Læreplantilkobling

Fag

Samfunnsfag

Core Kjerneelementer

  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Berekraftige samfunn
  • Identitetsutvikling og fellesskap

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
10. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd

EU – Den europeiske unionen

Kvifor vart EU oppretta, og når skjedde det? Det starta som eit fredsprosjekt i Europa, men har støytt på mange utfordringar.

Accessibility icon EU – Den europeiske unionen

Frå krig til fred

Etter første og andre verdskrigen låg Europa i ruinar etter mange år med konfliktar og krig.
Tysdag 9. mai 1950 foreslo den franske utanriksministeren, Robert Schuman, å opprette noko han kalla Den europeiske kol- og stålunionen. Ideen vart utarbeidd av den franske diplomaten Jean Monnet. Hensikta var å få landa til å samarbeide om handel og økonomi, framfor å gå til krig med kvarandre. Avtalen tredde i kraft 25. juli 1952, og var starten på det vi i dag kjenner som EU.
Dei første landa som var med i unionen var Tyskland, Frankrike, Italia, Belgia, Nederland og Luxembourg.

Kullfabrikker

Dei fire fridommane

Det EU byggjer heile organisasjonen sin på, er dei fire fridommane som tok utgangspunkt i Romatraktaten frå 1957. Romatraktaten var ein avtale om eit økonomisk samarbeid over landegrensene. Målet var å skape ei fri rørsle av varer, tenester, kapital og personar innanfor unionen.

Dei fire fridommane til EU er …

  • … fri flyt av tenester. Viss ein kommune skal byggje eit nytt rådhus, må dei leggje ut dette på anbod. Då kan alle byggjeselskap frå EU konkurrere om å få byggje det. Dei som har det beste tilbodet, vinn anbodet.
  • … fri flyt av kapital. Pengar kan setjast inn i bankar kvar som helst i EU.
  • … fri flyt av varer. EU-land kan selje varene sine til andre EU-land utan å betale ekstra toll (avgift).
  • … fri flyt av menneske. Alle i EU kan flytte til eit anna EU-land for å jobbe og studere.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Containerskip

Historia om EU

 

 

 

 

 

 

Utviding og funksjon

Etter Romatraktaten har EU utvida seg med fleire medlemsland og fått fleire politiske funksjonar. EU har ein stor påverknad på kvardagen vår. Maten vi et, medisinar, tryggleik og forsking blir regulert av EU. Samtidig har EU strenge krav til kven som kan bli medlem. Eit av hovudkriteria er at landet må vere demokratisk og knyte til seg EUs menneskerettsdomstol. Derfor vil mange påstå at EU har vore ein stor pådrivar av demokrati i Europa.
Sidan 2020 har EU bestått av 27 medlemsland.

EU

Dei viktigaste institusjonane til EU

Europaparlamentet
EU-borgarar stemmer inn 705 politiske representantar som blir fordelte ut ifrå den politiske tilhøyrsla deira, ikke utifrå nasjonaliteten deira. Her finn vi til dømes dei grøne, sosialdemokratar og venstreradikale.

EU-parlamentet har ansvar for lovgjeving, kontroll av utøvande styresmakt og budsjettering. Derfor kan ein nesten seie at parlamentet er den lovgjevande makta i EU. Parlamentet ligg i Brussel, Belgia.

📷  Europaparlamentet i Brussel.

Europakommisjonen
Kommisjonen har den utøvande makta i unionen og har ein president som blir vald av EU-parlamentet. Sitjande president frå 2019 er tyske Ursula von der Leyen. Kommisjonen førebur saker til dei andre institusjonane, og han overvaker at dei andre EU-landa følger lovene. Kommisjonen er i Brussel, Belgia.

Ministerrådet
Rådet er sett saman av nasjonale ministrar for å diskutere ulike saker. Til dømes kan finansministrane i alle EU-landa samlast for å diskutere lovendringar i banksektoren.

