Ein million artar i fare!

Visste du at over ein million artar står i fare for å bli utrydda på jorda? Berre i Noreg er det over over 2700 artar som er trua. Kvifor forsvinn dyr og plantar, og kva betyr det for det biologiske mangfaldet?

📷  Papegøyerørsoppen  er ein kritisk trua art i Noreg.

Papegøyerørsopp
Papegøyerørsopp

Biologisk mangfald

På jorda har vi eit rikt dyre- og planteliv. Det finst bitte små insekt, enorme dyr i havet og millionar av grøne plantar. Dette kallar vi eit biologisk mangfald. 

Men mange av artane forsvinn. Dei forsvinn raskare enn nokon gong tidlegare i historia. FN har rekna ut at ein million artar er i fare. Hovudgrunnen er menneska.

Alle taper på at dyr og plantar forsvinn

Alle taper på at det biologiske mangfaldet forsvinn. Mennesket får eit stort problem med matproduksjon, og vi kan få problem med tilgang til vatn. Klimaet blir forandra, og risikoen for pandemiar aukar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Insekthus i en hage bygd av naturlige materialer fra naturen
Insekthus i en hage bygd av naturlige materialer fra naturen

Rapport frå FN

FNs naturpanel vart oppretta i 2012 for at forskarar og politikarar saman skulle løyse klimaproblema. I den siste rapporten frå FNs naturpanel kan vi lese om klimaendringar over dei siste femti år. Rapporten er basert på tusenvis av dokument frå heile verda.

Heile jordkloden blir påverka

Forskarane såg at bestandane av dyr og plantar blir mindre over heile kloden. Talet på fuglar, pattedyr, reptil og amfibium har vorte meir enn halvert sidan 1970. I dag har vi åtte millionar artar på jorda. Fleire hundre tusenvis av desse artane står i fare for å døy ut.

Alt heng saman med alt i naturen. Det vil seie at naturen over heile jordkloden blir påverka. Naturen følgjer ikkje landegrensene. Viss regnskogen blir hoggen ned i Amazonas, får dette konsekvensar for alle!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sjøku svømmer i Crystal river, Florida
Sjøku svømmer i Crystal river, Florida

Dei viktige insekta

Å utrydde insekt er rett og slett ein katastrofe. Mange andre artar er heilt avhengige av insekt. Insekta er og heilt avgjerande for matproduksjonen vår. Insekta tar nemleg med seg pollen frå den hannlege delen av ein blomster til den hunnlege delen. Slik blir blomstrane befrukta, og det kan vekse fram mellom anna frukt og bær. 75 prosent av verdas matproduksjon er avhengig av at insekta spreier pollen.

Det er liv under bakken

Vi legg kanskje ikkje så godt merke til livet under bakken. I jorda lever det millionar av bitte små artar som vi kallar nedbrytarar. Desse artane bryt ned organisk materiale (lauv, kvistar, daude dyr) slik at det kan brukast til ny plantevekst. Mister vi mangfaldet her, kan det føre til at det veks færre plantar og tre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Termitter bygger et rede under et tre
Termitter bygger et rede under et tre

Plantelivet

Ein av fire plantar på kloden står i fare for å bli utrydda. Du kan finne ei oversikt over artar som er trua i Noreg hos Artsdatabanken. Vi er heilt avhengige av å ha plantar rundt oss. Plantar og tre gjer at vi får oksygen å puste i. Det at plantar og tre gjer om karbondioksid og vatn til oksygen og næring, blir kalla fotosyntesen.

Jord- og leirskred

Plantane lagar ikkje berre oksygen, men held jorda på plass med hjelp av røtene sine. Dersom mange plantar og tre forsvinn, kan mykje av matjorda bli skylt bort når det regnar. Det igjen kan føre til jord- og leirskred.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Villgress på fjellet i solnedgang
Villgress på fjellet i solnedgang

Framande artar

Artar som ikkje naturleg høyrer heime i eit område, kan fortrengje dei artane som er der. I Noreg har vi sett korleis brunsnigelen utkonkurrerer andre snegleartar og øydelegg blomstrar og plantar. Dyr som vanlegvis et sniglar, liker ikkje brunsniglar. Det betyr at desse dyra får mindre mat.

