Eit rush av lykke

Kva gjer deg glad? Kva gir deg eit kick? Korleis får du skikkeleg godkjensle? Når kjenner du at du verkeleg lever? Livet er fullt av situasjonar, opplevingar og relasjonar som gir oss eit rush av lykke, ei kjensle av å sveve på ei rosa sky, ei djup kjensle av å vere verkeleg tilfreds, eller ei kriblande lykke som gjer det umogleg å ikkje smile breitt eller hoppe av glede.

Kva er lykke for deg?

Lykke er subjektivt! Det vil seie at akkurat kva som gir kvar og ein av oss ein skikkeleg opptur eller ei kjensle av å vera lykkeleg og tilfreds, kan variere frå person til person. Samtidig er det ein del felles faktorar som gjer mange av oss glade. Desse skal vi sjå nærare på i denne teksten.

Glede over trening

Sjølv om trening nokre gonger kan verke som eit ork før vi startar, har nok mange av oss opplevd at trening og fysisk aktivitet gjer oss glade og fulle av energi. Grunnen er mellom anna at det blir frigjort endorfin når vi trenar. Endorfin reduserer opplevinga av smerte og blir knytt til kjensla av velbehag og eufori. Også nivåa av andre såkalla lykkehormon, som serotonin og dopamin, aukar når vi trenar og er i fysisk aktivitet. På toppen av det heile, blir nivåa minska av det vi kallar stresshormon som kortisol og adrenalin.

I tillegg gir trening oss andre opplevingar som gjer oss glade. Vi har eit fellesskap med dei vi trenar saman med, vi får meistringskjensle når vi klarer noko vi har øvd på lenge, og ikkje minst – vi får betre søvn.

Har du forresten høyrt om «runner´s high»? 

Når ein trenar over tid, til dømes når ein spring langt, blir det frigjort endorfin for å dempe smerte og hjelpe oss å prestere og presse oss endå hardare. Dette gir oss eit skikkeleg lykkerush som vi gjerne vil oppleve igjen, og igjen. Slik blir vi oppmuntra til å springe langt neste gong òg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Finn glede i naturen

Å vere ute i naturen gir mykje glede. Dette handlar om mykje ulikt; frå å få frisk luft, nyte sola, kjenne regnet i ansiktet eller høyre den kramme snøen under skoa, til at ein opplever noko spektakulært som ein vakker solnedgang, ei overveldande utsikt eller eit imponerande landskap.

Ute i naturen klarer også mange å kople av, la tankane vandre, undre seg, eller berre vere utan å tenkje på noko. Med andre ord er mange mindre stressa når dei er ute i naturen. Dersom ein går eller joggar ein tur, får ein i tillegg fysisk aktivitet. Alle desse opplevingane kan ein dele med andre, og dermed oppleve fellesskap i tillegg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Fellesskap er viktig

Vi menneske er sosiale vesen, og oppleving av fellesskap er viktig for oss. Det å vere saman med venner eller familie, kan også gi oss mykje glede. Om ein ler saman, deler idear og tankar eller berre sit saman i ro og mak, kan det å dele noko gi ei kjensle av tilfredsheit og tilhøyrsel. 

Å dele store og små opplevingar gir ei kjensle av samhald. Berre tenk kva samhald du kjenner når både du og vennen din bryt ut i latter av den same dårlege vitsen. Tenk på når du er på ein kamp og laget ditt endeleg skårar, eller om ein er på ein konsert der hundrevis av kroppar hoppar i takt som eitt stort bankande hjarte.

Musikk

Apropos konsertar. Visste du at det å lytte til musikk ein liker, også kan gi lykkekjensle? Set på ein låt du veit gjer deg glad, la gjerne kroppen følgje rytmane, og kjenn kva det gjer med deg! Favorittlåtane dine kan faktisk redusere stress og uro. Dei aukar kjensla av velvære fordi lykkehormona til kroppen blir sette i sving. Har du forresten tenkt på korleis musikk kan påverke korleis du kjenner deg? 

Om du er veldig nedfor, kan det vere freistande å setje på trist musikk for å verkeleg kjenne på fortvilinga, men kanskje kan det vere bra for deg å setje på glad og oppmuntrande musikk for å snu kjenslene?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Le deg glad

Ein veldig enkel måte å frigjere endorfin på, er rett og slett å le. Sjå ein morosam komedie, høyr ein morosam vits, oppdag ein morosam «meme», del ei morosam oppleving. Det er viktig å unne seg sjølv nokre skikkelege latterkuler. Gjer det åleine eller del det med andre, men le ofte og lenge. Om ordtaket ein god latter forlengjer livet stemmer, er vanskeleg å seie, men at latter gjer oss lykkelege, det er i alle fall heilt sikkert! Så har du ein smittsam latter, bruk den 🙂

Meistre noko nytt

Noko anna som gir oss glede, er å lære noko nytt eller meistre noko nytt. Det treng ikkje vere noko stort. Berre tenk tilbake på kor glad og stolt du vart første gongen du klarte å knyte di eiga skolisse, eller kva lykkerush du opplevde første gongen du skåra mål, sykla utan støttehjul, slo nokon i eit dataspel eller fekk nokon til å le av ein vits du hadde funne på.

Sett deg eit mål

Om vi ser litt større på det, kan det å arbeide mot eit mål, noko vi verkeleg ønskjer å oppnå, vere veldig tilfredsstillande i seg sjølv. Ein opplever ofte ei rekkje små delsigrar på veg mot målet, i tillegg til nokre mislykka forsøk. Desse kan vi snu til noko positivt ved at vi lærer av dei. Når vi endeleg oppnår det vi ønskte, kjenner mange eit skikkeleg kick av lykke.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ei god gjerning

Det er kanskje ikkje så overraskande, men det å gjere ei god gjerning eller gjere noko for andre, gir oss mykje glede. Å sjå ansiktet til nokon vi bryr oss om lyse opp, eller ansiktet til ein framand vi hjelper å krysse gata bli positivt overraska, gir oss ei skikkeleg lykkekjensle.

Å oppleve at ein blir sett pris på, at andre er takksame for at du er den du er og kan det du kan, kan gi deg ei sterk godkjensle. Dette er kanskje lett å gløyme i kvardagen, men prøv det ut! Gle ein annan, og kjenn kor godt det kjennest for deg òg.

Prøv sjølv

Dette var ei lang liste med opplevingar, aktivitetar og relasjonar som gir oss glede og lykkekjensle. Tenk gjennom kva på denne lista som gir deg glede, og gjer det neste gong du har ein litt dårleg dag. Kanskje er det ikkje så vanskeleg å snu det. Vi håpar lista gir deg inspirasjon til å finne di eiga glede og dine eigne lykkerush!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay
    8. Midjournay