Læreplantilkobling

Fag

Samfunnsfag

Core Kjerneelementer

  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Berekraftige samfunn
  • Identitetsutvikling og fellesskap

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
10. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd

EU – den europeiske unionen

Kvifor vart EU oppretta, og når skjedde det? Det starta som eit fredsprosjekt i Europa, men har møtt mange utfordringar.

Accessibility icon EU – den europeiske unionen

Frå krig til fred

Mellom 1914 og 1945 hadde Europa opplevd to verdskrigar. I 1950 foreslo den franske utanriksministeren, Robert Schuman, at landa skulle samarbeide. No hadde Europa kriga nok. Det var på tide å hjelpe kvarandre i staden. Ein avtale vart gjort mellom seks land i 1952. Dette var starten på det vi i dag kjenner som EU.

Kullfabrikker

Avtalen i Roma

Fleire land vart samde om ein ny avtale i 1957. Avtalen vart underskriven i Roma. Derfor har han fått namnet  Romatraktaten. Målet med avtalen var at landa skulle ha stor fridom til å samarbeide. Dei kalla det dei fire fridommane til EU.

Dei fire fridommane til EU er …

  • … fri bevegelse av tenester. Viss ein kommune skal byggje eit nytt rådhus, må dei leggje ut dette på anbod. Då kan alle byggjeselskap frå EU konkurrere om å få byggje det. Dei som har det beste tilbodet, vinn anbodet.
  • … fri bevegelse av kapital. Pengar kan setjast inn i bankar kvar som helst i EU.
  • … fri bevegelse av varer. EU-land kan selje varene sine til andre EU-land utan å betale noko ekstra (toll).
  • … fri bevegelse av menneske. Alle i EU kan flytte til eit anna EU-land for å jobbe og studere.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Containerskip

Historia om EU

 

 

 

 

 

 

EU har stor makt

Etter avtalen i Roma har EU fått fleire medlemsland. EU har stor makt og bestemmer mykje. Ikkje minst når det gjeld maten vi et, handel og tryggleik. Samtidig har EU strenge krav på kven som kan bli medlem. Landa må ha demokrati der folket bestemmer.

Sidan 2020 har EU bestått av 27 medlemsland.

EU

Dei viktigaste institusjonane i EU

Europaparlamentet
I parlamentet sit det 705 politikarar frå heile EU. Dei er valde av folket. Parlamentet har ansvar for å lage lover og fordeler pengar til landa. Parlamentet er i Brussel, Belgia.

📷  Europaparlamentet i Brussel.

Europakommisjonen
Kommisjonen er dei som passar på at lovene blir følgde. Kommisjonen blir leidd av ein president. Sitjande president frå 2019 er tyske Ursula von der Leyen. Kommisjonen er i Brussel, Belgia.

Ministerrådet
Rådet er sett saman av ministrar frå alle land. Her kan til dømes utanriksministrane møtast for å snakke om tryggleik.

Euroen
I 2002 vart euroen innført i fleire land. Euro er pengar som kan bli brukte i EU. Det gjer det enklare å handle i EU. Du slepp å veksle pengar viss du er på reise i fleire EU-land.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
EU-parlamentet

EU og Noreg

EU er Noregs viktigaste handelspartnar, men Noreg er ikkje medlem i EU. Det har Noreg sagt nei til to gongar. Både i 1972 og 1994 var det folkeavstemming.

Under folkeavstemmingane var det organisasjonen Europabevegelsen som var for EU, og Nei til EU som var imot.

Sjølv om Noreg stemte nei til EU, fekk Noreg likevel ein handelsavtale som vi kallar EØS. Det gjer at vi likevel kan handle med andre land i Europa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Norge og EU flagg

EØS og norske bønder

 

Brexit

Storbritannia har lenge vore medlem av EU. I 2016 var det folkeavstemming i Storbritannia. Fleirtalet sa ja til å forlate EU. Likevel har dei òg fått til ein viktig handelsavtale. Det skjedde i januar 2021.

 

Vi kallar Storbritannias avskjed med EU for Brexit (av «Britain» og «exit»). Mange ville ut av EU fordi dei var redde for innvandring frå heile Europa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brexit ballonger

Forløpet til Brexit

 

Utfordringane til EU

EU har fått mykje skryt for å skape fred i Europa etter andre verdskrigen. Likevel har EU store utfordringar.

I 2008 vart det økonomisk krise i mange land. Det vart stor arbeidsløyse. Mange land måtte låne mykje pengar frå EU for å overleve. Hellas var eit av desse landa.

Denne krisa gjorde at landa begynte å kritisere kvarandre. Dei skulda på kvarandre. Samtidig meinte nokon at EU kunne slette noko av gjelda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Myntstabel

Fred og demokrati

Etter andre  verdskrigen vart Europa delt i to mellom aust og vest. Berlinmuren i Tyskland var eit bevis på det. Då muren vart riven i 1991, kunne aust og vest samarbeide igjen. Fleire land i Aust-Europa vart derfor medlemmar av EU.

EU var òg med på å gjere Tyskland og Frankrike til venner igjen etter andre verdskrigen.

I 2012 fekk EU Nobels fredspris for fredsarbeidet sitt i Europa. EU er òg ein stor pådrivar for menneskerettar i Europa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Berlinmuren

EU og covid-19

EU har ikkje hatt det enkelt med finanskrise, Brexit og covid-19. Under pandemien med covid-19 prøvde EU å hjelpe alle medlemslanda med vaksinar. Denne avtalen gjeld òg for Noreg.

Covidvaksine i EU

Vegen vidare

EU har godkjent prosjektet “Green Deal” for å komme ut av krisa etter pandemien.

I Noreg er det framleis stor usemje om EU er bra eller ikkje. Det kan bli ny folkeavstemming om å bli medlem.

Kva er Green Deal?

Green Deal

Kjelder:

  • Claes, Dag Harald; Hveem, Helge; Tranøy, Bent Sofus:
    Global økonomi, krise og politisk styring (2012)
    Oslo. Universitetsforlaget.

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Nrk skole
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Nrk skole
    8. Getty Images
    9. Nrk skole
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images – YouTube