Eldre litteraturhistorie på null komma niks:

Del 3: Barokken

Kvifor skal du lese om skalden Gunlaug som ofra livet for sin store kjærleik Helga? Eller om fantasiane til den forvirra riddaren Don Quijote? Kva er vitsen med å lese eldgamle salmar om himmel og helvete? Eller komedien om stakkaren Jeppe som omtrent drikk seg i hel? Alle desse tekstane er fleire hundre år gamle. Held det ikkje å lese litteratur frå vårt eige århundre?

Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.
Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.

Eldre tekstar kan lære oss mykje om fortida

Kva treng du for å komme inn i eit hus? Ein nøkkel. Det er nettopp det gamle bøker er. Ein nøkkel til å forstå den tida bøkene vart skrivne i. Vi blir òg kjende med menneske som levde i ei heilt anna tid.

Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.
Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.

Litteratur blir delt inn i historiske periodar

Kva betyr litteraturhistorie? Det er tekstar som er skrivne frå no og bakover i tid. Tekstane blir delte inn i periodar. Det dei skreiv i vikingtida, var heilt annleis enn på 1700-talet.

Dette er den tredje teksten i serien «Eldre litteraturhistorie på null komma niks». Denne handlar om barokken.

Barokken

I renessansen var det stor begeistring for å vere menneske. I barokken på 1600-talet vart dette totalt annleis. Det blir kalla ein kontrast. Berre sjå kva den kjende salmediktaren Dorothe Engelbretsdotter skriv. “Dagen viker og går bort. Himmelen blir tung og sort. Solen har oss alt forlatt. Nær oss er den mørke natt.”

📷  Dorothe Engelbretsdotter
Papirbakgrunn opp ned
Papirbakgrunn opp ned

Sterk tru på autoritetar

I barokken tok kyrkja tilbake makta i samfunnet. No måtte folk følgje strenge reglar i møte med Gud. Dei som bestemte i samfunnet, autoritetane, meinte dei hadde fått makta frå Gud. Men Gud stod over alt og alle.

Gud var løysinga

I barokken vart verda oppfatta som utrygg og farleg. Livet var prega av tungt alvor. Eit liv på jorda var berre ein mellomstasjon før døden og det evige livet. Mange lengta etter, og gjorde alt dei kunne, for å oppleve evig lykke hos Gud etter døden.

Sterk gudstru i litteraturen

I litteraturen kan vi lese om sterk gudstru og eit alvorleg syn på livet. Tema handla ofte om kristendommen og Gud. Tekstane kunne òg gi ære til ein konge. Salmar var den vanlegaste måten å skrive på.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Takmaleri i duse farger der Gud er omgitt av mange små og store engler.
Takmaleri i duse farger der Gud er omgitt av mange små og store engler.

Barokken i Noreg

Barokken kom frå Europa til Noreg i 1680. Dei mest kjende forfattarane er Petter Dass, Thomas Kingo og Dorothe Engelbretsdotter. Dorothe er den første norske kvinnelege forfattaren vi veit om. Ho var òg den første forfattaren som fekk lønn frå staten. Ho dikta mange salmar.

Dorothe Engelbretsdotter

Naturleg nok skreiv Engelbretsdotter om ein sterk lengsel etter døden og himmelen. Ho kom frå overklassen i samfunnet. Likevel hadde ho eit vanskeleg liv. Ho miste ein ektemann og sju barn. I tillegg brann huset hennar ned i ein bybrann. Ikkje så rart at ho ønskte seg eit betre liv etter døden.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Takmaleri i duse farger der mange mennesker, engler og korset er på vei oppover mot himmelen.
Takmaleri i duse farger der mange mennesker, engler og korset er på vei oppover mot himmelen.

I dag må vi eigentleg ikkje tru på noko som helst

I dag kan vi tru på det vi vil. Kyrkja styrer ikkje samfunnet slik ho gjorde tidlegare. Vi lever dermed i eit sekularisert samfunn. Slik var det ikkje i barokken. Då måtte ein tru på Gud, elles kunne det gå frykteleg gale. Salmane fortel mykje om dette.

Er tankane frå barokken framleis relevante?

Kan vi lære noko av barokken? Tek vi bort religion i tematikken, ser vi òg litt meir. Dorothe Engelbretsdatter skriv ikkje berre om himmel og helvete. Ho skriv òg om sorg og sakn. Ein lengsel etter dei ho har mist. Ho skriv om tryggleik, trøyst og vern. Det kjenner vi alle behov for. Til alle tider.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En kvinne står med fingrene i ørene og ser opp mot himmelen med et frustrert ansiktsuttrykk.
En kvinne står med fingrene i ørene og ser opp mot himmelen med et frustrert ansiktsuttrykk.

Vart du nysgjerrig på andre litteraturhistoriske periodar?

Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.

Kjelder:

  • Vold, Thurid; Rise, Harald: barokken i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2023 frå http://snl.no/barokken

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images