Kvifor streikar vi?

Våren 2021 streika mange tusen menneske i Noreg. Det var lærarar, helsearbeidarar og andre tilsette i kommunane. Kvifor streika dei eigentleg? Kva for ein rett har nokre til å stanse jobben sin for å streike? Går ikkje dette ut over nokon andre?

Accessibility icon Kvifor streikar vi?

Kva er streik? 

Ordet «streik» kjem frå det engelske ordet «strike» som betyr ‘slå’ eller ‘slå til’.

Viss det blir usemje – ein såkalla tvist – mellom arbeidstakar og arbeidsgivar, kan det bli streik. Då stansar dei tilsette arbeidet sitt.

Éin arbeidstakar kan ikkje streike når han eller ho vil. Ein må vere medlem i det vi kallar ei fagforeining. Då er det mange med same yrke som streikar.

Ein streik kan gå ut over andre som ikkje er i streik. Matbutikkar kan stengje, og sjukepleiarar kan stanse arbeidet. Det er meir kritisk enn å stengje ein svømmehall.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Storstreik i Oslo 28. januar 2015
Storstreik i Oslo 28. januar 2015

Når fekk vi streikerett?  

Gjennom alle tider har det vore  usemje på arbeidsplassar. Arbeidarar har kravd rettferdig løn og eit trygt arbeidsmiljø.

På 1800-talet fekk mange jobb på fabrikkar eller i gruver. I gruvene fann dei sølv og jern. Arbeidet kunne vere livsfarleg.

Arbeidarane tente lite pengar, mens eigarane ofte vart rike. Derfor kunne forholdet mellom desse bli vanskeleg.

Streik var forbode fram til slutten av 1800-talet. Den første lovlege streiken i Noreg kom i 1889. Då streika jentene på ein fyrstikkfabrikk i Kristiania. Byen heiter Oslo i dag.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fra fyrstikkarbeiderstreiken i oktober 1889, da jentene ved fyrstikkfabrikkene Bryn og Grønvold la ned arbeidet.
Fra fyrstikkarbeiderstreiken i oktober 1889, da jentene ved fyrstikkfabrikkene Bryn og Grønvold la ned arbeidet.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!