Er du firkanta?
Kva betyr det eigentleg å vere firkanta? Det betyr at ein ikkje vil forandre på noko når ein først har bestemt seg. Tenk deg at du må leggje deg klokka 21.00, men så vil du vere oppe ti minutt lenger. Då kan det vere at mor eller far er ganske firkanta og seier at leggjetid er leggjetid.
Sint far står og peker på sønnen sin.
Men kva er eigentleg ein firkant?
Sjå på dei fargelagde figurane. Kva for nokre av desse er firkantar?
Diskuter med nokon før du går vidare til løysinga på neste side.
Ruteark
Definisjon: firkant
Ein firkant er ein figur som har fire sider og fire hjørne. Sidene møtest i hjørna. Viss du no går tilbake og ser på figurane, vil du sjå at alle er firkantar!
Vart du overraska?
Ruteark
Nokre vanlege firkantar
Eit rektangel har to og to parallelle sider. Dei motståande sidene har same lengde. Alle hjørna har vinklar på 90 grader.
Eit kvadrat er ein firkant der alle sidene er like lange. Motståande sider er parallelle, og hjørna er 90 graders vinklar.
Eit trapes er ein firkant med (minst) to parallelle sider.
Eit parallellogram liknar på eit rektangel som har falle litt over til den eine sida.
Ein rombe består av fire like lange linjer. Det er eit kvadrat som er trykt litt saman på midten. Vinklane blir derfor ikkje 90 grader. I ein kortstokk kallar vi dette ein ruter.
Korleis vil du forklare ein konkav firkant?
Ruteark
Kjelder:
- polygon i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 9. februar 2022 frå https://snl.no/polygon
- firkant i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 9. februar 2022 frå https://snl.no/firkant
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Skolerom
-
Skolerom
-
Skolerom
-