Eldre litteraturhistorie på null komma niks:

Del 5: Romantikken

Kvifor skal du lese om skalden Gunlaug som ofra livet for sin store kjærleik Helga? Eller om fantasiane til den forvirra riddaren Don Quijote? Kva er vitsen med å lese eldgamle salmar om himmel og helvete? Eller komedien om stakkaren Jeppe som omtrent drikk seg i hel? Alle desse tekstane er fleire hundre år gamle. Held det ikkje å lese litteratur frå vårt eige århundre?

Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.
Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.

Eldre tekstar kan lære oss mykje om fortida

Det som er likt for dei fleste eldre tekstar, er at vi kan lære mykje av dei. Dei kan lære oss mykje om samfunnet på den tida dei vart skrivne. Eldre litteratur er som ein nøkkel til å forstå. Lære kva idear, tankar og verdiar som var viktige den gongen. I den tida litteraturen vart skriven. Kva får vi av å lese eldre litteratur? Jo, vi blir kjende med menneske som voks opp under andre forhold enn vi gjer no.

Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.
Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.

Litteratur blir delt inn i historiske periodar

Eldre litteratur blir delt inn i ulike litteraturhistoriske periodar. Korleis ser vi  forskjell på periodane? Dei ulike periodane har ulike kjenneteikn. Dei sette spor i menneska og samfunnet. Mange av desse kjenneteikna finn ein òg i kunst, musikk og arkitektur.

Du har lest tekstar i serien «Eldre litteraturhistorie på null komma niks». Dette er den femte og siste. Denne handlar om romantikken.

Tok avstand frå vitskap og fornuft

Romantikken er ein periode i europeisk litteratur, musikk og målarkunst. Han varte frå slutten av 1700-talet til midten av 1800-talet. Den romantiske diktinga var ein reaksjon mot den vitskaplege tankegangen. Kulturlivet tok avstand frå den sterke trua på fornuft og opplysning i opplysningstida.

Natur og kjensler

Naturen og kjensler vart viktige tema i diktinga på denne tida. Den uberørte naturen vart sett på som noko guddommeleg. Kunstnaren skulle bringe noko av dette til vanlege menneske. Dei skreiv òg om sterke kjensler som kjærleik og svik.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En sti som går igjennom en frodig og grønn skog.
En sti som går igjennom en frodig og grønn skog.

Den romantiske forfattaren

Forfattarane i romantikken hadde mykje til felles, men det er vanleg å dele romantikken inn i tre retningar: venstre-romantikk, høgre-romantikk og nasjonalromantikk.

Venstre-romantikarane ønskte å endra det politiske. Dei drøymde om eit betre samfunn med fridom for alle. Alle nasjonar skulle styre seg sjølve utan eineveldige kongar. Henrik Wergeland var ein viktig norsk venstre-romantikar.

📷  «Bjerk i storm» av J.C.Dahl (1849) kan symbolisere Noregs kamp for å bli eit sjølvstendig rike på 1800-talet.

Drøymande og nasjonalromantiske

Høgre-romantikarane var drøymande. Dei lengta tilbake til mellomalder, barndom og til uberørt natur. Johan Sebastian Welhaven var ein kjend norsk høgre-romantikar som skreiv mykje om norsk natur.
Nasjonalromantikken er den siste retninga. I denne perioden starta Noreg eit stort arbeid med å finne den nasjonale identiteten sin. Kunstnarar leita etter den norske folkesjela. Dei ville finne ut kva som eigentleg kjenneteiknar det norske folket.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Enormt bjerketre som står på kanten av et stup.
Enormt bjerketre som står på kanten av et stup.

Wergeland versus Welhaven

Den norske litteraturen søkte ikkje berre etter den norske folkesjela. Han vart òg brukt i diskusjonar om kva litteraturen eigentleg skulle vere. I debatten stod dei kjende norske forfattarane Wergeland og Welhaven som representantar for kvart sitt syn.

Fyllepenn bryter seg gjennom stein og viser kraften til pennen.
Fyllepenn bryter seg gjennom stein og viser kraften til pennen.

Henrik Wergeland

Wergeland var oppteken av spontanitet og å eksperimentere med språket. Då fekk han formidle det han ønskte å seie. Han følgde ikkje alle reglar og krav. Forfattaren skulle skrive det han ønskte, og ikkje vere bunden til ei fast oppskrift.

📷  Portrett av Henrik Wergeland.
Portrett av Henrik Wergeland

Johan Sebastian Welhaven

Welhaven var klassisist. Han meinte at litteraturen skulle følgje kunstnariske tankar og krav til form og innhald. Til dømes at dikta skulle byggjast opp etter bestemde reglar.

📷  Portrett av Johan Sebastian Welhaven.
Portrett av Johan Sebastian Welhaven

To heilt ulike dikt

Under kan du lese delar av to ulike dikt. Welhavens fokus på form og struktur er tydeleg. Wergeland skriv fritt og spontant. Det var ikkje berre litteraturen Wergeland og Welhaven var usamde om. Dei hadde òg politiske og personlege konfliktar. Wergelands veslesøster, Camilla Collett, vart forelska i Welhaven. Det hjelpte kanskje heller ikkje i konflikten.

📷  Portrett av Camilla Collett.
Portrett av Camilla Collett

En villand svømmer stille (Søfuglen)

Johan Sebastian Welhaven, 1836


En villand svømmer stille

ved øens høye kyst, 

de klare bølger spille

omkring dens rene bryst.

To ender med grønt hode svømmer på et stille vann som reflekterer blå himmel og grønne trær.
To ender med grønt hode svømmer på et stille vann som reflekterer blå himmel og grønne trær.

Meg selv

Henrik  Wergeland, 1841


Når jeg lukter til et grønt blad, glemmer jeg bedøvet

fattigdom, rikdom, fiender og venner.

Min katts stryken mot mitt kinn utglatter alle hjertesår.

I min hunds øyne senker jeg mine sorger som i en dyp brønn.

En trist hund med lys pels ligger med hodet på et tregulv.
En trist hund med lys pels ligger med hodet på et tregulv.

Bygginga av nasjonen Noreg

1800-talet var ein svært viktig periode i norsk historie. Noreg går frå å vere eit fattig jordbruksland til å bli eit moderne industriland. Noreg blir eit demokrati, og folket er med på å byggje ein sterk nasjon. I dag nyt vi svært godt av det engasjerte nordmenn la ned i denne perioden.

To viktige stemmer

Wergeland og Welhaven var viktige for norsk dikting på 1800-talet. Debatten dei skapte i litteraturen, var med å definere norske verdiar, norsk kultur og det norske språket. Engasjementa deira vart viktige i arbeidet med å skape Noreg som nasjon. Tekstane deira held fram med å inspirere og fascinere lesarar òg i dag.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stortinget
Stortinget

Vart du nysgjerrig på andre litteraturhistoriske periodar?

Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. J.C. Dahl / Offentlig eiendom
    6. Getty Images
    7. Carl Peter Lehman / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
    8. Carl Peter Lehman / Oslo Museum / Offentlig eiendom
    9. Johan Gørbitz / Oslo Museum / Offentlig eiendom
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Stortinget
    13. Getty Images