Fagforeiningar –
arbeidarane sine støttespelarar

Noreg blir ansett som eit av verdas beste land å bu i, mykje takka vere fagforeiningane. Men kva er ei fagforeining, og kva jobbar dei med?

Arbeidsgiver med grå dress og arbeidstaker i gul vest gir hverandre et håndtrykk.
Arbeidsgiver med grå dress og arbeidstaker i gul vest gir hverandre et håndtrykk.

Kva er ei fagforeining?

Ei fagforeining skal sørgje for at dei som jobbar, har det bra på arbeidsplassen. Over halvparten av alle som jobbar i Noreg, er medlem av ei fagforeining. Det er medlemmane som vel leiarane i fagforeininga.

Lønn og arbeidstid

Lønn og arbeidstid er viktig for alle som har eit arbeid. Fagforeiningane skal jobbe for at alle har lønn dei kan leve av og moglegheit for fri og ferie.

Oppseiingsvern

Tilsette på ein arbeidsplass kan ikkje berre miste jobben sin. Då skal det vere ein veldig god grunn til det. I Noreg har vi nemleg lover mot dette. Vi kallar det oppseiingssvern.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrasjon av en mann med dokumentmappe og briller som blir knipset bort av en stor sort hånd.
Illustrasjon av en mann med dokumentmappe og briller som blir knipset bort av en stor sort hånd.

Lønn til å leve av

Då fagforeiningane vart danna på slutten av 1800-talet, kjempa dei ofte om lønn og arbeidstid. Arbeidarane måtte ha ei lønn dei kunne leve av. Samtidig måtte dei òg ha ferie og fritid. I 1899 vart det vi kallar Landsorganisasjonen i Noreg (LO), stifta.

Kvinner jobber på fabrikk
Kvinner jobber på fabrikk

Politikarane må ta gode val

Fagforeiningane skal påverke politikarar til å ta gode val. Både når det gjeld lover og økonomi. Dei som arbeider, skal oppleve tryggleik på arbeidsplassen.

Stortinget
Stortinget

Hovudorganisasjon og fagforeiningar

Fagforeiningar jobbar for éi eller fleire yrkesgrupper. Ein hovudorganisasjon jobbar for fleire fagforeiningar.

📷   LO-bygget i Oslo. Foto: Hanna Alice Johnsen/LO

Hovudorganisasjonar

I Noreg har vi fire hovudorganisasjonar på arbeidstakarsida. Tala er frå 2022.

LO (Landsorganisasjonen i Noreg)

Noregs største hovudorganisasjon med 25 fagforbund og 970 000 medlemmar.

YS (Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund)

Organisasjonen består av 12 fagforbund og har 229 000 medlemmar.

Unio (Hovudorganisasjon for universitets- og høgskuleutdanna)

Unio består av 14 fagforbund og 389 000 medlemmar.

Akademikarane

Organisasjonen har 245 000 medlemmar frå fagforbund frå høgare utdanning.

Fagforeiningar

Ulike yrkesgrupper tilhøyrer ulike fagforeiningar:

  • Utdanningsforbundet for mellom anna lærarar
  • Sjukepleiarforbundet for sjukepleiarar
  • Tømrar og Byggfagforeininga for tømrarar og snikkarar
  • Yrkestrafikkforbundet for yrkessjåførar
  • Norsk journalistlag for mellom anna journalistar
  • TEKNA for ingeniørar og teknologar
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
LO-bygget i Oslo sette fra utsiden med logoen til LO stående ut fra veggen.
LO-bygget i Oslo sette fra utsiden med logoen til LO stående ut fra veggen.

Tariffavtale

Dei fleste arbeidsplassar har det vi kallar tariffavtalar. Dette er ein avtale mellom ei fagforeining og ein arbeidsplass. Avtalen bestemmer mellom anna kva slags lønn du har krav på, og kor lang arbeidstid du har.

To personer skriver under på en kontrakt.
To personer skriver under på en kontrakt.

Hovudoppgjer og mellomoppgjer

Annakvart år er det forhandlingar om slike tariffavtalar. Dette blir kalla eit hovudoppgjer. Då må arbeidsplassen og fagforeininga bli einige om gode løysingar for dei tilsette. Mellom kvart hovudoppgjer blir det berre forhandla om lønnstillegg. Dette blir kalla eit mellomoppgjer.

Konkurranse om dei same varene

Mykje norsk industri er utsett for konkurranse frå utlandet. Dei industriane som er det, forhandlar først under hovudoppgjeret. Desse forhandlingane og resultata av dei styrer korleis resten av hovudoppgjeret blir.

Konkurranseutsett industri

Mykje norsk industri er utsett for konkurranse frå utlandet. Denne industrien forhandlar først under hovedoppgjeret. Desse forhandlingane styrer korleis resten av hovudoppgjeret blir.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lastebil, tog, fly og containerskip som illustrerer hvordan handelsvarer transporteres i verden.
Lastebil, tog, fly og containerskip som illustrerer hvordan handelsvarer transporteres i verden.