Stillehavsøsters

Dei siste somrane har stillehavsøstersen slått seg ned i den norske skjergarden. Der fortrengjer han andre artar, og øydelegg mykje for dei som skal bade. Han har nemleg superskarpe skjel som er vonde å trakke på!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brunsnegler i en brun plastikboks i en hage
Brunsnegler i en brun plastikboks i en hage

Utrydding er naturleg

Det er ikkje noko nytt at artar forsvinn. Sånn har det alltid vore. Vi kan finne fossil av dyr som har levd tidlegare, og som no er utdøydde. Det nye er at artane blir utrydda raskare enn før. Tidlegare skjedde utryddinga over millionar av år. No skjer det i løpet av nokre hundre år. Sidan 1500-talet har 570 planteartar og 700 dyreartar over heile verda blitt utrydda.

📷 Av det nordlege stumpnashornet finst det berre 2 eksemplar igjen på planeten. Det er ei mor med dottera si. Tidlegare fanst dei i tusentals i Sentral-Afrika.

Stumpnesehornmamma og kalv på den afrikanske savannen
Stumpnesehornmamma og kalv på den afrikanske savannen

Fleire pandemiar

Menneske brukar meir og meir av naturen. Ikkje minst for å dyrke mat, men òg for å byggje bustad. Då kjem vi tettare på dyrelivet. Det igjen kan føre til fleire pandemiar. Virus kan smitte frå ville dyr til husdyra våre, og deretter til mennesket. Covid-19 er eit døme på eit slikt virus.

Farleg smitte frå mindre dyr

Når vi trengjer oss inn i villmarka, er det ofte dei store dyra som forsvinn. Då blir det færre store dyr som et mindre dyr. Det blir derfor fleire av dei mindre dyra, og det er ofte desse som kan spreie dødelege virus. Det kan vere flaggermus, rotter og andre gnagarar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Flaggermus hengende i et tre
Flaggermus hengende i et tre

Korleis påverkar menneske det biologiske mangfaldet?

FNs rapport viser til fem hovudårsaker til at menneske påverkar det biologiske mangfaldet.

• Vi brukar større delar av naturen
• Vi utnyttar plantar og dyr
• Vi er med på å endre klimaet
• Vi forureinar naturen
• Vi innfører og spreier framande, skadelege artar

London skyline dekket med trær
London skyline dekket med trær

Vi brukar meir av naturen

Alle dyr og plantar lever i det vi kallar habitat. Når desse områda blir mindre og færre, slit dyr og plantar med å overleve. Jorda har ikkje lenger så mange område med villmark. Store havområde blir og overtekne av menneske. Ikkje minst gjennom store oppdrettsanlegg og oljeplattformer. Og vi må ikkje gløyme all plasten som hamnar i havet. Dei fleste elvar og innsjøar blir forureina av dyrehald og jordbruk.

Menneske overtek naturen

Menneske har forandra 75 prosent av alt land som ikkje er dekt av is. Tenk at mennesket tar mykje plass! Det er allereie rydda nok land til å sikre den produksjonen vi treng. Likevel blir det rydda enda meir land. Kva trur du skjer med dyra som har budd i desse områda?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oppdrettsanlegg i Lofoten
Oppdrettsanlegg i Lofoten

Rydding av skog

Mykje av årsaka til at store mengder skog blir rydda kvart år, er etterspurnad etter ting vi kan kjøper. I vår del av verda ønskjer vi både billige varer og svært dyre varer. Begge delar går på bekostning av skogen. For å dekkje etterspurnaden blir mykje av dette produsert på ein lite berekraftig måte. Det betyr at produksjonen gjer stor skade på naturen.

Dyrking av plantar fører til tap

Over 10 prosent av jordoverflata blir brukt til å dyrke mat og andre varer vi treng. I dei områda forsvinn dermed andre artar. Mykje av det vi produserer, er soya, kakao, kaffi, palmeolje og storfekjøt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fugleperspektiv av tropisk skog som blir hugget ned
Fugleperspektiv av tropisk skog som blir hugget ned

Kvegdrift

Kveg er det pattedyret det finst flest av i verda. Over halvparten av alle pattedyr er kveg. Ville dyr utgjer berre 4 prosent. Menneske utgjer 36 prosent av alle pattedyr. Det er derfor mange kyr på jorda! Ein firedel av isfritt land blir brukt som beitemark for kveget. Kva kunne beiteområda vore brukte til viss det vart mindre kvegdrift?

