Eldre litteraturhistorie på null komma niks:
Del 4: Opplysingstida
Kvifor skal du lese om skalden Gunlaug som ofra livet for sin store kjærleik Helga? Eller om fantasiane til den forvirra riddaren Don Quijote? Kva er vitsen med å lese eldgamle salmar om himmel og helvete? Eller komedien om stakkaren Jeppe som omtrent drikk seg i hel? Alle desse tekstane er fleire hundre år gamle. Held det ikkje å lese litteratur frå vårt eige århundre?
Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.
Eldre tekstar kan lære oss mykje om fortida
Kva treng du for å komme inn i eit hus? Ein nøkkel. Det er nettopp det gamle bøker er. Ein nøkkel til å forstå samfunnet i den tida. Lære om kva idear, tankar og verdiar dei hadde i tida bøkene vart skrivne. Vi blir kjende med korleis folk voks opp før. Vi lærer om korleis forholda var heilt annleis enn dei er no.
Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.
Litteratur blir delt inn i historiske periodar
Litteraturhistorie. Kva betyr det? Det er tekstar som er skrivne frå no og bakover i tid. Historia blir delt inn i periodar. Dei kjenner vi igjen på korleis folk levde. Og kva som var viktig i samfunnet. Det same gjeld for kunsten og musikken. Og for korleis ein bygde hus. Dette er den fjerde teksten i serien «Eldre litteraturhistorie på null komma niks». Denne handlar om opplysningstida.
Ei tid for dei store spørsmåla
Under den franske revolusjonen på slutten av 1700-talet ropte folk: «fridom, likskap og brorskap». Opplysingstida handla mykje om dette. Folk var lei av å bli behandla dårleg av dei som lagde lovene. Lovene var ikkje rettferdige. Mange følte seg òg urettferdig behandla av Gud og kyrkja. No var tida inne for å tenkje annleis. Våge å stille spørsmål om urettferda.
Kobberstikk av mange pent kledde menn som sitter eller står mens de skriver eller samtaler med hverandre.
Kobberstikk av en nasjonalforsamling med mange menn.
Portrett av Ludvig Holberg.
En mann står på en stor stein i en underjordisk hule der sollyset lyser ned fra huleåpningen.
Litteraturen skulle endre samfunnet
Holberg brukte litteraturen for å kritisere samfunnet. Han skreiv om ytringsfridom, likskap for lova, kjønnsroller og maktfordeling. Litteraturen skulle få folk til å tenkje over problem i samfunnet, og gjere noko med dei. Ytringsfridom er å ha lov til å seie, skrive og meine det du vil.
Portrett av Georg Brandes.
En hånd som blar et ark med bilde av en tørr ørken slik at det kommer fram et ark med grønn natur.
Holberg har ikkje gått ut på dato
Det er framleis mange forfattarar som kritiserer samfunnet. Målet er det same som på 1700-talet. Litteraturen skal få folk til å diskutere positive og negative sider ved samfunnet.
Blyant med glødende og rykende spiss på sort bakgrunn.
Vart du nysgjerrig på andre litteraturhistoriske periodar?
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Kjelder:
- Krefting, Ellen: opplysningstiden i Store norske leksikon på snl.no. Henta 21. februar 2023 frå https://snl.no/opplysningstiden
- Sejersted, Jørgen Magnus: Ludvig Holberg i Store norske leksikon på snl.no. Henta 21. februar 2023 frå https://snl.no/Ludvig_Holberg
- Brøndsted, Mogens: Georg Brandes i Store norske leksikon på snl.no. Henta 21. februar 2023 frå https://snl.no/Georg_Brandes
- Blaker Strand, Vibeke: Verdenserklæringen om menneskerettigheter i Store norske leksikon på snl.no. Henta 21. februar 2023 frå http://snl.no/Verdenserkl%C3%A6ringen_om_menneskerettigheter
- Drangsholt, Janne Stigen: Zeshan Shakar i Store norske leksikon på snl.no. Henta 21. februar 2023 frå https://snl.no/Zeshan_Shakar
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-