Streik

Viss fagforeiningane opplever at dei ikkje får gjennomslag for krava sine, kan det bli streik. Då kan delar av Noreg stoppe heilt opp. Dette er det sterkaste verkemiddelet ei fagforeining har. 

Streikende på en fabrikk ser opp på sjefene som står i en trapp over dem.
Streikende på en fabrikk ser opp på sjefene som står i en trapp over dem.

Mange konkursar

Det er ikkje alle bedrifter som kan møte krava til fagforeiningane. Det har dei ikkje økonomi til. I verste fall må bedrifta leggje ned, og mange mistar jobbane sine.

Bedrifter som jobbar på ein miljøvennleg måte, kan få økonomisk hjelp til å klare seg, så lenge dei produserer noko som er nyttig for folk og samfunn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forretningsmann river seg i håret foran en rød kurve som først peker opp, for deretter å peke rett ned.
Forretningsmann river seg i håret foran en rød kurve som først peker opp, for deretter å peke rett ned.

Kven bestemmer lønna di?

I Noreg er det som regel tariffavtalane til fagforeiningane på arbeidsplassen som bestemmer kva lønn du får. Du må ikkje vere medlem av ei fagforeining for å få tarifflønn, men bedrifta du jobbar i, må ha ein tariffavtale.

Overleve på éin fulltidsjobb

I utlandet er det yrke som ikkje finst i Noreg. Det kan vere posepakkarar i matbutikk eller toalettvakt. Det er ikkje så lett å klare seg på den eine lønna, og mange må ha fleire jobbar.

I Noreg skal ein klare seg greit på éin fulltidsjobb. I andre land må ein kanskje ha fleire jobbar for å overleve. I Noreg er det ikkje mange som må det, samanlikna med andre land.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Norske pengesedler stikker opp fra en sort lommebok i skinn.
Norske pengesedler stikker opp fra en sort lommebok i skinn.

Gir utdanning automatisk jobb?

Lønningane i Noreg er høge samanlikna med ein del andre land. Derfor blir det kravd høg utdanning for å få ein del jobbar. Sjølv om du utdannar deg, er det ikkje sikkert du får draumejobben. Kvifor ikkje, trur du?

Bør du organisere deg?

I Noreg har vi ei arbeidsmiljølov. Ho skal sørgje for trygge og gode arbeidsplassar. Det er viktig at fagforeiningane passar på at lova blir følgd. Fagforeiningane står sterkare med mange medlemmar, og dei kjempar for rettane DINE.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung student studerer noe i et mikroskop.
Ung student studerer noe i et mikroskop.

Brot på arbeidsmiljølova

Har du ein sommarjobb eller kveldsjobb etter skulen? Då må du passe på at du har ein skriftleg arbeidskontrakt som dekkjer rettane dine. Be om hjelp viss du opplever vanskelege ting på jobb.

Sommarpatrulje

Kvart år reisar LO sin sommarpatrulje rundt i Noreg og besøkjer ungdommar på arbeidsplassen deira. Mange sommarvikarar under 18 år opplever nemleg at arbeidsmiljølova blir broten.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung jente jobber i en kaffebar.
Ung jente jobber i en kaffebar.

Medlemsfordelar

Du får mange fordelar som medlem av ei fagforeining. Det kan vere billigare forsikring på bil, rimelegare lån på leiligheit eller rabatt på underhaldningsparkar, festivalar og hotell.

Stående publikum foran en musikkscene med mange lyskastere.
Stående publikum foran en musikkscene med mange lyskastere.

Kvifor er nokon skeptiske?

Mange vel å ikkje organisere seg. Dei meiner at fagforeiningane ikkje gjer nok for dei. Samtidig meiner mange at dei kan ordne opp sjølve, og at det er for dyrt å bli medlem av ei fagforeining.

Studiobilde av en skeptisk mann.
Studiobilde av en skeptisk mann.

Treng vi fagforeiningane?

Takka vere fagforeiningane har vi det tryggare og betre på arbeidsplassane våre enn i mange andre land. Fagforeiningene er derfor gode hjelparar og støttespelarar som skal passe på at arbeidsfolk blir  behandla rettferdig.

En gruppe mennesker hjelper hverandre opp på en fjelltopp.
En gruppe mennesker hjelper hverandre opp på en fjelltopp.

Kjelder:

  • Gisle, Jon; Stokke, Torgeir Aarvaag; Thingsaker, Bjørn: fagforening i Store norske leksikon på snl.no. Henta 13. juni 2022 frå https://snl.no/fagforening

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Foto: Hanna Alice Johnsen / LO
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images – YuoTube
    13. Getty Images
    14. Getty Images