Er du firkanta?

Kva betyr det eigentleg å vere firkanta? Det betyr at ein ikkje er så smidig i måten ein oppfører seg på. Tenk deg at du må leggje deg klokka 21.00 – og så er det noko som gjer at du gjerne skulle vore oppe ti minutt lenger. Då kan det vere at mor eller far er ganske firkanta og seier at leggjetid er leggjetid. Ikkje noko rom for diskusjon.

Sint far står og peker på sønnen sin.
Sint far står og peker på sønnen sin.

Men kva er eigentleg ein firkant?

Sjå på dei fargelagde figurane på sida her, og tenk over kva for av desse som er firkantar. Korleis veit du om dei er firkanta eller ikkje?

Diskuter i klassen, eller med ein læringspartnar, før du går vidare med kva som er kjenneteikn på ein firkant.

figurer
Ruteark
Ruteark

Definisjon: firkant

Ein firkant er ein figur som har fire sider og fire hjørne. Sidene møtest i hjørna. Viss du no går tilbake og ser på figurane, vil du sjå at alle figurane har fire sider og fire hjørne. Alle er derfor firkantar!

Vart du overraska?

Ruteark
Ruteark

Nokre vanlege firkantar

Eit rektangel har to og to parallelle sider – og dei motståande sidene har same lengde. Rektangelet har hjørne som er 90 grader.

Eit kvadrat blir kjenneteikna ved at alle sidene er like lange, at motståande sider er parallelle, og at hjørna er 90 graders vinklar.

Eit trapes er ein firkant med (minst) to parallelle sider.

I eit parallellogram vil motståande sider vere parallelle, og motståande vinklar vil vere like. Det liknar derfor eit rektangel som har falle litt over til den eine sida.

Ein rombe består av fire like lange linjestykke, der kvart linjestykke har ei motståande parallell side. Vinklane skal ikkje vere 90 grader. I ein kortstokk kallar vi dette ein ruter.

Korleis vil du forklare ein konkav firkant?

firkanter
Ruteark
Ruteark

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Skolerom
    3. Skolerom
    4. Skolerom