Falsk lykke

Rusmiddel påverkar den delen av hjernen vi kallar påskjønningssenteret. Rusmiddel kan raskt gi oss ei kjensle av å vere avslappa, glad eller lykkeleg. Ulike rusmiddel har ulik effekt på oss, og håpet om ein pause frå kvardagen, eller ønske om å kjenne likesæle, kan gjere rusmiddel freistande. Kan ein finne lykke i botnen av ei flaske, i enden av ein joint eller gøymt i kvitt pulver? Sjølvsagt ikkje! I denne teksten skal vi sjå nærare på kvifor.

Kvifor er det farleg?

Det er farleg å bruke rusmiddel. Kor farleg det er, kjem an på kva rusmiddel ein bruker. Nokre rusmiddel skader kroppen vår fysisk, medan andre påverkar oss mentalt.

I tillegg er ein meir utsett for ulykker, vald og seksuelle overgrep når ein er rusa. Nedsett dømmekraft og dårlegare sjølvinnsikt gjer at ein kan ta dårlege val, som ein må leve med lenge etter at rusen er over.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulovleg

Rusmiddel er skadelege, og derfor er dei også ulovlege. Ein bryt lova viss ein kjøper alkohol før ein fyller 18 år, eller viss ein serverer eller gir alkohol til nokon under 18 år. Denne aldersgrensa skal verne oss fordi alkohol skader kroppen og er uheldig for samfunnet. 

Når det gjeld ulovlege rusmiddel, som kokain, cannabis, MDMA, GHB, eller amfetamin, er dette ulovleg å lage, smugle, kjøpe, selje, oppbevare, ha på seg eller bruke. Ein kan altså bli straffa viss ein bryt denne lova.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Å leike med livet

Ulovlege rusmiddel blir laga, transporterte og selde utan at nokon har kontroll på dette. Alt dette skjer i kriminelle miljø som berre tenkjer på å tene mest mogleg pengar.

Mange ulovlege rusmiddel blir blanda med andre stoff. Det kan vere andre rusmiddel eller fyllstoff. Det er også stor forskjell på kor sterke rusmidla er, altså kor mykje verkestoff det er i dei.

Dei som sel ulovlege rusmiddel, veit ofte ikkje kva dei inneheld, og ein kan aldri vite sikkert korleis eit ulovleg rusmiddel vil påverke ein, sjølv om ein har prøvd det før. Det er alltid fare for at ein kan bli alvorleg skadd, eller at ein kan ta ein overdose og døy. Det er som å leike med livet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Mange blir avhengige

Viss ein bruker rusmiddel ofte, kan ein utvikle toleranse. Det betyr at ein må ha meir av stoffet for å oppnå den same verknaden. Ein kan også slutte å gle seg over ting ein likte å gjere før, og føle at ein treng rusmiddel for å ha det bra. Då er vegen til avhengnad veldig kort.

Kokain

Kokain er eit ulovleg rusmiddel, og det er sagt at det får oss til å kjenne oss uovervinnelege. Men er det sant? Brukar vi kokain ofte, vil hjernen slutte å produsere påskjønningsstoff. Viss ein sluttar, kan produksjonen komme i gang igjen, men mange får varige depresjonar. Dei kjenner seg nedstemte heile tida, utviklar angst,  blir mistruiske og opplever uro og søvnløyse. Ein kan trygt seie at kokain ikkje gjer oss særleg lykkelege!

Ekte lykke

Det kan vere freistande å prøve å kjøpe lykke, men ingen kan kjøpe lykke på flaske eller blanda i eit narkotisk stoff. Ingen blir lykkelege av skadar, straff, overdosar og depresjonar. Det er betre å le godt, vere saman med nokon du er glad i, gle ein annan, springe ein tur eller høyre på favorittlåta di – det er EKTE kvardagslykke!

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay