det ekstremt mykje?

Kor mykje meir treng me eigentleg? Kva skjer med dyra som bur i desse områda?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oppdrettsanlegg i Lofoten
Oppdrettsanlegg i Lofoten

Kvegdrift

Viss vi tenkjer oss at det er 100 pattedyr på jorda, ville det vore meir enn 50 kyr, 36 menneske og 4 ville dyr.

Så det er mange kyr, og dei treng store område for å beite. Kva kunne vi brukt denne plassen til, viss det var færre kyr?

Kveg på et jorde
Kveg på et jorde

Overfiske

Overfiske betyr at me fiskar for mykje fisk frå havet. Viss me tek for mykje fisk ut av akvariet, blir det for få fisk igjen. Dette skader fiskane og alt anna liv i havet.

Dei siste 40 åra har me teke for mykje fisk ut av havet. Store fiskebåtar fangar nesten alle fiskane, også dei store fiskane som legg egg. Utan store fiskar blir det ikkje nok babyfisk, og då blir det færre og færre fisk i havet.

Industriell fisking. Store mengder fisk fanget i garn
Industriell fisking. Store mengder fisk fanget i garn

Havet blir tømt

Nokre stader er det reglar for kor mykje fisk me kan fiska. Dette blir kalla fiskekvotar.

Fiskekvotane hjelper havet å halda seg sunt og fullt av fisk.

Dessverre skjer det at folk bryt desse reglane og fiskar for mykje likevel. Nokon fiskar ulovleg fordi dei vil tena meir pengar, andre gjer det fordi dei treng mat.

Mengder av fisk på en båt
Mengder av fisk på en båt

Jakt på trua artar

Når noko blir veldig sjeldan, aukar det òg i verdi. Derfor er det dessverre mange som jaktar på sjeldne dyr. Ikkje minst nashorn, elefant og hai.

Jegerane ønskjer horn, støyttenner og haifinner. Store rovdyr som løver og tigrar er òg trua.

En flokk elefanter i Serengenti
En flokk elefanter i Serengenti

Tener pengar på gammal overtru

I fleire land trur mange at horn og støyttenner kan heile alvorlege sjukdommar. Dette er oftast berre gammal overtru. Dei som sel slike produkt, kan tene masse pengar.

Elfenbenornamenter
Elfenbenornamenter

Forbruk og forureining

Kvifor er det så vanskeleg å redde jorda vår?

For det første har vi meir behov for det naturen gir oss. For det andre kjøper vi meir.

Då forureinar vi meir av lufta, vatnet og jorda. Dermed er det mange plantar og dyr som døyr.

Giftstoff

Fabrikkrøyk og eksos inneheld giftstoff som kan vere farlege for dyr, plantar og menneske. I verste fall døyr ein av det.

Dei siste åra har vi sett at plast fungerer som ei «gift» i naturen, ikkje minst i havet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mikroplast i en skje
Mikroplast i en skje

Klimaendringar

Klimaendringar er ikkje bra for nokon. Mange land prøver å redde klimaet, men det tek lang tid å snu utviklinga.

Målet er at temperaturen ikkje skal stige meir enn 2 grader. Det høyrest lite ut, men er heilt avgjerande for klimaet.

Stor trussel for plantar og dyr

Endringar i klimaet er dårleg nytt for dyra. Dei får mindre mat. Dei føder ikkje like mange unger. Og dei må flytte utan å ville det sjølve.

Nokre dyr er òg avhengige av rett temperatur for å overleve. For alle plantar og dyr er det endringa i klimaet som er den største trusselen for dei.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Isbjørn på isflak
Isbjørn på isflak

Så kva kan vi gjere?

Forskarar har forslag til kva vi må gjere.

Vi må bruke mindre olje og gass. Energien må hentast frå sol og vind. Land må samarbeide betre om miljølover.

Vi må produsere mat og andre varer på ein berekraftig måte. Berekraftig betyr at naturen ikkje tek skade av det.

Kva vil du gjere?

Det kostar å øydeleggje naturen. Vi har berre éin jordklode. Utan naturen kan verken dyr, plantar eller menneske leve.

Alle kan bidra med noko.

Saman kan me gjera mykje og det lettaste er å kjøpa mindre.

Kva vil du gjere med forbruket ditt?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Innsjøer formet som fotavtrykk i en grønn skog.
Innsjøer formet som fotavtrykk i en grønn skog.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images
    16. Getty Images
    17. Getty Images
    18. Getty Images
    19. Getty Images