Kveg på et jorde
Kveg på et jorde

Overfiske

Når vi fiskar meir enn havet toler, blir det kalla overfiska. Dette har auka drastisk dei siste 40 åra. Dermed blir det færre fisk i havet, og bestanden blir trua av utrydding. I 2015 vart ein tredel av alt fiske utført over berekraftig nivå. Det betyr at vi fiska mykje meir enn det fiskebestanden toler.

Industriell fisking. Store mengder fisk fanget i garn
Industriell fisking. Store mengder fisk fanget i garn

Havet blir tømt

Menneske fiskar for mykje fisk. Det fører til at andre artar står i fare fordi dei ikkje får tak i nok mat.

For å sikre livet i havet har ein nokre stader sett grenser på talet på fisk ein kan fiske. Dette blir kalla fiskekvotar. Andre gongar er det forbode å fiske i enkelte område. Likevel er det nokon som fiskar ulovleg, anten fordi dei treng mat eller vil tene pengar.

Mengder av fisk på en båt
Mengder av fisk på en båt

Jakt på trua artar

Mange tener milliardar av kroner på å selje sjeldne artar. Ikkje minst sjeldne dyr. Di færre attlevande dyr av ein art, dess større gevinst. Døme på dette er jakta på nashorn og elefantar – berre for å få tak i horn og støyttenner. Tiger og løve er òg utsette dyr for slik jakt. Dyr i havet er òg trua. Der jaktar ein på hai berre for å tak i haifinnane. Desse blir mellom anna brukte til suppe.

En flokk elefanter i Serengenti
En flokk elefanter i Serengenti

Tener pengar på gammal overtru

Mange, spesielt i asiatiske land, trur at horn og støyttenner kan hjelpe mot alvorlege sjukdommar. Dette er i dei fleste tilfelle berre gammal overtru, og ein del av kultur og tradisjonar i enkelte område. Dei som sel slike produkt, kan tene masse pengar.

Elfenbenornamenter
Elfenbenornamenter

Forbruk og forureining

Det er vanskeleg å løyse den globale krisa som FNs naturpanel peikar på. Vi har nemleg eit aukande behov for alt som finst i naturen. Det handlar ikkje berre om at vi har vorte fleire menneske på jorda. Vi forbrukar mykje meir enn før. Mange av fabrikkane forureinar luft, vatn og jord. Forureining bidreg òg til tap av biologisk mangfald.

Giftstoff

Giftstoff som hamnar ut i naturen, spreier seg når dyr et kvarandre. Og til slutt får vi menneske gifta i oss. I verste fall kan vi døy av det, men det kan òg føre til at vi ikkje kan få barn. Dei siste åra har vi sett at plast fungerer som ei «gift» i naturen, ikkje minst i havet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mikroplast i en skje
Mikroplast i en skje

Klimaendringar

Klimaendringar er ikkje bra for nokon. Verda blir varmare, og havet blir forureina av plast. Mange land prøver å begrense utslepp og forureine mindre, men det tar lang tid å snu utviklinga. Målet er å ikkje å auke den globale temperaturen med meir enn 2 grader. Det høyrest lite ut, men er heilt avgjerande for klimaet.

Stor trussel for plantar og dyr

Klimaendringar gjer at dyra får det vanskeleg. Dei finn mindre mat, får færre ungar og må stadig flytte på seg. Høgare temperatur fører til at enkelte dyr ikkje kan overleve i dei  naturlege habitata sine. Dei må reise til område som er kaldare. Men til slutt er det ingen stader igjen som er kalde nok. Klimaendringar kan vere den største trusselen for dyr og plantar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Isbjørn på isflak
Isbjørn på isflak

Så kva kan vi gjere?

Forskarar peikar på nokre endringar som må til. Land må investere meir i fornybare energikjelder som sol og vind. Det må bli lagd miljølover som gir kraftige bøter viss dei blir brotne. Land kan forby import av varer som ikkje er produserte berekraftig. Då stiller alle leverandørar likt, og dei må omstille seg.

Kva vil du gjere?

Vi må forstå at naturen har ein pris. Vi må betale kva det kostar. Vi har ikkje råd til å la vere. Det finst berre éin jordklode vi kan leve på. Internasjonalt samarbeid må til for å redde klimaet. Alle kan bidra med noko. Saman kan vi gjere mykje. Ikkje minst redusere forbruket vårt.

Kva vil du gjere med forbruket ditt?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Innsjøer formet som fotavtrykk i en grønn skog.
Innsjøer formet som fotavtrykk i en grønn skog.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images
    16. Getty Images
    17. Getty Images
    18. Getty Images
    19. Getty Images