Euroen og Den europeiske sentralbanken
I 2002 vart euroen innført i land som Tyskland, Frankrike, Spania, Italia, Belgia og Nederland. Euro er ei felles mynteining som skal gjere det enklare å handle i EU, og også enklare å styre økonomien frå EU.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
EU-parlamentet

EU og Noreg

EU er Noregs viktigaste handelspartnar, men Noreg er ikkje medlem i EU. Det har den norske befolkninga sagt nei til to gongar. I 1972 og 1994 var det folkeavstemming om Noreg skulle bli medlem i EU.
Valkampane var ganske tøffe med heftige diskusjonar mellom partia som var for (Arbeidarpartiet og Høgre) og partia som var mot (Senterpartiet, SV og FRP). Under folkeavstemmingane var det organisasjonen Europabevegelsen som var for EU, og Nei til EU som var imot.

Sjølv om Noregs befolkning stemte nei til EU, fekk Noreg likevel ein handelsavtale. Avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS-avtalen) gir Noreg, saman med Island og Liechtenstein, tilgang til den indre marknaden til EU.  Dette medfører at Noreg må godta ein del lover frå EU sjølv om vi ikkje sit i Europaparlamentet. På den andre sida sikrar Noreg at EØS-avtalen ikkje berører Noregs landbruks- , fiskeri- og oljepolitikk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Norge og EU flagg

EØS og norske bønder

 

Brexit

Storbritannia har lenge vore medlem av EU, men har ofte vore usamd i politikken som kjem frå Brussel. I 2016 heldt Storbritannia ei folkeavstemming om dei skulle «bli» eller «forlate» EU. Britane stemte for å melde seg ut av EU, men det tok lang tid før dei vart samde med EU om korleis dei skulle skilje lag. Det kom til ei semje i januar 2021.

Vi kallar Storbritannias avskjed med EU for Brexit (av «Britain» og «exit»). Ein del av kritikken mot Brexit er at organisasjonane som var for å melde seg ut av EU, fokuserte mest på innvandringspolitikk. Dei snakka mindre om ulempene med å melde seg ut.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brexit ballonger

Forløpet til Brexit

 

Utfordringane til EU

Sjølv om EU ofte får anerkjenning for å skape fred og stabilitet i Europa etter andre verdskrigen, har EU hatt store utfordringar.
I 2008 vart mange land i EU utsette for ei finanskrise som medførte stor arbeidsløyse i fleire land og høg gjeld. Hellas var eit av landa som vart kraftig råka av finanskrisa og måtte få hjelp frå EU.

Finanskrisa medførte ein del misnøye med EU. Landa i nord følte at dei måtte betale for feila til landa i Sør-Europa. Landa i sør var misnøgde med å måtte gjere store nedskjeringar i velferdsstaten for å nedbetale store lån frå EU.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Myntstabel

Fred og demokratisk utvikling i Europa

I 2012 fekk EU anerkjenning for arbeidet sitt med fred og demokratisk utvikling i Europa ved å få tildelt Nobels fredspris.

EU får anerkjenning for forsoninga mellom Tyskland og Frankrike etter andre verdskrigen.

På 1980-talet jobba EU for demokratiseringa av Hellas, Portugal og Spania. På starten av 1990-talet skapte Berlinmurens fall høve til medlemskap i EU for ei rekkje nye land i Aust-Europa.

Skiljet mellom aust og vest i Europa er i stor grad brote ned. Demokratiet er styrkt i mange land, og fleire nasjonale konfliktar er avslutta.

EU er òg ein stor pådrivar for menneskerettar i Europa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Berlinmuren

EU og covid-19

EU har ikkje hatt det enkelt med finanskrise, Brexit og ein global pandemi. Under pandemien med covid-19 prøvde EU å styrkje rolla si ved å lage avtalar med alle medlemslanda for å sikre seg vaksinar. Denne avtalen gjeld òg for Noreg.

Covidvaksine i EU

Vegen vidare

EU har godkjent prosjektet “Green Deal” for å komme ut av krisa etter pandemien. Avtalen har som mål å gjere EU meir berekraftig og miljøvennleg.
I Noreg er EU-debatten sett på vent, men under stortingsvalet i framtida vil det sannsynlegvis bli nye debattar om korleis Noreg skal forhalde seg til EU og til EØS-avtalen.

Kva er Green Deal?

Green Deal

Kjelder:

  • Claes, Dag Harald; Hveem, Helge; Tranøy, Bent Sofus:
    Global økonomi, krise og politisk styring (2012)
    Oslo. Universitetsforlaget.

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Nrk skole
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Nrk skole
    8. Getty Images
    9. Nrk skole
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images – YouTube