Har vi slutta å utvikle oss?
Alle menneske som lever i dag, stammar frå ei kvinne som levde i Aust-Afrika for rundt 200 000 år sidan. Forskarane kallar henne Eva, og arvestoffet hennar eller gena finst framleis i alle cellene våre. På Evas tid fanst det få menneske, og berre etterkommarane hennar er igjen i dag. Litt etter litt har dei spreidd seg over heile kloden. Sjølv om vi altså har fordelt oss utover heile verda, er arvestoffet vårt veldig likt. Det er ingen tydelege forskjellar mellom folk i dei ulike verdensdelane, eller ulike grupper av menneske. Det er faktisk større forskjellar mellom gena til sjimpansane enn mellom våre gen. Sidan vi er så like, lurer enkelte på om vi faktisk har slutta å utvikle oss.
Menneskets evolusjon med et menneske med smarttelefon
Nokre eigenskapar gir ein fordel
For at evolusjon eller utvikling skal skje, må det bli fødde fleire menneske enn dei som overlever. Desse må vere forskjellige, og forskjellane må vere arvelege. Dei arvelege eigenskapane vert overførte frå foreldre til barn. Nokre eigenskapar passar betre til omgivnadene enn andre. Menneske med slike eigenskapar har større sjansar for å vekse opp og få barn, og då går desse eigenskapane vidare til barna.
Prosessen av hvordan en solsikke blomstrer
Charles Darwin illustrasjon
Ape, Lucy
Hjernen utviklar seg
Gjennom reproduksjon, mutasjonar og genflyt utvikla mennesket med tida større hjerne, mindre kjeve og meir samansatte sosiale grupper. Vi lærte å lage eld og fann opp verktøy, og etter kvart som vi vart smartare, forandra vi omgivnadene meir og meir. Dette forandra alt. Då folk begynte å dyrke mat for rundt 10 000 år sidan, forandra historia vår seg igjen drastisk, og det gjorde gena også. Plutseleg kunne vi dyrke vår eigen mat etter behov, like ved der vi budde.
Astronaut i verdensrommet
Vrakgods fra evolusjonen, en illustrasjon av hva Kroppen vår har spor av tidligere egenskaper vi ikke trenger lenger
Kjelder:
- Historien om mennesket junior (2020)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-