Kva er «fake news»?
«Fake news» kan vere tilsynelatande ufarlege løgner. Men i verste fall kan dei ende opp med å utfordre demokratiet og bidra til danninga av valdelege rørsler.
Kva er «fake news»?
Kort forklart er «fake news», eller falske nyheiter, oppdikta informasjon. Det kan vere løgner, usanning eller propaganda. Desse blir gjerne laga av useriøse nettsider og spreidde i sosiale medium.
Fake News-logo
Kvifor lagar nokon falske nyheiter?
Det er to hovudårsaker til at folk ønskjer å spreie falske nyheiter eller desinformasjon. Nokre gjer det ut frå politiske interesser, fordi dei ønskjer å påverke meiningar og haldningar i samfunnet. Andre ønskjer å tene pengar.
Mørk bakgrunn
Døme 1:
Vaksinemotstandarar
Det er ein del vaksinemotstandarar som meiner at vaksinasjon av barn kan føre til autisme. Denne påstanden finst det ikkje vitskaplege bevis for, men desinformasjonen har spreidd seg gjennom sosiale medium og nådd fram til mange. Ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO) er vaksinemotstandarar ein av dei største truslane i verda.
Vaksine
døme 2:
«China virus»
I 2020 var det fleire amerikanske politikarar, mellom anna tidlegare president Donald Trump, som påstod at koronaviruset var laga i eit laboratorium av kinesarar for å knuse den amerikanske økonomien. Denne ubekrefta nyheita spreidde seg raskt blant Trumps tilhengjarar på sosiale medium.
Det motsette skjedde i Kina. Der vart det påstått at viruset var planta i Wuhan av amerikanske soldatar.
Donald Trump på talerstolen
Politiske rørsler
Falske nyheiter startar ofte med udokumenterte påstandar og konspirasjonsteoriar. Målet er gjerne å få meir makt eller å skape sosiale og politiske rørsler. Slike konspirasjonar kan ende opp med å utfordre demokratiet og bidra til auka vald.
Knyttede never
Døme 3:
Holocaust
Nazistane i Tyskland under andre verdskrigen laga propaganda om at jødane hadde skulda for at Tyskland sleit økonomisk på 1930-talet. Desinformasjonen var effektiv og førte til ei forfølging av jødar som endte i det vi i dag kaller Holocaust; folkemord på meir enn 6 millionar jødar.
Mørk bakgrunn
døme 4:
QAnon
QAnon er ein konspirasjonsteori som er skapt for å auke oppslutninga om Donald Trump. Teorien går ut på at verda blir styrt av ein mektig og djevelsk elite. Denne eliten blir påstått å bestå av mellom anna politikarar frå det demokratiske partiet, Trumps motstandarar. Tilhengjarane av denne teorien tyr lett til vald, og var blant dei som storma kongressen i Washington D.C. 6. januar 2021.
Stormingen av kongressen i USA
«Fake news spread fast»
Den største utfordringa i kampen mot falske nyheiter i dag, er at dei kan spreie seg så raskt. Desinformasjonen kan delast på Internett og sosiale medium av alle som ønskjer det. På denne måten får veldig mange sjå nyheitene på kort tid, og mottakarane blir utfordra til å filtrere ut den falske informasjonen, noko ikkje alle klarer. I verste fall trur lesarane på den oppdikta informasjonen og deler han vidare i eigne kanalar.
Forstørrelsesglass
Kjelder:
- Medietilsynet (09.01.2021): Slik avslører du desinformasjon og falske nyheter https://www.medietilsynet.no/mediebildet/slik-avslorer-du-falske-nyheter/
- Kildekompasset (09.01.2021): Hva er kildekritikk?
https://kildekompasset.no/kildekritikk/
- Orgeret, Kristin Skare: kildekritikk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 5. mars 2021 frå https://snl.no/kildekritikk
- Banik, Vibeke Kieding: Holocaust i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 5. mars 2021 frå https://snl.no/Holocaust
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Faktisk – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Gage Skidmore (CC BY-SA 2.0)
-
Getty Images
-
Bundesarchiv (CC BY-SA 3.0)
-
Tyler Merbler (CC BY 2.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-