Eldre litteraturhistorie på null komma niks:
Del 3: Barokken
Kvifor skal du lese om skalden Gunlaug som ofra livet for sin store kjærleik Helga? Eller om fantasiane til den forvirra riddaren Don Quijote? Kva er vitsen med å lese eldgamle salmar om himmel og helvete? Eller komedien om stakkaren Jeppe som omtrent drikk seg i hel? Alle desse tekstane er fleire hundre år gamle. Held det ikkje å lese litteratur frå vårt eige århundre?
Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.
Eldre tekstar kan lære oss mykje om fortida
Kva treng du for å komme inn i eit hus? Ein nøkkel. Det er nettopp det gamle bøker er. Ein nøkkel til å forstå den tida bøkene vart skrivne i. Vi blir òg kjende med menneske som levde i ei heilt anna tid.
Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.
Litteratur blir delt inn i historiske periodar
Kva betyr litteraturhistorie? Det er tekstar som er skrivne frå no og bakover i tid. Tekstane blir delte inn i periodar. Det dei skreiv i vikingtida, var heilt annleis enn på 1700-talet.
Dette er den tredje teksten i serien «Eldre litteraturhistorie på null komma niks». Denne handlar om barokken.
Barokken
I renessansen var det stor begeistring for å vere menneske. I barokken på 1600-talet vart dette totalt annleis. Det blir kalla ein kontrast. Berre sjå kva den kjende salmediktaren Dorothe Engelbretsdotter skriv. “Dagen viker og går bort. Himmelen blir tung og sort. Solen har oss alt forlatt. Nær oss er den mørke natt.”
📷 Dorothe Engelbretsdotter
Papirbakgrunn opp ned
Takmaleri i duse farger der Gud er omgitt av mange små og store engler.
Takmaleri i duse farger der mange mennesker, engler og korset er på vei oppover mot himmelen.
En kvinne står med fingrene i ørene og ser opp mot himmelen med et frustrert ansiktsuttrykk.
Vart du nysgjerrig på andre litteraturhistoriske periodar?
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Kjelder:
- Intertekst (29.01.23):Dorothe Engelbretsdotter: Aftensalme (salme)
https://intertekstdemo.portfolio.no/read/28a9d869-30b9-481b-bf18-d84f462727f1
- Langvik-Johannessen, Kåre: litteratur i barokken i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2023 frå https://snl.no/litteratur_i_barokken
- Vold, Thurid; Rise, Harald: barokken i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2023 frå http://snl.no/barokken
- Dorothe Engelbretsdatter i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2023 frå http://snl.no/Dorothe_Engelbretsdatter
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-